Bøker

Knausgårds metode

Karl Ove Knausgård skriv sympatisk, undrande og av og til litt kjedeleg i si nye bok, Om høsten.

Så er han her igjen, Karl Ove Knausgård. To år etter den glitrande essaysamlinga Sjelens Amerika, og fire år etter siste bok i det voluminøse Min kamp-prosjektet, er forfattaren aktuell med to bøker i haust. Den første, Om høsten, kjem ut i dag. Om vinteren kjem etter planen i november. Til saman skal det bli fire nye bøker, titulerte etter dei fire årstidene, der Knausgård viser fram verda for eit enno ufødt barn.

«Brev til en ufødt datter», skriv Knausgård, ei dotter som skal få namnet Anne. Gjennom ei rekke korte tekstar skildrar han verda til den ufødde dotter si, slik stolte fedrar finn glede i å fortelje barna sine korleis tinga heng saman.

Men, som forfattaren raskt innrømmer: «... det er selvsagt først og fremst for min egen skyld jeg gjør det: å vise deg verden, lille du, gjør livet mitt verdt å leve.»

Sympatisk

Om høsten er første bok i eit sympatisk skriveprosjekt. Gleda og undringa over verda er stor, og Knausgård tek for seg alt frå hermetikkboksar, froskar og kyrkjer til plastposar, kjønnslepper og Flaubert. Spranga mellom emna kan synast store og vilkårlege, noko som likevel ikkje er sjenerande for lesinga.

Slik er verda og inntrykket ho gjer på oss – ho oppfører seg sjeldan stringent. I dette har Om høsten ein aktuell parallell i Terje Dragseths nye diktsamling, Jeg skriver språket: Verda utfaldar seg i mange retningar samtidig, og medvitet om skriveprosessen er stort.

LES OGSÅ: Amerikanarane hyllar Karl Ove Knausgårds ­romankunst

Dessverre blir likevel ikkje Om høsten like sterk som eg skulle ønske. Problemet er kanskje at boka så til dei grader synleggjer Knausgårds metode. Noko av det forfattaren har fått internasjonal merksemd for, blant anna av den leiande amerikanske kritikaren James Wood, men også her heime, er korleis han utviklar detaljen og når inn til det karakteristiske.

Kort sagt kan Knausgård skildre ei brødskive på ein måte som får lesaren til å gråte. Han er ein meister i å løfte det kvardagslege til eit nytt plan, og sjå det vante i eit underleggjerande lys som samtidig skaper ein sterk gjenkjenningseffekt.

Gud og sola

I Om høsten reindyrkar Knausgård denne metoden. Han lanserer seksti tema han reflekterer rundt – han skildrar ned til den minste detalj og løftar til eit filosofisk nivå. I ein tekst samanliknar han sola med Gud, om korleis mennesket ikkje toler å sjå direkte mot nokre av dei.

Følg oss på Facebook og Twitter!

I ein annan koplar han sin protestantiske arv med bilkøyring. Det er mykje eksistensielt hjå Knausgård. Sjølv det nedrige og tilsynelatande avskyelege, som piss og oppkast (i førre bok var det bæsj), får eit nytt nivå.

Eg synest likevel ikkje Knausgård klarer å løfte teksten til det nivået han heldt i Sjelens Amerika og dei beste essayistiske partia av Min kamp. Rammeverket for prosjektet – ein personleg encyklopedi til ei ufødt dotter – er gripande. Men metoden blir gjennomskodeleg og litt insisterande, mens refleksjonane varierer i originalitet.

LES OGSÅ: Då tvilaren møtte Jon Fosse

Knausgård går sjølv i forsvar for det sentimentale, og der er eg einig med han. Men det er ikkje sentimentaliteten som svekker boka, det er formelen. Knausgård evnar i overraskande liten grad å overraske. Av og til blir han faktisk litt kjedeleg.

Barneblikket

Eg forstår, når eg skriv dette, at eg kanskje er i overkant streng. For det finst også mange fine tekstar i Om høsten. Eg er sjølv nyleg blitt far, og kjenner meg att i den ekstatiske gleda over dei ofte små tinga vi har så lett for å ta for gitt.

«Dette fantastiske, som du snart skal møte og få se, er så lett å miste av syne,» skriv Knausgård. Han ønskjer å rykke oss ut av det automatiserte blikket på verda, så vi heller kan sjå verda med blikket til eit barn. I dette ligg det ei rosverdig utfordring.

Framleis er forfattaren suveren i det litterære arbeidet kring skam

– Alf Kjetil Walgermo, meldar

Ja, enkeltståande svært gode passasjar løftar verkeleg heilskapsinntrykket i Om høsten. Ofte er tankerekkene friske og «nye», som i teksten om senger: «Hvor radikale størrelser sengen, soverommet og søvnen er i våre liv, er ikke noe vi vanligvis tenker over, siden de er gjennomtrukket av en livslang vane og nettopp alltid er forbundet med diskresjon.»

Kunstnaren Vanessa Bairds bilete gir også meirverdi, sjølv om dei er få. Uttrykket hennar står godt til Knausgårds eksistensielle tekst.

Modig

Knausgård er dessutan modig når han på utleverer seg sjølv som 15 år gammal sengevætar – då han tissa seg ut på klassetur, i nærleiken av ei jente han var forelska i. Framleis er forfattaren suveren i det litterære arbeidet kring skam – kva som påfører skam og korleis mennesket reagerer på det.

LES OGSÅ: Saugestads og Knausgårds ansvar

Om høsten er ei bok eg ønskjer alt godt, slik ein som regel alltid ønskjer alt godt for ein far som kjem med sine beste råd til ein son eller ei dotter. Samtidig, gjer ikkje Knausgård seg litt uangripeleg med dette utgangspunktet for prosjektet?

Alternativt har han med Om høsten tatt forfattarskapet eit stort steg i «idealisk riktning». For Knausgård er, nest etter Jon Fosse, ein av dei mest sannsynlege norske kandidatane til nobelprisen i litteratur. Då må dei tre neste årstidene vere endå nokre hakk kvassare.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker