Bøker

På innsida hos Nusra-fronten

Krigen i Syria er komplisert med store dosar vondskap på alle sider. Martyrene prøvar å gje inntrykk av noko anna.

Det er fascinerande å få kome bak kulissane til krigen i Syria, inn i romma der dei mange Youtube-videoane frå islamittiske terrorgrupper vert spela inn. Pål Salahadin Refsdals prosjekt med boka Martyrene er i så måte prisverdig. Boka er i tett slektskap med dokumentarfilmen Dugma – The button som Refsdal vann Amandaprisen for beste dokumentarfilm i 2016. Den gongen portretterte Refsdal eit knippe sjølvmordsbombarar, og fleire av desse får vi følge tett i boka òg. I seg sjølv er dette så interessant at boka bør lesast for å forstå dette uforståelege fenomenet.

Nært og unikt

Refsdal konsentrerer seg i boka om dei jihadistiske krigarane i Nusra-fronten. Vi får følge dei medan gruppa går frå å vere ei opprørsgruppe på offensiven i starten av borgarkrigen, til å bli blant gruppene som ofrar hundrevis av martyrar ettersom ISIL og etter kvart det syriske regimet tek tilbake kommandoen. Vi følger gruppa frå den er ein del av al-Qaida, til den bryt med den ytterleggåande terrororganisasjonen.

Refsdal sitt prosjekt er i utgangspunktet sympatisk som ein sosialantropologisk studie, og metoden hans er prega av å leve tett på intervjuobjekta og gruppene han skriv om. I seks månader fordelt over fem år, har Refsdal vore med dei syriske jihadistane. Gjennom boka får vi innblikk i røynslene hans frå krigen i Tsjetsjenia, Kosovo, Sri Lanka og Afghanistan. Måten han skildrar miljøet, personane og handlingane til Nusra-fronten i Syria, viser styrken med metoden hans. Det er nært og i stor grad unikt. Få andre journalistar og forfattarar har risikert like mykje i Syria. Etter mi meining er det likevel for nært.

Kompleks krig

Undervegs kan eg ikkje fri meg frå spørsmålet som kvernar: Kva perspektiv av framandkrigarane og syriske jihadistar presenterer boka oss for? Er det frå perspektivet til ein undersøkande journalist? Eller er det perspektivet til ein mann som ser ut til å ha eit litt for ukritisk syn på visse islamske terrorrørsler? Stadig lenger ute i teksten blir det tydelegare for meg at det er sistnemnte perspektiv som får dominere, sjølv om det førstnemnte òg er til stades gjennom heile boka.

I starten av boka kan vi lese interessante refleksjonar frå Refsdal om kor vanskeleg det er å skrive ei bok om ein så kompleks krig som denne. Sanninga er det første offeret i ein kvar krig, men i Syria har desinformasjon og propaganda blitt tatt til nye høgder. Det gjer bokprosjekt om krigen så krevjande. Det som for ein part kan vere ein heroisk opprørar, kan for andre partar vere ein ussel terrorist. Derfor betyr perspektivet noko. Kven som ser, og ikkje minst kva ein ser.

For tett på

Som lesar skulle eg gjerne blitt tatt endå tettare inn i dei vurderingane Refsdal gjer. Korleis steller han seg til det intervjuobjekta presenterer han for? Er det sant, det desse jihadistane seier til meg? Det spørsmålet stiller Refsdal altfor sjeldan i teksten, og det bryt ned truverdet til fortellingane og fakta som blir fortald.

Eg får kjensla av at Refsdal er for tett på dei jihadistiske opprørarane til at han klarar å sjå dei andre perspektiva av krigen.

Ta til dømes denne historia om då opprørsgruppa som Refsdal følgjer tett, bestemmer seg for å angripe ein landsby kalla Barouda. Ein av leiarane for gruppa blir drepen av ein tenåring som bur i landsbyen. Opprørarane svarar med å drepe tenåringen. At ein tenåring blir drepen av opprørssoldatane på den måten, vert berre konstatert i ei kald setning: «Noen marokkanere stormer huset og skyter tenåringen.» Ferdig snakka. Medan tapet av islamistleiaren blir skildra på ein heilt annan måte, nærast varmt og nært. Mellom anna slik: «Andre hjelper Abu Achmed opp, tar martyrens kalasjnikov og henter et teppe. Fire unggutter legger kroppen i teppet, tar tak i hvert sitt hjørne og løfter opp.»

Osar sympati

Forfattaren er relativt open om at han sjølv er muslim, og vi får heile vegen lese små drypp med hans perspektiv på det syriske regimet, USA, ISIL og sekulære syriske opprørsgrupper. Likevel blir det ikkje meir enn dei små dryppa, og nettopp det syns eg er det mest problematiske med boka til Refsdal. Dersom han hadde vore opnare og meir ærleg om kva perspektiv han prøvde å prente inn i lesaren, heller enn den litt subtile hintinga, ville eg syns boka var mykje meir interessant og påliteleg.

Slik det står no, får eg ei kjensle av at Refsdal prøver å gi eit objektivt, journalistisk inntrykk av situasjonen i Syria. I realiteten osar boka meir av sympati til dei jihadistiske opprørsgruppene. Det er problematisk med tanke på ideologien gruppene bygger på og overgrepa dei står bak. Kvifor problematiserer ikkje Refsdal dette? Distansen manglar, og når det ikkje blir grunngitt, framstår boka som apologetisk.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker