Bøker

Inn i døden med barna

I juleboka Klokkerens evangelium tek Gaute Heivoll oss med inn i dødsriket utan at det blir skremmande. Det blir nesten litt kjedeleg.

Bibliotekarar får ofte spørsmålet: Har du ei bok for barn om døden?

Det er ikkje så rart. Besteforeldre er ved slutten av livet, foreldre eller nære slektningar kan bli råka av alvorleg sjukdom eller ulukke. Å vere barn er å forstå at både livet og døden er noko som vaksne ikkje har ord for.

Ein bibliotekar vil kunne vise til klassikarar, som Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren, der brørne kjem til Nangijala, eller det febersjuke barnet som dreg til alvekongen i «Erlkönig» av Goethe. Men det har òg dukka opp fleire moderne barnebøker som tek for seg døden. Årets Klokkerens evangelium, skrive av Gaute Heivoll og illustrert av Børge Bredenbekk, er ei julebok i 24 kapittel, ei luke for kvar dag i desember. Ho går inn i ein rik tradisjonen, og er eit godt korreks til dei generiske, populære og rikt illustrerte julebøkene som blir bydde fram i bokhandlane.

Minna til kyrkja

I ei norsk bygd i Danmark–Noreg, ser den vesle guten Bendik, som har mista far sin, at kyrkja blir riven. Bygget er gamalt, og kongen i Danmark har gitt økonomisk støtte til eit nytt bygg. Far til Bendik var klokkar i kyrkja, og mellom linjene forstår vi at Bendik ikkje berre sørgjer over den gamle bygningen. Han er redd for at alt som minner om faren skal forsvinne. Ei kyrkje er mykje meir enn eit oppussingsobjekt eller ein saneringspost på kommunebudsjettet, både i barnelitteraturen og i det gamle Danmark–Noreg.

I denne delen av boka viser Heivoll med eit enkelt og presist språk korleis sorga til barn kan vere like innfløkt som sorga til vaksne. Også skildringane av korleis mora tek seg av vesle Bendik er sterk. Ved å la guten greie håret hennar, lar Heivoll samveret mellom forelder og barn bli stille lada med omsorg.

LES MER: Ei av årets beste bøker er bortgøymd, lita og grå. Det er akkurat den boka du treng no

Isen sprekk

Og så kjem det store vendepunktet i boka. Bendik spring heim til mor gjennom vinterskogen. Han kryssar eit tjern, og isen sprekk. Det står ikkje i teksten at Bendik fell i vatnet, men vi ser det på teikninga til Bredenbekk. Det er eit godt grep. Gode barnebøker blir styrkte av at tekst og illustrasjonar talar til – i staden for i munnen på – kvarandre.

Men det er òg her at Klokkerens evangelium mistar magien. Og det er rart, all tid det er no boka gir seg hen inn i magien. Bendik kjem til eit slags dødsrike, der han møter faren. Vil guten bli verande der, eller vil han greie å komme tilbake til mor?

Dødsriket

Heivoll brukar ikkje eit kaninhól eller ein stige opp gjennom himmelen, men ein inngang ned gjennom eit tre for å komme til dødsriket. Han lar ikkje Bendik krysse ei elv, men lar han køyre på slede over eit islagt vatn. Referansane til annan litteratur om dødsriket er fleire, og nokre av dei fungerer. Det treng ikkje vere så originalt, for Heivoll har allereie fått oss engasjert i historia. Vi bryr oss om Bendik og dei andre personane i boka.

Problemet er at verda til dei daude er lite anna enn barnlaus versjon av den eigentlege verda. Historia og språket til Heivoll ber ikkje i seg verken mystikken eller vondskapen som så mange barn fargar dødsriket med. Der Heivoll maktar å fortelje utan store fakter om døden i vår verd, maktar han ikkje skildre livet i verda til dei daude. Døden blir kjedeleg heller enn skremmande, fantasilaus heller enn vill.

Illustrasjonane greier i større grad å ta inn over seg det store brotet i forteljinga. Den eine teikninga, frå ei kyrkje, der vaksne sit og syng med kranium som hovud, er eit av høgdepunkta i boka. Her greier Bredenbekk å vise fram både det uforklarlege og skremmande, som teksten ikkje ber i seg.

LES MER: Du tror kanskje det er lett? Langt i fra! Vi spurte våre kritikere Ulla Svalheim og Kjetil Røed hvordan de fant årets beste bøker

Unik nærleik

Slik blir Klokkerens evangelium ei uforløyst forteljing, uansett kva du skulle meine om slutten. Men boka egnar seg godt for høgtlesing. Heivoll skriv presist, utan å bruke plass og tid på unødige detaljar og kronglete omvegar. Å kunne setje seg ned og lese denne boka for barna, gir ein unik nærleik. Både til å stoppe opp og forklare, men òg til å la barna sette ord på si tolking av det du les.

For det er vanskeleg å snakke med barn om døden. Heivoll og Bredenbekk viser at det i ei barnebok finst hjelp, ikkje minst for oss vaksne.

LES OGSÅ: Ser du etter gode julegavetips eller bøker du kan ta med inn i vintermørket? Vårt Lands bokanmeldere og kulturredaksjon har plukket ut sine favoritter fra 2019

---

Bok: Barnebok

  • Klokkerens evangelium
  • Gaute Heivoll og Børge Bredenbekk (ill.)
  • Vigmostad Bjørke
  • 164 s.
  • Barnebok
  • Julebok som egner seg for høgtlesing og samtale.

---

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker