Anmeldelser

Nytt storverk frå Jon Fosse

«Eg er ein annan» er, om mogleg, betre enn forgjengaren. Det seier ikkje lite.

Den førre romanutgjevinga, Det andre namnet, gjorde bruk av motiv frå Fosses rikhaldige forfattarskap og innførte også nokre nye element, til dømes den skumle bifiguren Skallen som plukkar opp gutar i varevogna si og gir dei pengar for å sitje på.

For første gongen

Eg er ein annan held fram der forgjengaren sluttar: Målaren Asle står nok ein gong framfor eit av bileta sine og det første han kjem i tankar om er nettopp det som skjedde etter ein biltur med Skallen. Mora finn tre kroner i bukselomma hans og spør om han har stole pengane. I det nesten umoglege valet mellom å setje ord på det skammelege og å gjere seg skuldig i å bryte det åttande bodet, gjer Asle det siste. Han lyg og fortel at han har funne pengane utafor bakaren. Løgna er overraskande vellukka og han blir til og med påskjøna for å vere uærleg. Etterpå gjekk Asle saman med ein kompis til eit naust og røyka sin første røyk.

---

Bok: Roman

  • Jon Fosse
  • Eg er ein annan: Septologien III–V
  • Samlaget 2020

---

Det er i det heile mange slike skildringar av det som skjer for første gongen i denne boka: Den første ølen, den første teikninga, å flytte heimanfrå, få ein kjærast og å bli kunstmålar. Mens Asle tenker tilbake på desse hendingane er det også som om han lukkar ned delar av desse identitetsskapande hendingane og vi får høyre om slutten på drikkinga, om tapet av kjærasten og kanskje, tenker han, er måleriet han stadig vekk vender tilbake til, også hans siste. I så fall markerer det nok ei avslutning. Av livet? I alle høve av livet som målar.

Langsam prosa

Jon Fosse har sjølv omtalt desse romane som «langsam prosa». Til tider går det svært langsamt for seg. Det opne spørsmålet frå Det andre namnet om Asle skal feire jul dette året saman med naboen Åsleik og søstera hans, har enno ikkje fått noko løysing og Asle køyrer fram og tilbake til Bergen i sneglefart mens snøen dekker frontruta som var ho eit kvitmåla lerret. Samtidig skjer det lynraske skifte her. I løpet av ei setning blir lesaren brått ført tilbake til noko som skjedde for lenge sidan, kanskje også til noko som Asle berre innbiller seg.

Jon Fosse

Nokre av glimta frå Asles oppvekst er det mogleg å gjenkjenne frå Fosses sakprosa, til dømes om angsten for å lese høgt på skolen, om å spele gitar og ei mystisk nær-døden-oppleving. Men her er også episodar som kanskje introduserer ein ny, nesten lystig, tone i forfattarskapen: Til dømes den underfundige skildringa av kva som skjer når den tause Faren skal køyre bil for første gong. Fleire av desse glimta tilbake handlar om det usagte, det som blir verande taust, som det ikkje er mogleg å setje ord på. Kanskje på grunn av skam og angst? Kanskje om det det ikkje er mogleg å setje ord på, fordi det er erfaringar av noko som er heilt annleis? Asle opplever i mørket at Gud talar «taust» til han og han tenker at «i mørkret er ei stille der Guds røyst lyder i togna.»

Asle fokuserer skarpt i desse tilbakeblikka på fortida. Det skjerpa blikket fører ofte til at han ser dobbelt. Mens Asles namnebror i Det andre namnet er hans alter ego som viser korleis det kunne ha gått med han sjølv, er glimta av dobbeltgjengarane i årets utgjeving meir urovekkande.

Mellom kunstuttrykk og bøn

Dei til no fem delane eller romanane i dette planlagde sjubindsverket er stramt strukturert. Dei startar med at Asle betraktar det som kanskje blir hans siste bilete og ender med bøner med rosenkransen, nokre av dei på latin og alltid avslutta med Jesus-bøna: «Herre Jesus Kristus/ Miskunn deg/ over meg». Jon Fosse har tidlegare uttalt at for han, akkurat som for Kafka, er det å skrive ei form for bøn. Målaren Asle utforskar korleis det å måle er ei form for stille bøn i møte med det det ikkje finst ord for: «ja eit godt bilete er ei gåve, og ei slags bøn, det er både gåve og bøn i takksemd».

Det rommet som blir skapt i mellomrommet mellom kunst og bøn, er eit ope rom med plass til eit mangfald av ulike skrivemåtar og innskot. Den litterære fridomen i dette rommet er heilt i tråd med dei to bøkene Asle fortel at han lånar av den spennande ungdomsvenen Sigve: Den eine er «forteljande, eller forteljande og forteljande, tekstar av Samuel Beckett». Den andre er ei diktsamling av austerrikaren Georg Trakl, ein lyrikar Jon Fosse sjølv har omsett. Eg er ein annan viser at spenninga mellom «forteljande, eller forteljande og forteljande, tekstar» og lyrikk er fruktbar og kan resultere i storarta skjønlitteratur.

Roman-fleuve?

Eit litt kryptisk utsegn av Asles gallerist som er stolt over å vise fram franskkunnskapen sin, kastar lys over korleis dette sjudelte verket heng saman: Beyer fortel at «det eg held på med er som ein roman-fleuve». Med det meiner han at «kvar utstilling er ei eining for seg, ein eigen einskap, og heilskap, men som ikkje er heilt avslutta og har noko av fragmentet i seg som peikar fram mot den neste, som også er slik, og slik fylgjer utstilling på utstilling, som ei elv, ja som ei biletelv».

Det er ikkje sikkert at Asle, som ikkje har lært seg fransk, skjøner referansen. Men lesaren kan blunke innforstått tilbake til Beyer. Roman-fleuve er eit internasjonalt uttrykk for romanar med enkeltståande bind, som til saman fortel ei lengre historie. Balzac blir ofte nemnd i den samanhengen, men kroneksempelet på roman-fleuve er sjølvsagt Prousts På sporet av den tapte tid, som i norsk utgåve er samla i akkurat sju bind. Akkurat som hos Proust speler også temporaliteten, erfaringane av tid som går, ei hovudrolle i Fosses storverk. Dei intense forsøka på å fokusere klårt på det som har skjedd før, det vi kan kalle minnearbeid, er også noko Eg er ein annan har til felles med Prousts klassiske verk.

Kva betyr tittelen?

Det franskspråklege sitatet som fungerer som ingress i årets utgjeving, knyt romanen til tekst av ein annan fransk forfattar. Lyrikaren Arthur Rimbaud skriv i eit kjent brev frå 1871 at diktaren må vere ein sjåar, ein som undersøker seg sjølv. Det er i dette brevet Rimbaud skriv den siterte setninga: «Je est un autre». Setninga er nesten umogleg å omsetje. Ved å skifte ut førstepersonsforma «suis» med tredjepersons «est», refererer subjektet «je» ikkje lenger til ein avgrensa person, men blir eit substantiv eller objekt. Ein kan derfor like godt omsetje setninga som «eget er ein annan». Det er dette eget som i Fosses romanverk «undersøker seg sjølv» i all si framanddom og ikkje-identitet. Det motsetningsfulle og kanskje splitta eg-et i romanen set også spørsmålsteikn ved kva det siste ordet i alle delane betyr: «Miskunne deg over meg». I bønespråket viser førstepersonsforma til eit fleksibelt subjekt. «Eg» og «meg» er her pronomen heilt ulike bedande kan gjere til sitt eige.

I norsk kvardagsspråk kan utsegna «eg er ein annan» bety at eg har forandra meg, eg er ikkje lenger slik eg var. Dette ligg jo nært opp til den gjennomgåande utforskinga dei augeblikka der noko startar og noko tar slut. Men orda kan også peika på at det er noko framand, noko ingen ser, i eg-et som uttaler dei: Kanskje ein dobbeltgjengar?

I tråd med Asles spekulasjonar over dei store teologiske spørsmåla, bør lesaren heller ikkje sjå bort frå at Jesus sjølv gjentekne gonger i Johannes-evangeliet presenterer seg med utsegn som startar med «eg er». (Eg er lyset, vintreet, vegen, til dømes). Dette er ei sjølvframstilling som peikar tilbake på den måten Gud sjølv gir seg til kjenne i dei gamaltestamentlege skriftene. Denne bibelske meininga av orda «eg er» kling også med i romantittelen og i andre tekstar av Fosse, til dømes i skodespelet Eg er vinden frå 2007.

Asles framtid?

Lesaren får ikkje vite korleis det går med Asle før i dei to siste delane i denne septologien, som truleg kjem neste år. Men utifrå dei mange skildringane av det som startar og det som tar slutt i årets utgjeving, er det all grunn til å tru at også Asle sjølv nærmar seg avslutninga på livet. Kroppen er ikkje akkurat i god form og han er i ferd med å legge målarlivet på hylla. Det er også litt uklårt om minnet og synet fungerer heilt som det skal.

I glimt er det mogleg å observere at Asle på sine gamle dagar minner om hovudpersonen i Fosses storarta roman Melancholia II frå 1996. Romanen skildrar den siste dagen til Hertervigs søster Oline, som er sjuk og dement og også døyande. Men kanskje skjer det noko heilt uventa i slutten på historia om Asle. Den som ventar, får sjå. Vi som lesarar kan i ventetida glede oss over at Eg er ein annan er, om mogleg, betre enn forgjengaren Det andre namnet. Det seier ikkje lite.


Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser