Bøker

Kvifor skal Norge sitte til bords med dei mektige i FNs sikkerheitsråd?

Diskusjonen bør handle meir om kva Norge kan utrette i Sikkerheitsrådet, skriv Emil André Erstad om ny bok.

Har du nokon gong vore på ein fest der du ikkje har følt deg heilt velkomen, der du har tenkt at resten av festen er i ein divisjon eller ti høgare enn deg og ingen eigentleg vil snakke med deg? Eg veit ikkje om det å bli ein del av FNs sikkerheitsråd kan samanliknast med å delta på Aschehougs hagefest, men det var i alle fall den assosiasjonen eg fekk då eg las Tove Gravdals Til bords med de mektige – historien om Norge og FNs sikkerhetsråd.

Åleine i hjørnet

Eg har vore på Aschehougs hagefest eit par gonger – eg anar ikkje kvifor eg har blitt invitert – men har pliktskyldig stilt opp. Begge gongene har eg kjent under ei handfull av dei frammøtte på ein av dei største mingleplassane for kjendisane i litteratur- og kultur-Norge. Kvar gong eg prøvde å snakke med nokon, var det ingen som gadd å høyre på i meir enn eit par minutt. Mesteparten av tida vart eg ståande åleine med ein lunka øl i eit hjørne.

Litt sånn trur eg det må vere for Norge viss vi får ein plass i FNs sikkerheitsråd. Kor mykje bryr vetomaktene USA, Kina, Russland, Storbritannia og Frankrike seg eigentleg om kva vesle Norge vil eller seier?

LES OGSÅ: FN-kjenner om Norges sikkerhetsrådssjanser: – Forsterket av koronapandemien

Ubehagelig affære

Gravdals bok er oppsiktsvekkande godt skrive om eit tema som interesserer langt færre enn det burde, men den får også tydelegare fram spørsmålet: Kvifor vil eigentleg Norge på død og liv inn i det selskapet der? Like mykje som eg ikkje forstår kvifor eg på død og liv må gå på Aschehougs hagefest berre for å bli avvist av mange a- og b-kjendisar. Det å sitte til bords med dei mektige kan fort bli ei ganske ubehageleg affære for vesle Norge.

17. juni skal det altså skje. Norge skal – dersom kampanjeorganisasjonen i Utanriksdepartementet skal få den applausen den forventar– velgast inn som medlem i FNs sikkerheitsråd for dei neste to åra.

Det går jo an å håpe at den norske FN-ambassadøren som får plass rundt bordet i FNs sikkerheitsråd er langt meir sosialt oppegåande enn eg er.

Kløkt og moro

Det har uansett vore høgt oppe på UDs prioriteringsliste dei siste åra. Norske ambassadørar, diplomatar, politikarar og kongelege har reist til dei mest fjerntliggande hovudstadar for å samle stemmer til avstemminga. At kronprins Haakon for eksempel reiste til Fiji saman med utviklingsminister Dag Inge Ulstein våren 2019 var nok ikkje først og fremst for å snakke om verken norsk utviklingspolitikk eller den norske satsinga på havet. Hovudmålet var sannsynlegvis å sikre seg at miniputtstaten Fiji stemmer «riktig» 17. juni, då Norges kandidatur skal opp.

Gravdal presenterer kampanjen med journalistisk kløkt og morosame detaljar. Boka hennar er rett og slett veldig underhaldande, om alt frå rosa sokkar til kuriøse talepunkt dei norske diplomatane har blitt drilla til å framføre kvar gong dei kjem i prat med ein diplomat frå eit anna land.

Vanskeleg situasjon

Gravdals bok fekk meg til å reflektere over kor lurt det eigentleg er, dette med å bruke så store ressursar og politisk kapital på å få Norge inn i Sikkerheitsrådet. I utgangspunktet har eg vore ein tydeleg støttespelar for prosjektet. Klart Norge med sin tunge erfaring frå fred og bistand har noko å bidra med inn i rådet. Vi har gode relasjonar til dei fleste stormaktene, sjølv om forholdet til Russland og Kina har vore litt av og på dei siste åra. Kanskje kan vi bygge bru?

Utfordringa – som Gravdal gjennom si historiske framstilling viser veldig godt – er at Norge vil sette seg i ein unaudsynt vanskeleg situasjon ved å bli ein del av Sikkerheitsrådet. Plutseleg kan vi ikkje drive det smarte fredsdiplomatiet berre ved bruk av bakkanalar, men blir tvungene til å ta stilling i stormaktsrivaliseringa mellom USA, Kina og Russland. Tener det norske interesser og norsk utanrikspolitikk? Det er vanskeleg å sei, men historia viser i alle fall at det i beste fall kan karakteriserast som utfordrande.

Historietung

Misforstå meg rett: FNs sikkerheitsråd er viktig. Kanskje det viktigaste organet i verda. Det har makt til å stanse krig, men også starte krig. Det kan velte diktatorar og redde dei. Det kan få slutt på ei humanitær krise på null komma niks. I alle fall så lenge alle medlemene av rådet er innstilt på å få til ei løysing, og vel å ikkje blokkere kvarandre.

Uansett er det mykje som tyder på at Norges kampanje vil kronast med siger i juni. Diskusjonen framover bør derfor handle langt meir om kva Norge kan utrette i Sikkerheitsrådet i aktuelle og viktige spørsmål for demokrati og menneskerettar. Boka til Gravdal er slik sett litt for historietung, og litt lite fokusert inn mot dei aktuelle utfordringane i verda i dag. Her kunne forfattaren med fordel brukt meir tid på framtida.

Så er det jo heller ikkje sikkert at Canada eller Irland – som Norge konkurrerer mot – vil gjere ein så verst jobb om dei blir med i Sikkerheitsrådet.

LES OGSÅ:

• Emil André Erstad om boka Hva vil russerne med Norge?: – Heller ikkje i morgon når du vaknar kjem det til å stå russiske bjørnar eller tanks i hagen din

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker