Bøker

Ingen dans med fridomen

Kva kan dei dansande bjørnane lære oss om livet etter kommunismens fall? Svaret er: meir enn du trur.

Bilde 1 av 2

Bjørnen Dobry står midt i ein bjørnepark, fri og i sitt naturlege element. Likevel vil den berre danse. Synet av den store bamsen som berre vil danse kvar gong han ser eit menneske, som reiser seg på bakbeina sine og gynger frå side til side, må vere surrealistisk.

Litt over halvvegs i sakprosabok kviskra eg ordet «genialt» inni meg. Entusiasmen over å lese boka var så stor at eg nesten ikkje kunne vente med å la superlativa hagle.

Bjørnereservat

Boka til Witold Szablowski er todelt. Dansende bjørner. Lengselen etter tyranniet tar i første halvdelen for seg livet til dei dansande bjørnane i Bulgaria, etter at dei vart sett fri som følgje av kommunismens fall. Heilt frie vart dei likevel ikkje, då dei berre hamna i eit inngjerda bjørnereservat.

Den andre halvdelen handlar om forteljingane til menneska som fekk liva sine endra etter at dei autoritære regima mjukna opp. Svara livet i fridom til forventningane? Og kva har desse historiene med kvarandre å gjere, eigentleg?

Kommunismens fall

I hundrevis av år reiste sigøynarar og romfolk rundt i mange kommunistiske land i Aust-Europa med bjørnane sine. Bjørnar som faktisk hadde lært seg å danse. Bjørnar som ikkje gjekk til angrep på menneske, men som oppførte seg som oss. Truleg låg det tvang og straff bak.

Med kommunismens fall vart sigøynarane og romfolk tvungne til å gje frå seg bjørnane, slik at dei kunne leve fritt i eit viltreservat.

LEST MER: Hjelpa som ingen andre gjev

Rasisme og framandfrykt

Szablowski skriv nært om skjebnane til menneska som eigde bjørnane, samstundes som han gir oss rørande portrett frå liva til dyra sjølve etter at dei har blitt sett fri – eller vart dei eigentleg sett fri? Ingen som les Dansende bjørner kan fri seg frå tanken om at dei dansande bjørnane som no har hamna i eit bjørnereservat, trer fram som meir ufrie på trass av frigjeringa. Dei har ikkje gløymt sine gamle kunstar, og ofte fell dei tilbake til den dansinga dei var blitt opplærd til.

Med kløkt får også Szablowski fram korleis dei som sette bjørnane fri, frivillige dyrevernarar, osar av rasisme og framandfrykt ovanfor sigøynarar og romfolk. Han viser det berre fram, utan å karakterisere det eller gjere noko nummer.

Etter jernteppet falt

Eg vart så oppslukt av historia om dei dansande bjørnane at eg ikkje forstod noko som helst då boka endra retning halvvegs. Szablowski tek oss med til Cuba utan at eg heilt forstår kvifor. Her er ingen dansande bjørnar eller bjørneparkar. Ingen samanheng i det heile tatt med det som hittil har vore den raude tråden i boka. Han reiser vidare reiser til Ukraina, Polen, Georgia og Balkan. Vi får møte menneska som har levd gjennom dei økonomiske omveltingane. Som har kjend det på kroppen, kontoen og livet kva det vil sei at jernteppet falt.

Dei er som folk flest: ulike. Dei ser også ulikt på om situasjonen har gått til det betre, men mange av dei fortel ærleg og ope om utfordringane med fridomen. Andre er openlyst romantiske overfor dei autoritære styresetta dei har levd store delar av liva sine under.

Genial idé

Samanhengen mellom alle desse menneska og bjørnane blir etterkvart tydeleg. Det er ein nesten genial idé. Szablowski gjer dei dansande bjørnane i Bulgaria til ein spegel for det som er den reelle historia i boka hans: Folk som levde under kommunismen, som no er frie, men som lengtar tilbake til ei tid då dei ikkje var frie. Sovjetmenneska som lengtar etter Sovjetunionen. Cubanarane som lengtar etter Fidel Castro. Bjørnane som heller vil danse enn å vere fri.

LEST DENNE? András Kádár har bevitnet demonteringen av Ungarns demokrati

Lengt etter tyranni

Ved å bruke livet til dei dansande bjørnane som ein spegel på liva til menneska som òg vart satt fri, får vi innsikt i nyansar ved den nye fridomen. Det får meg til å reflektere over om dei verkeleg fekk det betre. Kva slags fridom har eigentleg desse menneska fått, då dei lengtar attende til tyranniet? Forfattaren driv på ingen måte med skjønmaling av diktatur og autokrati, men han opnar augo for eit perspektiv mange kanskje ikkje har tenkt så mykje på.

Bjørnen Dobry er fri, men oppfører seg som om den framleis er i varetekt hos bjørnetrenaren sin. «Som om de fortsatt tigger om brød, sukkertøy og øl, som om de vil ha nærhet eller lindring. Lindring fra smerte ingen påfører dem lenger». Slik menneska i det tidlegare Sovjetunionen så ofte også gjer.

Det er lenge sidan eg har sett nokon formidle ein diskusjon om fridom og diktatur, liberalt demokrati og menneskerettar på ein meir intelligent måte enn Szablowski gjer i boka si. Dei dansande bjørnane er meir menneskelege enn vi liker å tru.

---

Bok: Sakprosa

  • Witold Szablowski
  • Dansende bjørner – Lengselen etter tyranniet
  • Oversatt av Agnes Banach
  • Pax forlag

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker