Det er berre litt over ein månad sidan Syrias demokratiske styrkar (SDF) og den kurdiske YPG-militsen erklærte siger over IS i terroristhovudsetet Raqqa. Byen i Nord-Syria blei erobra av IS-krigarar for snart fire år sidan, og blei gjort til hovudstad då IS proklamerte sitt kalifat i Syria og Irak sommaren 2014.