Bøker

På sporet av den tapte tid

Den siste boka til Tore Renberg er ei utforsking av tap. Ved å tørre å vere utidsmessig, er Ingen tid å miste viktig ­samtidslitteratur.

Noko av det fine med Tore Renberg er at han, rett som det er, gjer noko heilt anna enn det som er forventa.

Ingen tid å miste skildrar kva som skjer når ei godt vaksen mor, Edel, og dottera Tove har blitt ­einige om å møtest kvar onsdag etter Edel har blitt enke. Det heile startar i mars 1998 då Edel er 84 år, og boka held fram til februar 2005.

Tida går

Som tittelen peikar på, er romanen ei utforsking av tap og kva som skjer når tida går. Renberg-lesarar veit jo at tidsproblematikken er noko forfattaren har vore opptatt av lenge. I starten på Mannen som elsket Yngve inngår forteljaren ein kontrakt med lesaren: «Okei: Det heter ikke EU, det heter ikke Russland». Dersom lesaren­ skal kunne forstå den 17-­årige Yngve slik han er då romanen startar, må kunnskapen om alt det som har skjedd etter 1989, både når det gjeld storpolitikk, musikk og film, bli suspendert for ei stund.

LEST DENNE? Tore Renbergs Angrep fra alle kanter er en beretning fra Stavangers underklasse

Kinamat og pinnekjøtt

Det store spørsmålet er sjølvsagt korleis det er mogleg å forstå og skrive om noko som ugjenkalleleg er forbi, dei ­dagane som «fantes og ikke gjør det lenger, bare her» som det heiter i den rituelle avslutninga på kvart kapittel i Ingen tid å miste. Boka startar med ei nøyaktig gjennomgang av eit hus i 1998. Det er litt som den klassiske opninga av barneprogrammet Leikestove: «Her er et hus. Her er en dør. Vinduer, 1, 2, 3, 4: Så banker vi på. Hva kommer nå?»  Forteljaren i boka spør lesaren om tinga vi omgir oss med, kan gjere det mogleg å forstå enkeltmenneska som bur der: «Ser vi et liv nå? Hvis et menneske kom inn i disse rommene, kan vi si at vi allerede ­kjenner det, så vidt?»

Tja, truleg ikkje. Men straks forteljaren zoomar inn på ho som bur der, Edel, og ho kjem til orde sjølv, blir derimot det særeigne ved denne 84-årige kvinna tydeleg. Edel er ei sterk kvinne som vil ta regien og som stadig vekk er i stand til å overraske, både andre og seg sjølv. I møte med andre menneske, til dømes på ein kinarestaurant, kan hennar innbitne formeining om at potet høyrer med til all varm mat, plutseleg bli til skamme. Etter eit nytt ribbeinsbrot, rett før jul, overraskar ho både dottera og barnebarnet med å hevde at ho aldri har likt pinnekjøt og derfor vil prøve ut ribbe.

Renbergs mormor

Edel er ei velformulert kvinne med sterke meiningar. Ho er god til å påpeike­ korleis andre, både naboar og hennar eigen familie, kjem til kort. Den eigenarta språktonen og formuleringsevna hennar driv handlinga framover og gjer at lesaren aldri heilt veit korleis det skal gå når mor og dotter møtest. Måten ho talar på er slettes ikkje heva over tid og rom. Edel stammar ikkje frå den lokale overklassa, får vi vite, og snakkar eit tillært finstavangersk. Formuleringsevna hennar gjer at denne einsame, eigenrådige og til tider fordomsfulle kvinna, står fram som noko heilt for seg sjølv og som svært menneskeleg.

Renberg er ikkje ein spesielt løyn­domsfull forfattar. I eit lite etterord fortel han at skildringa av desse onsdagsmøta er inspirert av møta mellom hans eiga mormor og mor, supplert med dei mange breva han sjølv hadde fått av bestemora gjennom ei årrekke.

LES MER: Forfatteren Tore ­Renberg platedebuterer

Det mellommenneskelege

Den eigenarta stemmen vitnar tydeleg om eit liv og ei historie som no er borte. Tapt? Kanskje det, men vi treng det som forteljaren stadig minner oss på, berre litt «oppmerksomhet» og «konsentrasjon» for å kunne kome på sporet av den tapte tida. Og det er viktig «fordi vi har en fornemmelse av at om vi ikke snakker om dem, de som levde i den tiden som er forbi, så forsvinner de».

I etterordet takkar Renberg også si eiga kone for samtalar om «det mellommenneskelige», og mange vil vere glade for at forfattaren oppvurderer det mellommenneskelege som eit viktig kunnskapsfelt. Kva ligg så i omgrepet? Det dreier seg om interesse og kunnskap om ­andre menneske og det som er mellom menneska: Språket. Språket er i stand til å vere det språkforskarar kallar «bar and bond», altså noko som både kan skilje og foreine menneske. Ingen tid å miste viser tydeleg at både språket og menneska forandrar seg. Det mellommenneskelege er ikkje noko tidlaust, tvert om.

Våre eigne liv

Nettopp det ­daterte ved skildringa av møta mellom desse­ kvinnene, forteljingane om noko som ugjenkalleleg er fortid, peikar på det som er annleis og framand. På det viset blir god litteratur også eit møte med noko vi ikkje behøver å kjenne igjen frå våre eigne liv. Det daterte og framande gjer det lettare å sjå notida og liva våre i perspektiv.

Nettopp ved å tørre å vere utidsmessig, er Ingen tid å miste viktig samtidslitteratur. Det er stadig nødvendig å halde minnet om det som var og om dei som har gått føre, ­levande. Også for at vi sjølv skal bli i stand til å leve våre eigne, heilt annleise, men likevel menneskelege, liv.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker