Bøker

Stort sorgarbeid, men òg med den atwoodske barske humor

Når Margaret Atwood vender attende til poesien er det med ei diktsamling som sameinar sorgarbeid og sivilisasjonskritikk i eit suverent poetisk språk.

Margaret Atwood er her i landet fyrst og fremst kjent som romanforfattar, ikkje minst som forfattaren av Tjenerinnens beretning (The Handmaid’s Tale) gjennom fjernsynsserien med same namn.

Men det var som lyrikar ho fyrst vart eit namn i canadisk og internasjonal litteratur.

Urovekkjande innsyn

For å vera privat: For meg, som byrja interessera meg for canadisk litteratur på 1960-talet, vart Atwood eit viktig førebilete blant lyrikarar. Det var diktsamlingar, særleg The Circle Game (1964), som bringa eit urovekkjande innsyn i korleis vond og mørk røyndom kan løyna seg under det tilsynelatande uskuldige og venlege. Det var òg ein lærdom frå hennar poetiske metode i korleis ho sette saman ulike perspektiv eller syn på same ting eller hending, og kva som finst attom vår sansing av fenomena.

Ho har gjeve ut ei lang rad diktsamlingar sidan debuten i 1961. Det gjekk heile ti år frå (hittil) nest siste samlinga Interlunar til Morning in the Burned house (1995). Og det er denne siste, hennar tilbakevending til poesien etter fleire store romanprosjekt, som no er kome på norsk i attdikting ved Anne Karin Torheim.

«Morning» og «mourning»

Boka er delt inn i fem avdelingar som utgjer eit stramt komponert heile. Ordet «morning» i tittelen minnar om «mourning», sorg. Og det er ei viktig line gjennom dei tematisk elles ganske ulike dikta: Sorg over alt det tapte, sorg over det som fylgjer av tapet - som til dømes aldring og oppløysing, men òg sorg over grådugskap, dehumanisering, nedbryting av både natur og menneskeverd.

Sorg og sinne. Dette er jo for så vidt tema som Atwood har engasjert seg i gjennom storparten av forfattarskapen, men aldri så spissa som i summen av desse dikta. Ho er jo òg kjent for sitt feministiske engasjement, og her kjem det mellom anna fram i ein del opprørande skildringar av kvinner i fjern og nær fortid.

Tap og depresjon

I fyrste avdeling vert vi introdusert for eit gjensyn med det tapte, sett med ein slags draumelogikk: Ho er attende i «rommet/ der du alltid/ har budd, Du seier:/ kva er det som har hendt/ mens eg var borte?». Ho har alltid vore der men likevel vore borte, kanskje heilt sidan barndomen som alltid vert med, heilt inn i alderdomen.

---

atwood

Lyrikk

Margaret Atwood

Morgon i det nedbrende huset

Gjendikta av Anne Karin Torheim

Fanfare 2020

---

Denne kjensla av å ha mista, av tap og depresjon, vidareførast i dei dikta som fylgjer i avdelinga. Her er einsemd og her er død, ofte omtala med ein barsk humor eller ironi.

I siste diktet i denne avdelinga, «Raudreven», er illusjonen om humanitet fråverande: Det er rått, ingen grenser for kor langt folk er viljuge til å gå for å få det dei vil ha. Men vi blir òg minna om at «Hans/ og Grete blei sette ut i skogen/ fordi foreldra deira svalt.»

Overgrep mot kvinner

I dei fylgjande to avdelingane møter vi forfattarens vreide over ulike typar tap: Det er aldringa, øydelegging, forspilte sjansar, offer for valdsbruk og - til slutt - død.

Her finn vi fleire historiske kvinneportrett: Det gjer inntrykk å lesa om Mary Webster som vart hengd som heks på 1680-talet fordi ho kjende naturmedisin mot sjukdomar og dessutan hadde «bryst,/ og ei søt pære gøymt i kroppen min». Men ho overlevde og vart kjend som den halvhengde Mary som alle vart redd for.

Overgrep og forfylgjng av kloke, sjølvstendige kvinner med kjønn og eigenvilje er ikkje noko nytt i Atwoods forfattarskap, men igjen - her er ho til stades med ein veldig intensitet.

Aldring, demens og død

I fjerde avdelinga er opplevinga av tap knytt til farens sjukdom og død. Dette er poetisk sorgarbeid som går heilt inn til mergen av den smerta det er å ta sakte avskil med ein elska far, og dermed delar av seg sjølv. Dikta er direkte, og dei blandar på effektivt vis vemodet og ettertanken med det heilt konkrete som skjer når ein eldest og visnar bort, mentalt og fysisk.

Biografien fortel at faren døydde av ein kreftsjukdom medan dikta skildrar symptom på auka grad av demens, slik vi kjenner det frå alzheimersjukdom: «Men ein eller annan stad inni der, lengst inne i tunellen/ av smerte og gløymsle han er fanga i/ finst den same faren eg kjende før».

Kjende og ukjende krefter

Jostein Sæbøe har skrive om hovudmetaforen det nedbrende huset, at denne «blir variert og kontrastert gjennom store delar av samlinga. Kjende og ukjende krefter tærer og bryt ned alt omkring eg-figuren i dikta, ho er omgitt av brannar, erosjon, valdsverk, sjukdom, død og forsvinning. Men det kjem alltid ein ny morgon i det nedbrende huset, og tida fjernar alle spor etter dei svarte branntomtene.»

Sjå, tenk og lev med

I titteldiktet, som avsluttar femte og siste avdeling, samlar ho dikta som i ein sirkel der opphav og ende møtest i ei sorg over tapt liv og korleis vi har har unngått å sjå og ha medlevande medvit om menneske, dyr og natur på livsvegen.

Det er eit stort sorgarbeid, dette, men òg med den atwoodske barske humor, hennar opprør mot all undertrykking og skarpe sivilisasjonskritikk. Moralen er heile tida: Ver merksam. Sjå, tenk, ver medlevande.

Ei von

Titteldiktet «Det nedbrende huset» sameinar òg det irrasjonelle elementet i fleire av dikta med sivilisasjonskritikken. Husets «sjel» er her sentral, og barnet som går gjennom det mørke, brannskadde, øydelagde og den trugande vondskapen gjev ei slags von om ein ny morgon – både for barnet som «alltid» har budd i dette huset som brende ned, og for vår sivilisasjon.

Gjendikting av poesi er ein krevjande kunst. Stort sett tykkjer eg Anne Karin Torheim har kome godt frå det. Rett nok ville eg vel ha funne andre formuleringar sume stader. Men så er ho òg svært heldig andre stader, som til dømes i diktet «Red Fox» der ho ikkje berre vel ei komfortabel løysing med at raudreven kryssar isen, men innfører den velkjende nordiske songleiken «Reven raskar over isen». Dét er godt døme på medskapande gjendikting.

LES OGSÅ:

Houellebecq og ­Schopenhauer: Møte ­mellom to ­pessimister

Gunnhild Øyehaug lar teksten flyte motsrøms


Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker