Musikk

Kjærleikens apostlar

U2 løftar fram lys og kjærleik i ei politisk uroleg tid. Den kristne metaforikken når klimaks med flyktningkrisekommentaren «Refu-Jesus».

U2 har i tretti år vore blant verdas største rockeband. Vokalist Bono har samtidig vore ein viktig spelar på den internasjonale politiske arenaen. Kombinasjonen av kjærleiksbodskap, samfunnsengasjement og religiøs metaforikk har vore ei gjenkjenneleg og særs effektiv blanding.

Dei seinare ti åra har likevel bandet vore ein smule over middagshøgda. U2 har ikkje lykkast å fornye seg på same måten som dei gjorde tidlegare i karrieren, med Achtung Baby-albumet frå 1991 som eit nyskapande høgdepunkt. Samtidig lurer det seg innimellom eit snev av pompøsitet bak Bonos ulike framtoningar. Då eg var på konsert med bandet i Stockholm under førre Europa-turné, var kjensla at den irske rockemusikaren ikkje lenger lever opp til den musikalske og storpolitiske rolla som han kan seiast å ha fått i løpet av eit langt rockeliv.

Lyset og kjærleiken

Samtidig blir det feil å avskrive U2 fullstendig. Glimt av genialitet dukkar opp også på den nye plata, Songs Of Experience. Dei tretten låtane er ei god påminning om at det framleis er ting å hente hjå Bono og co, både teksteleg og musikalsk.

Det er lyset og kjærleiken som står i høgsetet for U2, frå opningslåtane «Love Is All We Have Left» og «Lights Of Home» til avslutningslåtane «Love Is Bigger Than Anything In It's Way» og «13 (There Is A Light)». Som så ofte hos U2, kjennest orda i overkant store i munnen, samtidig som dei er moglege å svelgje. For, jo, kjærleiken er faktisk større enn alt, som Bibelens 1. Korintarbrev 13 seier vel så tydeleg som i Bonos tekst.

LES OGSÅ: Klima for kristen Dylan

Religiøst

Den religiøse metaforikken som har prega mange av U2s låtar, er også til stades på denne plata, både underliggande – som i den nemnde avslutningsballaden om lyset – og meir eksplisitt, som i «American Soul», ein av singlane frå plata. Her er Bono på sitt mest samfunnsrefsande, slik han tek for seg den amerikanske sjela under Donald Trump (presidenten er rett nok ikkje nemnt) – ein låt med stor relevans også for Europa. Korleis behandlar vi dei som treng ein tilfluktsstad? Bono lukkast med å gjere den overraskande ordsamanstillinga «Refu-Jesus» til ein av dei kvassaste kommentarane eg har sett om flyktningkrisa.

Både på denne låten og på den føregåande, «Get Out Of Your Own Way», har U2 fått med seg rapparen Kendrick Lamar, som gjer ein interessant pastisj av Jesu sæleprisingar i Bergpreika. Her heiter mellom anna at «blessed are the filthy rich / for you can only truly own what you give away / like your pain».

Luftig tyngde

Songs Of Experience har ikkje så mange låtar eg trur vil bli ståande som klassikarar verken i pophistoria eller i U2-katalogen. «You're The Best Thing About Me», som først blei lansert i ein versjon der U2 hadde med seg den norske artisten Kygo, er catchy. Den nemnte «Get Out Of Your Own Way», der bandet kombinerer rapinspirert lyrikk med ein popsound som i dag kanskje mest blir assosiert med Coldplay, er blant høgdepunkta. Det musikalske brotet i den røffare «American Soul», samtidig som Lamars rap bind låtane saman, er også tøft.

Samla sett er dette ei plate som fint tåler nokre timars lytting. U2 er framleis kjærleikens apostlar og framfører sitt evangelium både luftig og med tyngde. Det er tilstrekkeleg her til at verken vi eller bandet står att på berr steingrunn.

Albumet kjem ut fredag 1. desember.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk