Bøker

Grunnbok for vaksne

Ei bok som kan formidle nødvendig kunnskap om den kristne trua.

Av og til møter vi menneske som vil vite meir om den kristne trua. Nokre har oppdaga at dei er kristne, nokre vil bli døypt og andre vil rett og slett danne seg ei sjølvstendig oppfatning av kva kristendom er. Fleire av dei vil ha tips om kva dei bør lese. Kva svarer vi då?

Det finst mykje litteratur som er retta mot barn og ungdom, til studentar og fagfolk og det finst nokre populære framstillingar av kristne tru, gjerne litt alderdommelege som av gode grunnar ikkje er så populære lenger. Men finst det noko som kan formidle nødvendig kunnskap om den kristne trua til alminnelege menneske som har levd ei stund? Det gjer faktisk det. Neste gong nokon spør, vil eg peike på Trond Skard Dokkas bok Vendepunkt.

Breiare publikum

Dokka er prest og har i mange år vore professor ved Teologisk Fakultet. Som pensjonist har han, på same måten som nokre av kollegaene sine, vore engasjert i å formidle teologisk kunnskap og haldningar til kristen tru til eit breiare publikum. Dette er fortenestefullt og bidreg til å auke kvaliteten på det offentlege ordskiftet om tru.

Dokka ønsker med denne boka å forklare barnelærdommen for «voksne mennesker med voksne erfaringer» og «å gjøre kristendommen begripelig, også for de som har intellektuelle innvendinger». Eit tilbakevendande tema i «Vendepunkt» er nettopp korleis menneske heile tida og på ulikt vis er vendt til kvarandre og Gud. Boka forsøker å vise at kristen tru med fordel kan bli forstått «som en bestemt måte å være vendt på».

Tekst og praksis

Dokka har valt å disponere boka ut frå ein luthersk katekismesjanger, med tre hovuddelar: Først om boda og Fadervår, deretter om trusvedkjenninga og til sist om sakrament, heilage handlingar og andaktsliv. Som ein slags varedeklarasjon før desse hovuddelane kjem ei velformulert innleiing om menneskelivet og Guds ord. Ifølgje forfattaren er fordelen med katekismesjangeren at den gir rom for å vektlegge praktiske sider ved det kristne livet, som fromheitsliv og gudstenester. I tillegg kan ein kan ta utgangspunkt i etablerte tekstar og praksisar, i staden for meiningar om dei. Det er dette basismaterialet undertittelens «gammel grunn», viser til. Boka viser at eit slikt val har mykje for seg.

Framstillinga av sakramenta, særleg dåpen, og gudsteneste og bøneliv er høgdepunkt i boka. Forfattaren framstår både som svært velinformert, for å seie det forsiktig, men også raus og from. Dessutan som ein forfattar med ei imponerande vilje til ikkje å vere polemisk eller ironisk. «Vendepunkt» er i det heile ei post-ironisk framstilling av den kristne trua og det er noko av det fine ved boka.

Utfordring

Katekismesjangeren har også sine innebygde utfordringar. Den lutherske katekismetradisjonen plasserte jo dei ti boda først fordi dei som ei allmenn lov også skulle peike mot evangeliet om Jesus. I denne framstillinga er den teologiske bruken av lova tona ned. Og lesaren kan då spørje seg kvifor boda skulle vere viktigare enn til dømes Jesu eigne ord, til dømes i Bergpreika.

Utfordringa med avsnittet om dei klassiske truvedkjenningane er om hovudvekta ligg på det dei viser om den kristne trua eller på dei ulike tekstane. Når vekta ligg på det siste, blir det jo tydeleg at viktige element ved ei kvar form for kristendom, nemleg Jesu liv mellom fødsel og pasjon, forsvinn ut av synsfeltet. Dette ser forfattaren og han presiserer derfor at ein må forstå truvedkjenningane ut frå si gudstenestelege rolle og plassering, som ord etter evangelielesing og forkynning.

Manglar

Delar av teksten er meint å vere eit slags bonusspor for dei som vil vite meir. Dette stoffet som utgjer viktige sider av boka, er av ein eller annan grunn sett i ein lys raud farge. Det gjer det nesten umogleg å lese for store delar av målgruppa, og også for fargesvake. I tillegg inneheld boka åtte av Gustave Dorés bibelillustrasjonar. Dei blir ståande ukommenterte og det er heller ikkje opplyst kvar dei er henta frå. Å laste inn slikt velbrukt stoff gratis frå nettet, kan knapt bli oppfatta som å ta kunstuttrykk på alvor. Boka inneheld òg mange salmestrofer henta frå salmeboka. Ingen av forfattarane er krediterte eller namngjevne.

Det er forståeleg at forlaget har prøvd å redusere notar og tilvisingar til eit minimum. Men for den nysgjerrige lesar som bit seg merke i at Luther hevda at vi ikkje berre har ein kropp, men er ein kropp, ville det fint å vite kor det står. Tilvisingar er ofte kvalitetssikring. Litt overraskande får lesaren vite at Walter Benjamin skreiv at «oppmerksomhet» er «kroppens bønn». Viser det til Kafka-essayet der Benjamin skriv at (den franske filosofen) Malebranche kalla oppmerksomheita «sjelas naturlege bøn»? Veit ikkje. Det er ikkje sikkert at alle lesarar forstår kva uttrykket «default value» betyr, heller.

Bibelgrupper i ei ny tid?

Vendepunkt er ei god bok om kristen tru i dag som vender seg til vaksne lesarar. Det er ikkje sikkert at denne målgruppa treng å lese aleine og for seg sjølv. Dokka legg jo stor vekt på relasjonar og fellesskap i framstillinga. Eg lurer på om det på tide å rehabilitere ein samværsform som lenge har framstått som gamaldags, nemleg å samle folk av god vilje til samtale om tru og kvardagsliv?

Då kunne ein jo med fordel tatt utgangspunkt i Dokkas bok og gjerne etter kvart også brukt tekstar om kva Jesus gjorde og sa mellom dei to tidspunkta som er nemnde i truvedkjenningane, enten henta frå Bibelen eller frå nyare framstillingar. Kanskje også synge nokre salmar når ein først er samla? Eg trur faktisk det no vil vere interesse for ei slik samværsform. Kvifor ikkje prøve? Ein kunne jo kalle det bibelgruppe eller noko heilt anna.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker