Glimrande samfunnssatire
Nationaltheatrets Helikopter råkar oss der det gjer vondt: I spennet mellom idealistisk tanke og faktisk handling. Regissør Cecilie Mosli lykkast optimalt.
Trond Espen Seim (fra venstre), Kingsford Siayor, Ine Jansen og Jonas Strand Gravli spelar rollene i Helikopter. Vittig, velspelt og samfunnsaktuelt, meiner vår meldar.
Øyvind Eide
Skodespelet Helikopter er kome flygande heilt frå Australia, men går presist inn i den norske samfunnsdebatten om flyktningar og romfolk.
Det Angela Betziens skodespel tematiserer så glimrande, er korleis velståande nordmenn ofte er fulle av gode intensjonar og idealistiske tankar – men sviktar når problema kjem for tett innpå våre eigne liv.
I det siste har vi sett eit fantastisk engasjement for å huse flyktningar i private bustader. Eg trur det finst mange som har heia fram dette initiativet, med ei stilltiande erkjenning av at dette ikkje er noko ein sjølv kunne gjort – ofte med gode grunnar.
Bestill abonnement her
KJØP