Ligg litt her i graset med meg, skreiv den amerikanske poeten Walt Whitman. Slik inviterte han lesaren inn i sitt poetiske univers, der spørsmål om kva livet, døden, diktet eller graset er for noko, blir slengt rolig ut, medan dikt–stemma ler av alle som vil prøve å svare. «Have you felt so proud to get at the meaning of poems?» spør den ironisk, før den igjen oppmodar om å lene seg tilbake, og følge rytmen i det rullande språklandskapet.