Bøker

Full fart mot dommedag

I Neil Gaiman og Terry Pratchetts kultklassikar Gode varsler, som no er omsett til norsk, blir Anti-Krist forveksla på føde­klinikken. Derfrå går handlinga i eit rasande tempo.

Som mange andre gode forteljingar startar kultklassikaren Gode varsler i Eden. Korkje engelen Azirafael eller demonen og slangen Crowley er heilt imponert over det som skjedde då menneska vart kasta ut frå paradiset. Samtalen mellom dei to representantane for det gode og det vonde held fram gjennom menneskeslektas historie. Trass i ulike livssyn og arbeidsgjevarar har dei etter kvart blitt vener.

Etter mykje strev og lang planlegging har dei vonde maktene greidd å få Anti-Krist fødd, han som skal setje i verk undergang og dommedag. Problemet er berre at han dei trur det er, ikkje viser teikn på å vere skikkeleg vond eller god. Det har skjedd ei forveksling på fødeklinikken. Adam veks derfor opp som ein heilt vanleg engelsk gut.

Mørke smug

Derfrå går handlinga i rasande tempo – men med mange forseinkingar – langs motorvegane og i mørke smug. Dette er utgangspunktet for Neil Gaiman og Terry Pratchetts Good Omens, som boka heitte då ho først blei gitt ut i 1990. Etter den tid har begge forfattarane kvar for seg stått bak sentrale og til dels grenseoverskridande verk innanfor den romslege fantasy-sjangeren. Boka, som har undertittelen «Heksen Agnes Nutters fine og korrekte profetier», er først no blitt tilgjengeleg på norsk. Ho passar både for godt vaksne tilhengjarar av forfattarane og for yngre lesarar som treng hjelp for å kome seg ut av ein post-Harry Potter-depresjon. Teksten er ypparleg gjendikta av Stian Omland.

Lurvete typar

Eit stort persongalleri og uoverskodeleg mange bihandlingar gjer det umogleg å gjere greie for heile handlingsgangen: Her er mange lurvete typar som trur på overnaturlege fenomen og konspirasjonar, og også heilt vanlege, og derfor uføreseielege, folk i skjønn foreining. Dette uoversiktlege og fargerike person­galleriet fører handlinga vidare mens tida for verda tikkar ubønhøyrleg ned. Vil den gode eller vonde sida finne den verkelege Adam først? Kven vinn kampen om han og om verdas framtid?

Det går mot eit stort oppgjer med oppdaterte versjonar av dei fire apokalyptiske ryttarane som vi kjenner frå Bibelens siste bok, på motor­sykkel. Skildringane av dei ulike typane med sine opp­heng dannar ei kultbok i fleire meiningar av ordet. Gode varsler er framleis eit leseverdig og kult verk. Ikkje skal eg røpe korleis det går. Men såpass kan eg seie: Her dreier det seg om dei heilt store spørsmåla, men samtidig om dei heilt små tinga.

Menneskeleg

Gode varsler er ein roman som dreier seg om kva det er å vere menneske. Kan menneska i all sin rikdom og sitt mangfald – med si evne til uventa innfall, fikse idear, vennskap og kjærleik – i seg sjølv setje ein stoppar for planar om utsletting? Den kosmiske planen står i fare for å bli kullkasta av det tilfeldige og anna som høyrer menneskelivet til.

Boka skulle passe godt til ungdomslesarar som er ferdige med Harry Potter. Og dersom du verkeleg vil vere sikker på at dei unge les, kan du plassere boka bak bokhylla og seie at dette er så skummelt og farleg at dei ikkje får lese ho før dei er atten.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker