Teater

Glimrande samfunnssatire

Nationaltheatrets Helikopter råkar oss der det gjer vondt: I spennet mellom idealistisk tanke og faktisk handling. Regissør Cecilie Mosli lykkast optimalt.

Skodespelet Helikopter er kome flygande heilt frå Australia, men går presist inn i den norske samfunnsdebatten om flyktningar og romfolk.

Det Angela Betziens skodespel tematiserer så glimrande, er korleis velståande nordmenn ofte er fulle av gode intensjonar og idealistiske tankar – men sviktar når problema kjem for tett innpå våre eigne liv.

I det siste har vi sett eit fantastisk engasjement for å huse flyktningar i private bustader. Eg trur det finst mange som har heia fram dette initiativet, med ei stilltiande erkjenning av at dette ikkje er noko ein sjølv kunne gjort – ofte med gode grunnar.

Særs vellukka

Spennet mellom idealistisk tanke og faktisk handling er større for mange av oss enn vi likar å bli minna om.

Nettopp derfor meiner eg at Helikopter er ei særs vellukka oppsetning. Ho pirkar borti samvitet vårt og leikar fram både den eine og andre innsikta gjennom satiren si frekke og humoristiske form.

LES OGSÅ: Gud er tilbake i litteraturen – Allah uteblir

Scenerommet er kvitt – eller java-kremfarga, for å vere nøyaktig – og signaliserer med sine polstra veggar kva tittelen Helikopter ber bod om: Her handlar det om to «helikopterforeldre», spelt av Ine Jansen og Trond Espen Seim, som vernar barna sine til det ekstreme. Problemet er at iveren etter å skåne barna, særleg eldstesonen Lukas (Jonas Strand Gravli), i staden fører til at dei blir både neglisjerte og udyktiggjorte.

Putene foreldra har sydd under armane på han, er store som elefantar.

Elefanten i rommet er ei ulykke der faren i huset har rygga i hel nabodottera. Den vesle jenta­ var frå ein ugandiske familie, og når den norske familien møter onkelen hennar, Thomas (Kingsford Siayor), taklar dei ikkje den verkelegeheita som brått står framfor dei.

Dei strevar med å komme Thomas i møte, samtidig som faren i huset er full av fordommar og mistankar – han reknar med å bli saksøkt i etterkant av ulukka.

Thomas gir dei eit innblikk i historia til sin eigen familie, som involverer fryktlege overgrep, drap og vald, mens den norske familien ikkje klarer å ta realitetane innover seg. Det oppstår ein uhyggeleg komikk når mora prøver å vektlegge dei små strimene av håp i forteljinga, og når faren bryt Thomas av fordi han trudde han høyrde babycallen.

Mens den ugandiske familien har overlevd enorme redsler, for så å bli utsette for ein ny tragedie i Noreg, er vår norske familie mest opptatt om veslejenta på soverommet har laga ein skrikelyd.

Bravur

Trond Espen Seim spelar den alkoholiserte og kyniske familiefaren med bravur, først gjennomført kald, sjølvmedisinert og fråverande (merk mobiltelefonbruken!), deretter knekt av skuldkjensle.

Ine Jansen er ditto glimrande med den velmeinte, men feige viljen til rollefiguren sin – gjennom henne får vi våre eigne tendensar tydeleggjort så vi set latteren fast i halsen.

LES OGSÅ: I Game of thrones er den sanne helten borte

Mens også Kingsford Siayor og Jonas Strand Gravli fyller sine roller til punkt og prikke, i overtydande spel med solid timing.

Regissør Cecilie Mosli, som også har omsett stykket til norsk, lukkast optimalt med denne samfunnssatiren. Her finst ingen andre peikefingrar enn den vi får planta i solar plexus.

Helikopter er eit teaterstykke vi har svært godt av å sjå.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater