Film

Nervepirrande hemndrama om skuld og straff

Regissør Kjersti G. Steinsbøs langfilmdebut Hevn tilbyr både spenning og store spørsmål.

Thrillerdramaet Hevn er dels spela inn på Hotel Mundal ved Fjærlandsfjorden i Sogn og Fjordane.

Nyleg var det ein annan bygning i fylket som stod fram på film, nemleg Harastølen i Luster, som var arena for mørke skrekkscener i Villmark 2.

LES INTERVJU MED PRODUSENTEN: Vil treffe deg i mage, hjerte og hode med store spørsmål

Denne gongen er huset litt mindre skummelt, men mørket kviler framleis over historieforteljinga.

Det finst farlegare folk i Sogn og Fjordane enn mange latar til å tru.

Falsk journalist

Siren Jørgensen spelar hovudrolla som Andrea, ein norsk frilansjournalist som skal intervjue den unge og kjekke hotelldirektøren og ordførarkandidaten Morten (Frode Winther) for eit amerikansk reisemagasin.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Vi forstår raskt at Andrea har andre ting i tankane enn intervju – ho er ute etter hemn for ein episode som ligg mange år attende i tid.

Godt skodespel

Jørgensen spelar godt i hovudrolla. Det same gjer Frode Winther. Begge lukkast med å etablere truverdige latente bomber.

Maria Bock og Anders Baasmo Christiansen er tilsvarande viktige for å halde historia saman, med realistisk skodespel.

Filmen lukkast godt med å bygge opp spenninga undervegs. Kor langt er Andrea villig til å gå for å få hemnen sin?

Hevn kan minne litt om ein del amerikanske hemnfilmar, men reiser fleire store spørsmål om skuld og straff. Kjersti G. Steinsbø har laga ein vellukka, nervepirrande og nokså ubehageleg debutfilm.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film