Film

Nytt terreng for Knutsen & Ludvigsen

Knutsen & Ludvigsen er kjent for sine fantastiske songar med smart nonsenshumor. 
I filmen Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin er humoren ofte plump.

Bilde 1 av 2

Det geniale ved Knutsen & Ludvigsen er at dei klarte å femne både liten og stor med sine fengande melodiar og humoristiske tekstar. Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen står bak ­nokre av dei mest kanoniske norske låtane frå 1970- og 1980-talet, som «Grevling i taket», «Dum og deilig» og «Kanskje kommer Kongen».

Dette er låtar som framleis funkar så det susar, og Knutsen&Ludvigsen appellerer framleis både til vaksne og born. Det er til dømes ikkje lenge ­sidan eg høyrte ein jentegjeng på Norway Cup skråle dei kjente strofene­: «Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme. Det har eg det så fisken i vannet. Vått og kaldt, og breiflabb overalt.»

Klønete skurk

Nettopp Bergen får ein viktig plass i animasjonsfilmen Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin. Her held nemleg den slemme skurken Rasputin til, ein liten og klønete­ fyr med planar om verdsherredømme. Rasputin er nemleg i ferd med å utvikle eit «­marionettserum» som skal få alle i verda­ til å bøye eg for føtene­ hans.

Serumet verkar allereie på rotter, og historia startar der Rasputin kidnappar professor Felle for å tvinge han til å gjere det verksamt også på menneske.

LES MELDINGA AV FILMEN EVEREST: Ein film som viser kor små menneska er

Dottera til professor Felle, Amanda, slepp unna kidnappinga og endar i tunellen der Knutsen, Ludvigsen og grevlingen deira held hus. Plottet i filmen er enkelt og greitt: Knutsen, Ludvigsen, grevlingen og Amanda­ reiser til Bergen for å berge professoren og hindre Rasputin å bli verdsherskar.

Plump humor

Det er Øystein Dolmen sjølv som har skrive manuset til filmen, i samarbeid med Thomas Moldestad. Difor er det overraskande å sjå at ­humoren i filmen ikkje held det same nivået som tekstane til Knutsen&Ludvigsen. Der duoen­ utmerka seg ved smart nonsenshumor, graviterer ­humoren i Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin mot ein ganske så plump tisse- og bæsjehumor.

Gøy for små barn, litt mindre gøy for store.

Ein tidleg versjon av manuset blei i si tid refusert fordi det var «upassande for barn». Problemet denne gongen er snarare det motsette: Knutsen&Ludvigsen passar ikkje lenger like godt for vaksne.

Billige vitsar

Dette er skuffande, og gjer at eg ikkje synest filmen lukkast like godt som ­potensialet i Knutsen&Ludvigsen-universet. Dei vaksne får sine poeng, gjerne i form av høhø-humor, men historia skor seg generelt med for mange billige vitsar.

Historia er rett og slett ikkje god nok. For det er vel eit faresignal når det er dei sju Knutsen&Ludvigsen-låtane i filmen som funkar aller best?

Eg hadde forventa meir av dette­ prosjektet. Samtidig er det er ingen tvil om at regissørane Rasmus A. Sivertsen og Rune Spaans har laga ein fartsfylt animasjonsfilm for dei små, så fullstendig surmaga skal eg ikkje bli.

Hermann Sabado imponerer stort med å imitere avdøde Gustav Lorentzens «fintrøndersk».

– Alf Kjetil Walgermo, meldar

Regissørane samarbeidde også om Pelle Politibil på sporet (2013), som vann Amanda for beste barnefilm. I denne filmen er ei rekke visuelle detaljar, der nokre går ut over bergensarar, fornøyelege. Sidehistoria med Skjelettet og Spøk-Else, der begge har klingande hedmarksdialekt (Eldar Vågan og Maj-Britt Andersen), er også sjarmerande og litt skakk.

Først og fremst ser filmen svært bra ut. Animasjonsarbeidet er gjennomgåande av høg kvalitet, og måler seg mot det beste innan sjangeren.

Dernest må eg nemne stemmene­, der ikkje minst Hermann Sabado imponerer stort med å imitere avdøde Gustav Lorentzens «fintrøndersk». John Brungot er også hundre prosent stødig i rolla som Knutsen, mens Frank Kjosås lykkast svært godt med å etablere ein både vondskapsfull og stakkarsleg Rasputin.

Dolmen og Moldestad har klart å flette inn mange av Knutsen&Ludvigsen-låtane i historia, også i tillegg til dei sju låtane vi får i «fullversjon»: «Grevling i taket», «Godmorgen Norge­», «Gråter når jeg vil», «Savnevise», «Dum og deilig», «Eg ve te Bergen» og «Kanskje kommer Kongen». Låtane er spelte inn på nytt, med John Brungot og Hermann Sabado på vokal – ikkje så lite vågalt, men det funkar.

Det er mykje moro i Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin. Men snerten er ikkje heilt på topp.

LES FLEIRE MELDINGAR HER

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film