Bøker

Folkeminne og røvarroman for samtida

Lars Mytting flettar forteljingar om reinjakt, farefulle flyturar og spennande krigshistorier inn i sin nye roman. Hekneveven har eit stort overskot i alle ledd.

Etter den storarta og medrivande romanen Søsterklokkene, er Lars Mytting tilbake med Hekneveven. Årets utgjeving er det ­andre bindet i det vi allereie no kan kalle tvilling-trilogien og bringer på ingen måte skam over forgjengaren.

Dei mystiske tvillingsøstrene Hekne som levde på 1600-talet­ speler også her ein sentral rolle. Søstrene hang fysisk saman heilt frå fødselen og vart først skilt med kniv i vaksen alder. Saman laga dei ein vevnad som er sagt å vise korleis framtida vil arte seg. Vevnaden hang i stavkyrkja lenge, men ingen veit lenger kor den er. Dermed er det altså to mysterium som krev å bli oppklårt: Er det mogleg å heve den eine kyrkjeklokka som ligg på botnen av Løsnesvatnet? Og kor er denne vevnaden gøymt?

Hekneveven startar i 1903. Soknepresten Kai Schweigaard som stadig sørgjer over tapet av sin livs kjærleik, Astrid Hekne, prøver av alle krefter å finne ei løysing på begge gåtene.

Ein røvarroman

Etter å ha presentert lesaren for ei av dei mest fargerike og tøffaste kvinnene i norsk litteratur på lang tid, let Mytting den uovervinnelege Astrid dø i ein dramatisk barne­fødsel mot slutten av trilogiens første bind. Astrid valde faktisk å ofre livet for at tvillingane ho bar på skulle få leve. Dei to ­gutane overlever, men blir skilt frå kvarandre ved fødselen. Den eine veks opp i det fiktive bygde­samfunnet Butangen ein stad i Gudbrandsdalen, mens den ­andre veks opp i Skottland. Ingen av dei veit eingong at den andre eksisterer.

Høyrest dette ut som ein ­røvarroman? Ja, det er det på ein måte også. Roman har i alle høve ein dåm av slike spennande ­bøker vi slukte då vi var yngre. Utvalde hendingar blir inn­gåande skildra med replikkar og detaljar som blir sittande i minnet­. Deretter går det ei god stund, gjerne år, før neste dramatiske scene. Forteljemåten er nesten forløysande lite samtidig, nesten slik vi kjenner frå eventyr og folkeminne. For om ein mannleg helt møter ei jente, ­enten det er på ei sæter eller i ein tysk kunsthandel, skjøner lesaren straks at dette er eit skjebne­svangert møte.

Folkeminne for vår tid

Korleis det går? Blir kyrkjeklokka heva, kjem vevnaden til rette og blir tvillingbrørne foreint og forsona? Det får du finne ut av sjølv. Og det synst eg du skal gjere. For dette er bøker du kanskje ikkje visste at du ønska deg, bøker som ropar etter å bli lese i eit strekk. Lars Mytting skriv folkeminne-verdige bøker for vår tid. For ­allereie no skjøner vi at trilogien dreier seg om ulike typar folkeminne, både segn og om materielle leivningar frå eldre tider som kyrkjeklokker, vevnader og bygningar. Og heile tida er det i den tilsynelatande fjerne fortida tydelege påminningar om akkurat den tida vi lever i no, midt i ein pandemi.

Handverk og jakt

I Hekne­veven rettar Mytting også blikket mot andre typar folkeleg kunnskap. Han fortel inngåande om korleis ein behandlar trevirke­ for å bygge både hus og tekniske nyvinningar, og også om mekanikk, om jaktrifler, elektrisitet og bensinmotorar. Dette er jo også noko Mytting har skrive om før: Både i den stadig leseverdige ­debutboka Hestekrefter frå 2006, og sjølvsagt i den internasjonale bestseljaren Hel ved, frå 2011, ei sakprosabok som av ulike­ grunner vart utgitt på dansk under tittelen Brænde.

Årets bok vever forteljingar om reinjakt, farefulle flyturar­ og spennande krigshistorier inn i handlinga. Er det å trekke inn slike tradisjonelt mannlege kunnskaps- og interessefelt eit kalkulert grep for å tiltrekke seg ulike typar lesarar? Eg trur ikkje det. Det dreier seg heller om å sjå heilskapen både i dei overleverte folkeminna og i dei forteljingane vi stadig fortel oss sjølve.

Stort overskot

Soknepresten Kai Schweigaard er ein fascinerande romanperson. Han held fram som prest i mange år, sjølv om han trur at han mista gudstrua då Astrid døydde. Han var framskrittets og fornuftens mann som gikk heilhjarta inn for å rive den gamle stavkyrkja og bygge ei lys ny-gotisk tre­kyrkje. Men etterkvart som elektrisiteten gjer det mogleg å sjå ting klårare, begynner han å tenke annleis om det han før avfeia som overtru. Skildringa av den samansette presten er eit spennande tidsbilde frå norsk kyrkje- og kulturhistorie i åra før den første verdskrigen.

Lars Mytting er ein raus for­fattar som har god råd. Hekneveven viser til fulle at det kan han tillate seg. For her er det eit stort overskot i alle ledd. Og dermed har vi allereie begynt å gle oss til neste bok. Ting tyder på at bind tre vil handle om eit tvillingpar av ulikt kjøn?

Rolv Nøtvik Jakobsen

kultur@vl.no

---

Bok: Roman

  • Lars Mytting
  • Hekneveven
  • Gyldendal 2020
  • 480 sider

---

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker