Anmeldelser

Hummar og kanari
 i Noas ark

Noas ark ligg til kai i Arendal. Båten i seg sjølv er imponerande, men innhaldet i det flytande bibelmuseet kan fortone seg som eit samansurium.

Det er med blanda kjensler eg besøker den enorme trebåten som har ligge til kai i Arendal denne sommaren. Nederlendaren Aad Peters har bygd om det 70 meter lange skipet til bibelmuseum. I sin utvendige form liknar «Noas ark» på arken vi kjenner byggeinstruksjonane til frå Bibelen, sjølv om han er berre halvparten så lang. Det gjer eit mektig inntrykk å sjå den store båten ligge fortøygd i den vesle sørlandsbyen.

LES OGSÅ: Arken anløper Arendal

Trefigurar

Innvendig er Noas ark delt opp i fire plan. Skilting fortel oss korleis ruta gjennom arken skal gå: Vi startar øvst og arbeider oss nedover. Gjennomgåande er båten full av trefigurar og naturlege material. Plast finst det lite eller ingenting av. Det første som møter meg er dei nakne trefigurane av Adam og Eva. Litt bortanfor er toppen av Livsens tre, som bind alle dei fire etasjane saman. Båten er 13 meter høg, så det er langt ned til røtene i første etasje når ein står på toppen.

Forvirrande

Noas ark er tenkt som eit bibelmuseum der vi blir tekne med gjennom bibelhistoria på 19 stasjonar. Noa sjølv dukkar først opp på stasjon fire, etter stasjonen med Kain og Abel. Litt forvirrande kan dette vere, særleg for barn som ventar seg ein båt full av dyr. Vidare passerer vi ein trefigur av Abraham, som løftar kniven for å ofre sonen sin, Isak. Deretter passerer vi Moses og Samson, før vi går ned ein ny etasje til historia om David og Goliat. Her kan dei besøkande dra i eit tjukt tau for å prøve å velte Goliat med ei diger klubbe.

Etter dette forfriskande tilbodet hamnar vi plutseleg i rommet for Jesu fødsel. Dei fire neste stasjonane tek oss nemleg med til nytestamentleg tid med Jesu død og oppstode. Den tomma grava er symbolisert av ei tom eiketønne, og påskeharen har også tatt oppstilling ein av stadene. Dette kan gi høve til å snakke med barn om kva slags historier som er sanne og kva slags historier som er eventyr og myter.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Uforløyst

Så går vi ned endå ein etasje, den nedste, og er plutse­leg attende i Det gamle testamentet hjå kong Salomo. Til slutt endar vi ved røtene av Livsens tre, som oppbyggeleg nok munnar ut i ein kross.

Tanken med Noas ark er god, og eg er sikker på at mange kjem til å vandre gjennom dette bibelmuseet av pur nyfikne. Likevel er det noko med estetikken som er litt uforløyst. Her finst både tsjekkiske trefigurar, kosedyr i plysj, kinesiske dører, eit 120 år gamalt piano og tivoliartifaktar så å seie side om side.

Hummer og kanari, med andre ord. Men også desse dyra skal få bli med i arken.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser