Anmeldelser

Kva er vitsen?

Fargar, sprutande aktiv layout og kvikke spørsmål pregar ei ny bok som tek mål av seg til å vere ein introduksjon til kunsthistorie for born.

Kva er greia med alle dei nakne­ folka i kunsten? heiter boka, med undertittel & andre viktige spørsmål om kunst. Ho er skriven av briten Susie Hodge, som er kunstvitar og har skrive over hundre bøker om emnet. Boka er omsett av Øystein Rosse, til eit moderne nynorsk.

Hodge har utan tvil god fagleg bakgrunn for å lage denne gjennomgangen av kunsthistorien. Spørsmålet er: Vil han gjere born klokare og meir interesserte i kunst?

Pirrande

Tittelspørsmålet er godt, både fordi det er pirrande og fordi det opplagt finst gode svar på det. Dette med graden av tildekking er som vi veit jamnleg oppe til diskusjon. Og på den stutte plassen som er til rådevelde, svarar Hodge greit og nemner tre-fire grunnar til at det er mange nakne folk i kunsten­. Denne boka er ikkje lagt opp slik at det er plass til mange gode forklåringar. Stundom saknar ein det, men forfattaren har denne gongen meint å lage ei bok som syner oversikt og ikkje går i djupet. Slik er rett og slett premisset. Du kan ikkje kjøpe deg eit eple og bli sur for at det ikkje smakar pære.

Folkeleg

Susie Hodge er ein god formidlar som greier å finne folkelege innfallsvinklar til dei ulike emna ho vil trekkje fram. Finst det stygge statuar? Kopierer kunstnarar kvarandre? Kvifor er kunst så dyrt? Kva er greia med all den frukta? Slike spørsmål stiller ho. Og det er spørsmåla som er det viktigaste med denne boka. Både dei ho stiller og dei lesaren får i hovudet sjølv under vegs.

For det er ikkje alle svara ho gjev, som er like gode. Som når ho spør: Kan eit stilleben vere levande? og viser eit arbeid av Johan Lorbeer frå 2002 som ­syner biletet av eit hjørne i eit rom der ein mann i dress heng i lause lufta medan han stør seg til veggen med ei hand. Lorbeer er ein optisk illusjonist og biletet er så gåtefullt at det ikkje held med forklaringa Hodge gjev. Ein sit like fullt att med eit spørsmål om kva som er verkeleg her. Har han måla seg sjølv hangande på veggen? Er det eit bearbeida ­fotografi, eller kva?

Ikkje at det gjer så mykje. Det viktigaste er at boka pirrar ­interessa i lesaren slik at ho eller­ han blir inspirert til å fundere meir over kunsten. Og det gjer ho for det meste med godt biletvalg og knappe kommentarar. Her og der er det unnatak, som når ho leider oss i retningar som ikkje fører vidare. I kommentaren til Mus på bord av Karel Appel (1971) seier ho: «Kunsten deira blei ofte ganske stygg fordi dei prøvde å vise verda på ein annleis måte». Kva som er stygt og pent er jo ganske varierande frå person til person, og heller ikkje særleg fruktbart i denne samanhengen.

Brei innføring

Det er ikkje småtteri av stilartar og døme Susie Hodge har fått med i denne boka. Og for dei som er opp­tekne av systematikk har ho laga ei solid ordliste bak i boka, der ho forklarer ord som impresjonisme, perspektiv, ­synestesi, pointillisme, kubisme og konseptkunst. Men dette må ikkje skremme folk frå å stupe inn i boka utan fagreferansane på plass. Dette handlar trass alt om å vekkje interessa for kunst. Kunst er ikkje vanskelege greier. Kunst er ikkje berre for spesielt interesserte. Som Inge Eidsvåg minte om i Klassekampen hin dagen – eit sitat frå 1793 av forfattaren Avigdor Pawsner: «Hvis du søker helvete, spør en kunstner hvor det er. Hvis du ikke finner noen kunstner, da er du allerede i Helvetet.»

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser