Bøker

Mennesket og makta

Karnevalesk skildring av ein ubeskriveleg tragedie.

Du kjenner kanskje igjen bilde på omslaget? Det gjengir delar av det kjente maleriet Medusas flåte som vart malt av Théodore Géricault i 1818. Nokre av oss hugsar Julian Barnes si elegante skildring av forholdet mellom dette maleriet som laga skandale i si tid og dei enno meir ubeskrivelege hendingane det var basert på. Men kven veit eigentleg noko særleg meir om kva som skjedde i etterkant av at den franske fregatten Medusa gjekk på grunn ved Afrikas vestkyst i juli 1816?

Den austerrikske forfattaren Franzobel har skrive ein fabelaktig roman om hendinga. Medusas flåte er både medrivande og lærerik. Dette er ein historisk roman som gir innsikt i våre eiga samtid.

Feil kurs

Franzobel er kunstnarnamnet til den austerrikske forfattaren og dramatikaren Stefan Griebl. Han har allereie utgitt mange bøker i ulike sjangrar og er eit etablert namn i Austerrikes kunstscene. Romanen om Medusas forlis er eit storstilt forsøk på å skildre det som skjedde med mannskap og passasjerar frå skipet la frå hamn for over to hundre år sidan.

Saman med nokre mindre fartøy drog Medusa ut frå Marseille for å etablere Senegal som fransk koloni.  Kapteinen var udugeleg og styrt av ein kunnskapslaus rådgjevar. Det hierarkiske systemet var så strengt regulert at underoffiserane ikkje fekk til å gripe inn sjølv om dei alle visste at skuta var på feil kurs.

Provisorisk flåte

Lesaren blir kjent med eit rikt og mangfaldig persongalleri om bord på båten, særleg med førstereisguten Viktor og skipslegen Savigny. Det heiter seg at alle er i same båt. I denne skildringa er det frå starten av tydeleg at dei ulike områda i båten er eigne klodar som blir styrt etter heilt ulike reglar. Jo lågare du kjem i rang, jo mindre er eit menneskeliv verd. Allereie før forliset er det livsfarleg å vere underordna mannskap på denne skuta.

Dei underordna har nemleg stor grad av fridom til å plage kvarandre. Av og til går dei karnevaleske markeringane og rituala over stag og utartar til orgiar i vald. Då det store skipet går på grunn og ein oppdagar at det ikkje er nok livbåtar til alle, må dei nedst på rangstigen ta til takke med ei nokså sjaber, provisorisk flåte. I starten er dei omtrent 150. Ti dagar etter, då dei blir funne er det berre femten svært medtatte menneske igjen.

Romanens eigenart

Allereie frå starten av blir det tydeleg at det heile blir fortalt frå vår tid. Forfattaren forsøker ikkje gi inntrykk av at han er samtidig, han har tvert imot fleire samtidsreferansar i romanen. Forfattaren skildrar til dømes fleire av aktørane ved å fortelje kva kjent skodespelar vedkommande liknar på. Slik blir det gjort tydeleg at denne romanen, som alle såkalla historiske romanar, er samtidslitteratur.

Handlinga blir malt på stort lerret, som i det klassiske maleriet og plottet er filmatisk. Det spennande er at samanlikninga med visuelle kunstformer som maleri og film, også demonstrerer romanformas eigenart. For litteraturen er faktisk i stand setje ord på det ubeskrivelege og på komplekse samanhengar, på ein heilt annan måte enn andre kunstnariske uttrykk.

Allegori

Men kva kan denne samtidsromanen lære oss nettopp om den komplekse tida vi lever i? Ut frå nokre av tekstane i innleiinga, verker det som Franzobel opnar for å lese romanen som ei skildring av korleis menneskenaturen er. Menneske er i stand til å gjere dei mest avskyelege handlingar mot kvarandre om vi berre blir pressa nok. Men etterkvart blir det tydeleg at også denne skildringa av ein båt på havet kan bli lese som ein allegori på maktforhold.

Vi kjenner alt for godt igjen den udugelege øverstkommanderande som er i hendene på heilt kunnskapslause og uerfarne vegleiarar. Særleg når dette blir kombinert med eit autoritært system der ingen tør seie makta imot. Og sjølvsagt, det er umogleg å lese skildringane av det farefulle livet på skuta og flåten utan å tenke på dei lidingane som båtflyktningar opplever i våre dagar. Dei har som regel ikkje ein Géricault eller ein Franzobel som kan prøve å skildre det ubeskrivelege og gje dei lidande medmenneska ansikt.

Lesefest og nødvendig

Medusas flåte er ein rik, vellaga og spennande roman. Ikkje overraskande har den blitt overstrøymande godt mottatt i den tysk-talande verda. Omsetjaren Ute Neumann har gjort eit stort arbeid med å formidle mangfaldet av ytringsmåtar og referansar i denne fleirstemmige romanen, og resultatet har blitt svært overbevisande. Eg for min del stussar litt av ordvalet ved nokre av dei bibelske referansane, men det kan jo godt henge med frå originalteksten. Dette er ein lesefest og samtidig ei nødvendig bok. Minnet om denne ufattelege hendinga i vår nære europeiske historie kan stadig gi ny innsikt om kor vi kjem frå og kven vi er.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker