Som så mange gode romanforfattarar debuterte­ også Jón Kalman Stefánsson med dikt: Með byssuleifi á eilífðina (1988, Med våpenløyve mot æva). Han heldt fram som lyrikar gjennom dei to neste utgjevingane. Men i 1996 stod han fram med eit breiare format i romanen Skurðir í rigningu (Grøfter i regn) og hovud­vekta i forfattarskapen har ­sidan vore romanar og ­noveller, somme i grenseområde mellom sjangrane.

Det store gjennombrotet internasjonalt var Sumarljós, og svo kemur nóttin (2005: Sumarljos og så kjem natta), eit finstemt spinn av noveller og fragment som til saman utgjer ein poetisk roman med motiv frå eit islandsk fiske­vær. Før den, og altså etter Grøfter i regn, hadde den svært produktive forfattaren gjeve ut fleire prosabøker som vart godt mottekne av lesarar og kritikarar.

Stjernenes knitring

Blant desse, og like før det internasjonale gjennombrotet, gav han ut den romanen som no er komen på norsk: Snarkið í stjörnunum - som i Tone Myklebosts norske omsetjing heiter Stjernenes knitring. Det er eit drygt sprang frå denne romanen og til den vedunderleg vakre og psykologisk djuptloddande trilogien han gav ut i perioden 2007 – 2011: Historiske romanar frå førre hundreårsskifte frå fiskarmiljø og skrivne i ein lyrisk stil der han nærmar seg sitt føre­bilete (?) Knut Hamsun i suggestiv natur- og menneskeskildring.

Prosalyriske høgder

Stjernenes knitring er romanen av ein forfattar som framleis er på veg mot det storarta som skal koma. Her ligg mykje av det ­tematiske som han sidan vender attende til, og stundom ­lyfter han seg opp mot dei prosalyiske høgdene også her, ikkje minst der han skildrar menneske­ og miljø tidleg på 1900-talet. Det er ein «familieroman», sett gjennom eit forteljar-egs augo, skiftesvis som sjuåring og som førtiåring. Tidsromet spenner over fire generasjonar, men det er i den dramatiske og fargerike skildringa av oldeforeldra vi finn romanens fremste kvalitetar. Han kallar fram dei forlengst døde forfedrar og formødrar og gjev dei ikkje berre plass i den historiske konteksten – men sjel og liv, ja drift og galskap.

Barneskildring

Barneskildringar finn ein ikkje så mange av i Jón Kalmans bøker. Den sjuårige forteljaren i årets lansering på norsk er eit unntak, men med ein litt emmen smak av førebilete i tidlegare islandsk romanlitteratur, mellom anna Einar Már Guðmundssons barne­skildringar frå dei nye bydelane som veks seg fram kring småbyen Reykjavik under og etter 2. verdskrigen og på uvanleg kort tid vert til storbyen (på Island skjedde flukta frå landsbygda både sterkare og raskare enn i dei andre nordiske landa).

Opphøgd språk

Stilen er både lyrisk og «romantisk», og dette er vel hovudproblemet med denne romanen at det opphøgde språket står i vegen mellom lesar og romanpersonar: Dei får ikkje språk til å koma skikkeleg fram til lesaren med. Trass i dramatiske hendingar og fargerike hendingar, kjem dei aldri heilt fram. Det hjelper heller ikkje med freistnadene på originale bilete, dei verkar ofte meir tenkte enn sette. Men ein anar både store draumar og veldige avgrunnar, det siste ikkje minst i barnets sorg over mora som døydde så alt for tidleg­. Og kompositorisk er romanen elegant­.

Oldefaren!

Men trass i nokre­ innvendingar: Oldefaren borar seg inn i meg, smyg seg forførande inn som om det var ein Hamsun eller ein Laxness som fabulerte fram sine mest farge­rike figurar med storslegne draumar og veldige menneskelege svikt.

Som nemnt: Det er ei overgangsbok vi har fått, ei bru mot det store som sidan er kome frå ein av Nordens fremste forfattarar: Jón Kalman Stefánsson.