Bøker

Mor slår

Framleis er vi ikkje komne lenger med likestillinga enn at det gjer ekstra vondt når ein høyrer om at ei mor er valdeleg. ­Heldigvis?

I boka Smadra er det mor som slår. Oda skjønar ikkje kva som skjer, for ho har varme minne om at mora har vore god og kjærleg mot henne mange gonger då ho var yngre. Ho opplever at det er hennar skuld at mora er blitt valdeleg og torer ikkje å fortelja om det til nokon. Ikkje til den snille pilot-faren sin, ikkje til lærarinna som ser granskande på henne og spør: «Oda, er alt bra med deg?» og ikkje til bestevenen Milad. Så ho forklarar såra og blåmerka med at ho har falle av sykkelen.

Lettlest

Brynjulf Jung Tjønn har eit språk og ein skrivestil som gjer det lett å lesa. Det er korte setningar, mykje direkte tale, korte avsnitt og kapittel. Det er fint, for det gjer boka tilgjengeleg for mange. Jamvel om forfattaren hoppar litt i tid og iblant ser attende til Oda sitt liv då ho var mindre, er det lett å fylgja forteljinga. Det er med på å fylla ut biletet vi får i hovudet av kven denne jenta er.

Det er derimot ikkje lett å forstå kvifor mora brått byrjar å slå. Det går fram at det er noko som skjer med henne – kan hende er det ein sjukdom – men dette er svært vagt framstilt og det er blanda med hint om at det er på grunn av Oda at livet hennar er blitt vanskelegare. Eg ­opplever dette som lite tilfredsstillande. Romanen flyt ut i noko diffust her og gjer at ein misser kjensla av å vera inne i universet og tru på det. Det verkar ikkje truverdig at denne mora slår.

Nerven

Men så kan ein tenkje at born kanskje opplever dette annleis. Dei er vane med at ­mykje skjer som dei ikkje skjønar. Dei vaksne­ har så mykje­ for seg som born berre må ta til etterretning. Og uansett er det Oda som er ­hovudpersonen i boka, og vi fylgjer hennar­ tankar om det som skjer. Nerven i boka er knytt til at ho teier. Som lesar blir ein frustrert over at ho ikkje berre kan seie sanninga, men samstundes veit vi jo at det ofte er det siste ­mishandla born vil. Dei er lojale mot foreldra inntil det absurde.

Lyse striper

Venskapen med Milad er eit lyst trekk ved Oda sitt tilvære. Og dei blir ikkje mobba­ for å vera vener på tvers av kjønn. Det er òg ­befriande. Gjennom han får vi òg inn nokre ­perspektiv på somme av dei utfordringane våre nye landsmenn kan ha, for Milad kom til Noreg som flyktning og har sitt å stri med. Slik kan dei bli til hjelp for kvarandre, Milad og Oda. Denne venskapen sender fine, lyse striper inn i liva deira.­ Om det er sannsynleg at slikt kunne hendt på ekte, veit eg ikkje, men vi kan velje å tru på det.

Det verste

Det er noko drøymande, litt uferdig over denne romanen. Men det glimtet vi får av ei historie, kan vera nett det ho treng, den lesaren som sjølv står i ein vanskeleg situasjon som ho ikkje skjønar og heller ikkje veit korleis ho skal koma seg ut av. Ein kan vel knapt tenkja seg noko verre enn å bli utrygg i sin eigen heim.

Og så må ein vera glad for at det kjem ei bok som tematiserer dette med at mor slår. For jamvel om det er sjeldan, veit vi at det hender. Då er det viktig at det finst skjønnlitteratur som tek opp i seg dette.

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker