Kirke

Gode talarar og handbrygga kaffi

Med tradisjonell teologi og ein hipp kaffibar, er Filadelfia eit midtpunkt i hovudstaden.

Vårt Land har startet en ny serie med anmeldelser av gudstjenester annenhver mandag. Anmeldelsene skrives under pseudonymet St. Birgitta, pilegrimenes skytshelgen.

Går du inn døra til Filadelfia, er det første du ser ein kaffibar. Førsteinntrykket er moderne: store glasvindauge, eit hjørne med ­retroting og ei velkomstbrosjyre med grafisk uttrykk anno 2018. Det massive gudshuset kan like gjerne minna om eit moderne bedriftslokale, i stil med mange andre bygg i Oslo sentrum. I dag er kyrkja kjent for å stå for tradisjonelle teologiske standpunkt. Samtidig blir den radikale, frikyrkjelege historia reflektert i eit ytre som følgjer med i tida.

Fargar

På veg opp til hovud­etasjen, kor søndagens 11-guds­teneste går føre seg, møter kyrkje­gjengarane store plakatar og fargerike skilt til barnekyrkja Microfila. Sjølve salen er derimot fargelaus: Kvite veggar utan dekor reflekterer den meir lågkyrkjelege historia til både Filadelfia Oslo som kyrkjelyd og pinserørsla i Noreg generelt. Berre­ dei kongeblå, mjuke klappstolane står i kontrast til den elles særs nøytrale salen.

Som motstykke til dette nøytrale, er det eit mangfaldig publikum i alle aldrar, og med langt fleire etnisitetar enn du finn i dei fleste andre norske kyrkjelydar. Vertskapet ønskjer velkomen, og ei klokke på skjermen over scenen seier kor lang tid du har på å setja deg. Mange samtaler og eit yrande liv viser at slagordet Velkommen hjem nok kjennest riktig for dei som går fast i Filla – som er kallenamnet kyrkja ber.

Roleg halleluja-stemning

Når ein introduksjonsvideo startar på skjermen eit par minutt over elleve, er salen nesten full. Dei møtte blir ønskja velkommen og får litt informasjon. Etter dette går bandet i gong med lovsong. Her får du høyre både gamle salmar og moderne låtar plukka­ frå Filadelfias nyaste album. I tillegg til den klassiske bandoppsettinga, har ein sopransaksofonist lurt seg inn med tonar særs passande til slow-popen som kjem ut høgtalarane. Også her syner Filadelfia mangfald i praksis.

All musikk er på norsk, og ­engasjementet i lovsongen er noko anna enn kva du finn i mange andre kyrkjer. Alle står, nokon med hender i vêret, og skal ein nemna kjensla av Den heilage andes nærvær må det bli her. ­Filadelfia er ein del av pinserørsla, som tyder at det er ei kyrkje med fokus på denne kjensla. Samtidig er det langt frå amerikanske megakyrkje-tilstander, slik ein ser på TV, men både lovsong og bønn er meir intenst i Filadelfia enn mange vil vera vande med.

Etter lovsong er tida til barna komen. Denne søndagen får alle andreklassingane utdelt ein bibel og blir bedde for av barnepastor Linn Lindtveit. Deretter startar barnekyrkje-songen. Med eitt er det massemønstring når ein tredje­del av salen skal ned til ­Microfila, Filadelfias barnekyrkje. Er det ein ting Filadelfia kan, så er det barnearbeid – noko dei snart halvtomme benkeradene i storsalen vitnar om. Barnearbeidet er såpass seriøst at det til og med er duka for foreldremøte ­etter denne søndagens gudsteneste.

LES FLEIRE MELDINGAR:

Gir tekstane liv

Med berre dei vaksne igjen i rommet, tar forstandar og pastor Andreas Hegertun fatt på dagens preike. Tittelen Skaper + Frelser lyser mot oss på storskjermen, og Hegertun tar oss med på ei vandring gjennom heile Bibelen – frå mosebøkene til Johannes' openberring. Pastoren skildrar korleis Gud lova menneska liv om dei er ­lydige mot hans ønske om å ikkje eta frå kunnskapens tre. Samtidig blei Jesus lova døden om han gjorde kva Gud bad om, ein smerteleg men frelsande motsats til forteljinga i den første moseboka sitt tredje kapittel.

Det er lenge sidan første gong eg høyrde om Guds rolle som både skapar og frelsar. Likevel klarer pastor Hegertun å gi tekstane nytt liv med sin gode forteljarstemme, sitt engasjement og når han knyt tekstane til dags­aktuelle spørsmål om tilgiving. Han stiller òg spørsmål med kven dei moderne kristne eigentleg er, og fremjar stoltheit over at kristne finst i alle samfunnslag og med særs ulike truserfaringar.

Etter all læra om synda og frelsa,­ er det tid for nattverd. Pastoren kjem på førehand med ei forklaring om korleis nattverden blir gjennomført, til god støtte for dei som ikkje er vane med slikt. Så går kyrkjegjengarane organisert fram til brødet og ­vinen i køar som er så fine at den ­engelske overklassen kunne blitt frelst av mindre. Lovsongsbandet setter igjen stemninga, og det er forbønn for dei som ønskjer det. Og så, etter eit par takkande ord, sig folk ut frå salen atter ein gong.

Alle generasjonar

Filadelfia har ikkje kyrkjekaffi, men mange tar turen ned i kaffibaren Barratt både før og etter gudstenesta. Kvar søndag blir det òg servert middag i matsalen til ein hundrelapp. Kyrkja gjer mykje for å skapa denne heimlege kjensla som slagordet deira tilseier. Det er tilbod om både bibelkurs, kulturskule og små bibelgrupper for medlemmane. Filadelfia eig til og med ein eigen gjestegard, som har samlingar og overnattingsplass heile året.

Barnearbeidet til Filadelfia har fleire tilbod enn det finst forteljingar i Bibelen. Aktivitetar ­inkluderer speiding, LAN-festar og barnekor for dei yngre, og konfirmasjon og fredagsmøter i Ungfila for dei litt eldre. Elles har kyrkja ei kveldsgudsteneste for unge kalla Møtepunkt. For å vita meir om dette måtte eg spørja i infokiosken. Dei eldre har sine eigne arrangement, og det finst til og med eit eige business-forum for den som vil styra rikdommen med heilag støtte. I Filadelfia kan altså folk uansett alder og interesse finna kristne fellesskap for dei.

Trygt val

Mottoet Velkommen hjem dekker dei mange tilboda­ kyrkja har. I denne kyrkja kan du byggja eit sosialt nettverk. Menneska er òg heimlege med kvarandre – om du kjenner dei. Sett bort frå velkomstorda i inngangen, er det vanskeleg å møta folk for ein framand, med mindre du sjølv tar initiativet. Sidan Filadelfia er ein heim for så mange, kan det verke som om kyrkja har gløymd dei nye, som kanskje ønskjer å finna sin plass i kyrkjelyden.

På same tid er Filadelfia ei mangfaldig kyrkje med endelause tilbod og passe rolege gudstenester, slik at mange kan føla seg heime. Viss desse tilboda passar for deg er Filla eit trygt val, og ekstra fint for deg med barn. Rikt musikkliv, gode talarar og (ikkje minst!) handbrygga kaffi skriv seg inn i hjartet på den som søkjer ei kyrkje med stort fellesskap. I tillegg kan du ved å gå innom St. Olavsgate 24 sleppa å laga søndagsmiddagen, og det er vel ikkje å forakta?

St. Birgitta – religion@vl.no

---

Gudsteneste

  • Søndagar kl. 11:00 og 19:00
  • Dato besøkt: 18. mars 2018
  • Kyrkjesamfunn: Pinsebevegelsen i Norge
  • Retning: Pinsekarismatisk
  • Tilrettelegging: Rampe/heis for rullestol, glutenfri nattverd
  • Omsetjing til engelsk: Nei, men eigen engelskspråkleg gudsteneste kl 14
  • Dåp: For dei med bevisst trusvedkjenning. Barnevelsigning for nyfødde
  • Vigsel: Ja, for par av ulikt kjønn
  • Kjelde: filadelfia.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke