Bille August står allereie skriven inn i filmhistoria som ein av dei fremste danske filmregissørane gjennom tidene. Vi kjenner han mellom anna som regissør av suksessane Jerusalem (1996), Åndenes hus (1993) og Den gode viljen (1992).
Den aller meste kjente filmen hans, Pelle Erobreren (1987), skaffa han både ein Gullpalme i Cannes, prisen for beste film både i Sverige (Guldbagge) og Danmark (Bodil), samt ein Golden Globe og ein Oscar for beste utanlandske film.
Då begynner vi å snakke.
På 2000-talet har det, med unntak av Nelson Mandela-filmen Farvel Bafana frå 2007, vore ein god del stillare rundt Bille August. Med den nye filmen, Stille hjerte, er han attende i midten av manesjen. Filmen er drivande god, men samtidig så utfordrande at det er vanskeleg å komme unna dei etiske diskusjonane.
LES OGSÅ: Andreasprisen til eksistensiell roadmovie
Filmen krinsar, sjølv om regissøren i intervju framhever relasjonsdramaet, rundt spørsmålet om aktiv dødshjelp. Og han gjer det på ein måte som både rører meg og samtidig får meg til å undre meg over retninga det tar. Motførestellingane finst i høgste grad, men tuftar konklusjonane på ein litt for enkel grunn?
Grå julefest
For å ta det filmatiske først: Bille August har vald seg eit perfekt landskap til å situere historia han vil fortelje. Det er jul og relativt mildt i vêret – med andre ord grått, slik det kan vere i Skandinavia om vinteren.
I dette landskapet har Esther (Ghita Nørby) og Poul (Morten Grunwald) invitert til julefest. Vi forstår likevel fort at det ikkje er snakk om noko normalt juleselskap. Den eldste dottera Heidi (Paprika Steen) er kledd i eit stivt og tjukt lag av bekymringar.
Den litt yngre Sanne (Danica Curcic) er så fortvila når ho og kjærasten Dennis (Pilou Asbæk) parkerer utanfor huset, at ho kastar bilnøklane i vatnet. Vi forstår etter kvart at Sanne har psykiske utfordringar, men at dei i tillegg er trigga av rammene for juleselskapet.
Følg oss på Facebook og Twitter!
Esther har nemleg invitert heile familien heim til seg ein siste gong. Når familien har reist igjen, skal legemannen gi henne ein blanding av pillar så ho kan forlate livet før sjukdommen ALS får grep om henne.
Den aktive dødshjelpa skal kamuflerast som sjølvmord. Derfor er det viktig at Esther får aktiv dødshjelp raskt, før symptoma – som inneber sviktande muskelkraft – gjer eit sjølvmord usannsynleg.
Rått opplegg
Som vi forstår: Det er eit rått opplegg, i all sin intenderte omsorg. I begynninga er det berre Sanne som har skifta standpunkt og likevel er imot dødshjelpa som alle i familien har uttrykt samtykke til.
Sanne kan ikkje gå med på at mora skal døy når ho framleis kan ha gode dagar. Søstera Heidi argumenterer med at faren veit best, og at mora sjølv har ønskt det, men etter kvart dukkar det opp kilar av tvil også hos henne.
Her innfører Bille August noko som kan minne om thrillerelement, i den elles neddempa og stille forteljinga.
Forknytt
Den hasjrøykande og tilbakelente Dennis får elles ein viktig og lettliva funksjon i den forknytte situasjonen som familien er inne i.
Kanskje tippar det litt over i det komiske når heile familien samlast rundt hasjjointen i ei relativt lang scene. Og det verkar litt anstrengt ungdommeleg og på-tvers-av-generasjonar-aktig når Esther hjelper barnebarnet med kjærleiken via Ipad.
LES OGSÅ: Skremmande katastrofefilm frå Sunnmøre
Filmen blir likevel sjeldan påtatt eller driven av klisjear. Bille August fortel både effektivt og med nødvendige pustepausar. Og skodespelet er gjennomgåande strålande, frå Ghita Nørby som mater familias med døden i sikte til Danica Curcic som dottera på randa av samanbrot.
Lettvint vending
Derimot kan ein altså godt stille spørsmål ved kor vidt Bille August og manusforfattar Christian Torpe lukkast i å diskutere dei etiske problemstillingane rundt aktiv dødshjelp. Kanskje er dette heller ikkje eit mål for filmskaparane, men resultatet er at filmen tek ei vending som verkar lettvint i alt sitt alvor.
Eg skal ikkje seie meir om dette her, men er nokså sikker på at filmen vil skape debatt.
Bille August oppnår uansett å utvide refleksjonsrommet utover konklusjonane til personane i filmen. Desse handlar i stor grad på ein litt tvilsam liberalisme: Dersom noko er greitt for alle involverte, så er det også etisk og moralsk haldbart.
Sterk film
Det er fleire problematiske sider ved Stille hjerte, som ikkje blir lettare av dei offer som sentrale personar i filmen gjer. Såleis er dette ein sterk film, som fortener å bli sett av mange, rost, kritisert og diskutert.