Film

Hårkledd menneskeverd

Vibeke Idsøes Løvekvinnen vippar mellom det rørande og det sentimentale. Men filmen gir ei sterk påminning: Vi skal elske vår neste – også når ho blir oppfatta som ein frik.

For litt sidan såg eg om igjen David Lynchs spelefilm frå 1980, Elefantmannen. Filmen er bygd på den sanne historia om John Merrick, som levde i England på siste halvdel av 1800-talet. Den deformerte kroppen hans gjorde han til ein medisinsk sensasjon – dei store svullane og den harde huda hans fekk mange til å assosiere han med ein elefant.

Filmen Elefantmannen er prega av ein mektig humanitet, der Merrick blir hundsa med og stilt ut som attraksjon på freakshow, samtidig som filmen avdekker at han var ein skjønnånd med stor interesse for litteratur og teater – ei vakker menneskesjel.

Fødd som frik

Når regissør Vibeke Idsøe no har filmatisert Erik Fosnes Hansens roman Løvekvinnen, er det naturleg å trekke ei linje attende til Lynch. Mykje av den same humaniteten pregar Idsøes film, der hovudpersonen Eva Arctander møter livet frå ein utgangsposisjon som misfoster – ein frik.

Tre skodespelarar spelar Eva, som barn (Aurora Lindseth-Løkka), ungdom (Mathilde T. Holm) og vaksen (Ida Ursin-Holm). Den uvanlege jenta blir fødd som dotter av stasjonsmeister Gustav Arctander (Rolf Lassgård) og kona Ruth (Lisa Loven Kongsli), som døyr i barsel – året er 1912. Med eitt slag står stasjonsmeisteren åleine att i livet, med ansvaret for ei dotter som er innhylla i pels frå topp til tå. «Det er ikkje eit barn,» er den første fortvilte kommentaren hans, «det er ei gaupe.»

Einsemd

Det kompliserte forholdet mellom far og dotter utgjer ei kjerneforteljing i filmen. Stasjonsmeisteren stenger Eva inne, som eit dyr i bur, av redsle for folkesnakket. Einsemd og utanforskap blir såleis sentrale tematikkar i historia: Eva får knapt møte andre menneske enn faren og barnejenta Hannah (Kjersti Tveterås), som blir Evas forkjempar og nærmaste fortrulege. Ulikt stasjonsmeister Arctander skammar ho seg ikkje over Eva, men brukar lang tid på å komme i forhandlingsposisjon overfor mannen som har tilsett henne.

Vekslande

Dei ulike skodespelarane gjer ein fin innsats, der Rolf Lassgård må trekkast fram som den berande rolla. Filmen står i spennet mellom å vere rørande og bli i overkant sentimental, noko som også blir understreka av den svært tydelege musikkbruken. I mine auge er han knakande god den første timen, før det blir ein smule meir springande og oppjaga i siste halvdelen av filmforteljinga.

Eg skal ikkje avsløre for mykje av handlinga, for dei som ikkje har lese Erik Fosnes Hansens roman. Men det kjem tidleg fram at Eva har heilt spesielle evner. Spørsmålet blir om ho nokon gong skal få realisert desse evnene, eller bli tvungen til eit tilvere som innestengd apemenneske eller som artist på omreisande freakshow.

Håpefull

Vibeke Idsøe film er både sørgjeleg og håpefull. Sjølv om filmen ikkje er perfekt – eller kanskje nettopp derfor – får vi sterk sympati for hovudpersonen Eva og gret over samfunnet som skaper farens skam. I eit samfunnsperspektiv har vi alle eit ansvar for at vi ikkje hamnar der igjen. Det kan vere god grunn til å minne om at det snart ikkje blir fødd barn med Downs syndrom i Danmark lenger. Downs-barn risikerer å bli sett som våre dagars løvekvinner, ein raritet.

Menneskeverd

Løvekvinnen lukkast, lik David Lynch' Elefantmannen, med å gi oss ein kraftfull invitasjon til refleksjon kring menneskeverd. Der vi menneske ikkje evnar å elske vår neste, også der vår neste blir oppfatta som ein frik, handlar vi i strid med skaparverket. «Eg er så glad i Jesus. Trur du han vil hjelpe meg?» seier Ruth rett før vesle Eva blir fødd. Nettopp Jesus har i Det nye testamentet lært oss betydinga av ein vilkårslaus nestekjærleik – ein kjærleik som den hårkledde Eva får oppleve i litt for små glimt.

Sjå gjerne filmen. Og la oss uansett heie løvekvinnene fram, saman med dei andre utstøytte, sjuke, einsame og rare. Først då kan vi vere stolte av riksvåpenet.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film