Anmeldelser

Hyperspace gir ei ordlaus, hypnotisk reise til Antarktis

James Batchelor skaper assosiasjonar til sjøanemonar, aliens og møte mellom hav og menneske som får ein til å undre på grensegangane mellom dei. Det heile ­basert på ei reise i Antarktis

Av: Elin Høyland

Det store scenerommet på Dansens Hus er svartlagt og tomt, med unntak av ein spotlight-sirkel midt på scenegolvet, kor koreograf og dansar James Batchelor sit på kne med hovudet hengande nedover, og utstrakte armar og hender ned mot golvet. Fingrane ligg flate på golvet og trekker til seg merksemd, ikkje utan grunn. For bileta Batchelor skaper oppstår gjennom eit finmaska samspel mellom hans eigne kroppsdelar, det svarte rommet, og elektronisk musikk ved komponist og lydsdesigner Morgan Hickinbotham, som sit i utkanten av scenen.

Eit monotonalt lydspor kjem inn, lett svevande, lett knitrande­ og hendene begynner nærast umerkeleg å røre på seg, til berre fingertuppane står igjen i bakken. Det er som om lyd og rørsle saman fører oss inn i eit optisk rom kor tida går i oppløysing, og kor det kroppslege rommet, Batcehlors rørsler, ikkje lenger kjem frå eit medvite individ som styrer kroppen – her er det kroppen som er medvitet, og «mannen» blir som ein slags tilskodar i sitt eige univers.

LES OGSÅ: Etter at Kjersti Kramm Engebrigtsen sluttet som aktiv danser, startet hun et banebrytende arbeid for blinde og svaksynte

Kunsten og vitskapen

Batchelor er kledd i svarte tights, kanskje i fløyel, som går heilt ned til føtene og dekker det som ser ut som eit par joggesko. Med den bare overkroppen som er dekorerte med ei form for små tatoveringar, litt vanskelege å tyde, men som gir meg assosiasjonar til maneter og andre sjødyr og planter, eller kanskje berre skrot, tenker eg på Batchelor som ein slags Mer-man, eit menneske som har gått havet i møte og er komen tilbake for å syne oss noko.

Meir enn ei historie å fortelje, er det nemleg sjølve møtet mellom kunsten og vitskapen som utforskande livsmøte, som er Batcehlors omdreiingspunkt, både i prosessen bak framsyningane sine, og i estetikken som møter oss.

LES OGSÅ: Hva har hudfarge med evnen til å danse ballett å gjøre? Ingenting. Likevel er fortsatt de fleste ballettkompanier hvite.

Skarp og draumeaktig

Heilt sidan han var gut med eit verdskart som skriveunderlag på pulten, har James Batchelor hatt ei dragning mot det store, opne og mysterieeggande området Antartktis, noko han som ung mann og har teke inn i arbeidet som koreograf og dansar. Framsyninga Hyperspace er den tredje Batchelor baserer på eigne erfaringar frå ein ekspedisjon til øyer i Antarktis, og fangar opp i seg draumen han hadde som gut om å utforske dette området. Før dette, hadde han allereie i sitt første verk, Island, begynt å arbeide med tema knytte til kropp og rom, og korleis me som menneske dannar oss kunnskap om verda gjennom vår fysisk veren i ho.

Ut frå erfaringane han gjorde seg medlem av eit større forskarteam på ekspedisjon til sub-antarktiske øyer, utvikla han fleire framsyningar i samarbeid med andre kunstnarar, kor Hyperspace er den tredje i rekka. Batchelor er trekt fram som ein av dei ledande unge koreografane i Australia, som og har gjort seg kjent i Europa gjennom nettverket Aerowaves. Med sin visuelle klarleik og måten han evner å trekke publikum inn i erfaringa av kroppen i rommet, og som rom, er det og eit fascinerande uttrykk som møter oss; skarpt og minimalistisk, og samstundes draumeaktig.

LES OGSÅ: Danseterapeutene står fortsatt i samme register som healing og naturmedisin. Nå ønsker de anerkjennelsen musikkterapeutene har fått

På havets botn

Kroppen til Batchelor vitnar om liv i havet, især gjennom armrørsler som får meg til å tenke på ein buktalar med ei dokke på armen. I fleire sekvensar av framsyninga er det handa og armen på kroppens eine side som tiltrekker seg den visuelle merksemda, med bølgjande rørsler, og detaljerte­ interaksjonar mellom handa og andletet til Batchelor. Eg ser sjøanemonen på havets botn, eg ser forskaren med sitt nøytrale blikk, eg ser korallar som krympar seg i det larmen frå lasteskipa (i lydbiletet i framsyninga) sender lange skuggar ned i havet. Eg ser møtet mellom eit skjell og ei menneskehand som møtes (den «animerte» handa møter den andre «nøytrale» sida av kroppen), og eit andlet som fell til ro, i ein kropp som når framsyninga er over, sit heilt stille, kanskje på havets botn. Eg ser ei form for skapingsforteljing kor mennesket må møte si rolle i høve til rommet rundt seg på ny.

Batchelors framsyning gjer det få klarer i så konsentrert form; å ta oss med på ei ordlaus, nærast hypnotisk reise gjennom den minimalistiske koreografien, som samstundes opnar opp store tema om tilhøva mellom menneske, rom, tid og naturens mysterium.

---

Hyperspace

  • Koreograf og utøver: James ­Batchelor
  • Komponist og lyddesigner: Morgan Hickinbotham
  • Lysdesigner: Beizj Studio
  • Dansens Hus, 21.–22. september 2019

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser