Bøker

Fugleperspektiv på koronapandemien

Vi treng å sjå det samfunnseksperimentet vi alle er ein del av utanfrå.

Anmeldt av Emil André Erstad

Det var akkurat den kjensla eg fekk av å lese statsvitaren Ivan Krastevs siste bok, Framtida er her nå. Hvordan pandemien forandrer verden. Ah, dette trong eg! For ei terapeutisk tilnærming til store, vanskelege spørsmål. Etter fleire månader i ein tilstand prega av sjokk, vantru og dystopi, var det på tide at eg fekk nokon å snakke med som kunne gjere slik psykologane gjer på kontora sine: «La oss sjå litt stort på dette. Kva er det eigentleg som skjer akkurat no?»

Nå og morgondagen

Krastev set ord på dei omskiftelege kjenslene pandemien har ført til i starten, då han skriv: «Alle de mest berømte var der: 1984, Vidunderlige nye verden, The Handmaid’s Tale, A Clockwork Orange og Fluenes herre. I det lille området der alle sirklene overlappet, sto det: «Her er du.» Og der befinner vi oss – vi gjennomlever alle disse marerittene på én gang. «Ved midten av vår vandring gjennom livet», skrev Dante i Den guddommelige komedie, «fant jeg meg selv igjen i svarte skogen forvillet fra den rette, smale sti.»

Men det er i tilnærminga til framtidsaspektet, kva denne forferdeleg rare notidssituasjonen betyr for morgondagen, vekene framover, hausten, neste år og framtida, at Ivan Krastevs bok er på sitt beste. Kva betyr pandemien for framtida til demokratia våre? Vinn diktatura no? Blir det krig? Korleis ser framtida for borna mine ut?

Regimetyper

Krastev er skarp, presis og analytisk. I boka går han gjennom mange av lærdommane vi kan ta med oss frå koronakrisa, diskuterer og drøftar dei, før han til slutt formulerer sju paradoks om den politiske situasjonen rundt oss i dag og i tida framover.

Ein sentral påstand i Krastevs bok er at det ikkje handlar om demokrati versus diktatur. Mange har vore opptatt av om det er dei autoritære regima eller dei liberale demokratia som handterer pandemien best, men Krastev er tydeleg når han hevdar at det ikkje er regimetype som er det sentrale. Nokre av demokratia har jo mislukkast fullstendig, som USA og Italia, medan ein del av dei har handtert krisa på ein beundringsverdig måte, som Taiwan og Tyskland. På same måte er det med dei autoritære, hevdar Krastev, sjølv om det kanskje er fleire som mislukkast der.

Tillit

Det sentrale punktet for om ein stat skulle kome seg velberga gjennom krisa med låge tal på døde og redusert skade på økonomien, er tillit til institusjonane, hevdar han. Det er grunn til å tru at denne tilliten gjennomgåande er høgare i dei liberale demokratia enn i diktatur og autoritære regime, men det er likevel interessant å merke seg at skillet kanskje ikkje går akkurat der vi intuitivt trudde det gjekk.

Pandemien har også forandra samfunna våre, slik at vi kanskje aldri vil sjå dei att slik dei var før. Han skriv for eksempel: «Mens flyene står på bakken og samlebåndene hos de store forurenserne har stanset, har klimaaktivistene begynt å tro at drømmen om en lavutslippsverden er oppnåelig. Og når grensene mellom EU-landene er stengt, begynner høyrepopulistene å tro at de aldri vil åpnes igjen (...). Mye av det våre folkevalgte representanter så lenge har fortalt oss var umulig, har vist seg å ha vært både mulig og gjennomførbart hele tiden Nå vet vi at 'reglene' vi har levd med, var unødvendige Dette er en enestående mulighet til ikke bare å trykke på pauseknappen og midlertidig lindre smerte, men til å endre reglene permanent.»

Det er i det heile tatt eit imponerande prosjekt Ivan Krastev har kasta seg ut i, då han i starten av koronapandemien sette seg ned for å analysere korleis pandemien ville endra samfunna våre. Tankeprosessen, skriveprosessen og heile prosessen med forlag og utgjeving må ha gått på rekordtid. I realiteten er boka eit essay, men Det norske sakprosaforlaget Res Publica seier at dei på knappe fire veker kjøpte, omsette og sende ut boka. Resultatet er den lettleste, men særs presise Framtida er her nå. Hvordan pandemien forandrer verden.

Fordelar og ulemper

Å skrive ei bok – eller eit essay – på så kort tid, har sine openberre fordelar. Det har samtidig nokre ulemper. Tankane er kanskje ikkje heilt ferdigtenkt, og kanskje er endringa i samfunna Krastev skriv om allereie så stor at det han skreiv for ein månad sidan eller to, allereie er utdatert.

Likevel er Krastevs blikk verd ei nærlesing – noko han viste i den fascinerande boka After Europe. Kanskje han ikkje kan forklarast som noko anna enn ein bulgarsk versjon av den norske samfunnsdebattanten Sylo Taraku – ein analytikar og statsvitar som kan sette dei fleste samtidige fenomen inn i ein relevant samanheng, ta dei frå kvarandre, tenke nytt om dei og sei noko meiningsfullt og konstruktivt om vegen vidare. Ein som ikkje først og fremst er ute etter å bli populær, men som vil forstå og som har eit tydeleg liberal-demokratisk sinnelag i botn.

Krastevs forsøk på å sjå koronapandemien i fugleperspektiv er interessant nok til at det bør lesast av alle som kjenner seg forvirra, desorienterte og motlause. Det er kanskje håp for framtida framleis.

LES OGSÅ: Kvifor skal Norge sitte til bords med dei mektige i FNs sikkerheitsråd?

Les Olav Egil Aunes essay om Albert Camus roman Pesten her: – Alle har sin tone. Jeg velger Camus

---

Sakprosa

  • Ivan Krastev
  • Oversatt av Alexander Leborg
  • Framtida er her nå. Hvordan pandemien forandrer verden
  • Res Publica

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker