Film

Eksistensiell roadmovie

Den franske Andreaspris-vinnaren Far from Men viser to menneske som ser kvarandre på tvers av kultur, religion og føresetnader.

Den franske regissøren og manusforfattaren David Oelhoffen har tatt utgangspunkt i Albert Camus' novelle «Gjesten» i arbeidet med spelefilmen Far from Men. Det har han gjort klokt i, for dette er blitt ein film som evnar å lodde djupt.

Langt ifrå tunge filosofiske uteleggingar er Far from Men ein skikkeleg roadmovie, men av den eksistensielle sorten. Det engasjerande western-dramaet handlar om å ta ansvar for Den andre – for medmennesket – sjølv der ein må risikere sitt eige liv for å gjere nettopp dette. Det er nestekjærleik i praksis, på tvers av religionar og kulturar.

LES OGSÅ: – Far from Men er ein kampfilm for humanitet, meiner Erling Pettersen

Militær bakgrunn

Fransklæraren Daru (Viggo Mortensen) har truleg ein bakgrunn frå militæret, men har i fleire år levd det rolege livet som lærar på ein audeliggande barneskule i Algerie. Frigjeringskrigen er bakteppet for forteljinga, utan at den ytre konflikten er det mest spennande her.

Ein dag får Daru overlevert ein fange på døra si, ein viss Mohamed (Reda Kateb). Mohamed er klaga for mord, og Daru får spørsmål om å frakte han til fengselet som ligg eit godt stykke unna. Motvillig tek han på seg oppgåva, men spring ikkje frå ansvaret sjølv når det viser seg at Mohamed er jakta på av algeriske borgarar som vil ta lova i eigne hender. Daru endar som sagt med å beskytte Mohamed så å seie med sitt eige liv.

Inspirerande

Filmen, som i tillegg byr på tørrvakre ørkenlandskap, viser oss det inspirerande møtet mellom dei to menneske frå to kulturar, med ulik religion og ulike føresetnader. Den sterke humaniteten i forteljinga kjem fram blant anna gjennom ei scene der dei to mennene ber for maten saman, og der Daru viser Mohamed tillit – men ikkje naiv tillit, for han har eine hande på pistolen – ved å la han sove utan lenker i same rom som han sjølv.

Far from Men viser oss at det alltid er mogleg å velje sitt medmenneske, uavhengig av sider i ein konflikt. Historia er som skapt for religionsdialog, og filmen står fram som både historisk, tidlaus og samfunnsaktuell.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film