Anmeldelser

Døden og romanen

Bernhard Ellefsen gir gode lesingar av tekstar som på ulikt vis handterer erfaringar av død og dødsangst.

Eit fast innslag i det svenske litteraturprogrammet Babel har overskrifta «biblioterapi». Dei inviterte forfattarane tilrår der bøker som kan tilby «litterär lindring» til lesarar med utfordringar av ulikt slag.

Sjølv om «biblioterapi» er eit relativt nytt felt i internasjonal samanheng, er fenomenet langt eldre. Lesarar har lenge gjort bruk av litterære tekstar, også bibeltekstar, til livsmeistring. Dette er ein viktig årsak til at skildringar av eigne kriser og sjukdommar stadig når mange lesarar. I møte med sorg er det ikkje uvanleg at menneske søker opp og les nesten alt som er tilgjengeleg om andre som har opplevd sorg. Kvifor? For å kjenne seg igjen eller i håp om litterær endring? Begge delar, vil eg tru.

Dei siste åra har forholdet mellom litteratur og sjukdom også vore gjenstand for spennande tverrfagleg arbeid. Ei viktig bok i norsk samanheng er Hilde Bondevik og Knut Stene-Johansens Sykdom som litteratur.13 utvalgte diagnoser (2011). Forfattarane gjennomgår korleis ulike sjukdommar blir framstilt i litteraturen og viser på den måten korleis sjukdom og helse har vore viktige tema gjennom heile litteraturhistoria.

Leseverdig

Den rykande ferske boka Imot døden. Om fortvilelsens litterære fellesskap er eit velskrive og svært leseverdig essay som handlar om litteratur som nødvendig for å yte motstand mot døden. Forfattaren Bernhard Ellefsen, som er ein innflytingsrik og prisvinnande bokmeldar i Morgenbladet, skriv at bøkene er «et selvfølgelig sted å oppsøke når jeg tenker på de vanskeligste spørsmålene».

Ellefsens utgangspunkt er hans eigen dødsangst, ei lammande redsle for å miste verda. Han reknar med at det er erfaring dei fleste menneske deler, i alle fall dei som ikkje trur på eit liv etter døden. Ellefsen er usikker på om det finst noko botemiddel eller terapi for denne grunnleggjande erfaringa. Litteraturens skildringar av møte med det ein nesten ikkje kan fortelje om, kan derimot vere noko å kjenne seg igjen i – og gje mot til å leve livet her og no. Ellefsen tek ikkje lenger med seg dødsangsten til kyrkje eller psykolog, men «inn i litteraturens fortellinger». Ikkje for å finne trøyst, men for å oppsøke skildringar og ord «som gjør oss litt sterkere og litt mindre alene.» Litteraturen kan på det viset tilby det undertittelen kallar «fortvilelsens litterære fellesskap».

Umogleg og nødvendig

Ellefsen gir gode lesingar av tekstar som på ulikt vis handterer erfaringar av død og dødsangst. Mange av dei er romanar; fleire er skrivne av nord-amerikanske forfattarar. Nokre av dei sterkaste eksempla, til dømes den siste boka til danske Naja Marie Aidt og dei sjølvbiografiske bøkene til Joan Didion, handlar meir om sorg og det nesten umoglege og samtidig nødvendige i å setje ord på sorga. Men Ellefsen viser også til helleristningar og det gamle huset han bur i, til Astrid Lindgren, svenske drikkeviser og Dylan Thomas sitt dikt om motstand mot døden.

Usikkert fellesskap

Dersom dødsangst er ei felles og samtidig privat grunnerfaring, er det umogleg å vite kor stort dette fellesskapet er. Her kan ein kvar berre snakke for seg sjølv. Eg trur ikkje eg er åleine om å ha snakka med menneske som har formidla at dei slettes ikkje er redde for å døy. Tvert om, etter at vennene har gått bort og kroppen sviktar, er det noko dei ser fram til. Eg er heller ikkje sikker på om det er stor forskjell mellom truande og ikkje-truande her. Kristne med ei sikker tru på det evige livet kan bli råka av ei sterk dødsangst, på same måten som mange patente ateistar, akkurat som mange kristne ikkje har slike sterke kjensler i møte med eigen død i det heile.

Ulike behov

Denne ulikskapen tar Ellefsen høgde for. Han reknar med at ulike lesarar har ulike behov og utfordringar som set preg på måten dei les litteratur på. Nokre, tenker eg, har heilt annleis erfaringar, kanskje av mangel på meining og av livsangst. Nokre opplever ei sterk trong til å gjere ende på livet. Ulike menneske opplever livet forskjellig. Vi har kanskje også ulike behov til ulike tider. Det kan ein oppdage på kroppen dersom ein les bøker om igjen.

LES INTERVJU: Skriftlig protest mot døden 

Nye innsikter

Ellefsen inviterer til samtale om noko vi sjeldan snakkar om. Litteraturkritikarens kloke og alvorlege bok handlar framfor alt om romanar og døden. Som ressursar til å tenke vidare med, viser han også til gamle helleristningar og svenske drikkeviser. Å stille nye spørsmål til det som vart rissa i stein for lenge sidan, kan opne opp for nye innsikter.

Drikkevisene til Bellmann og Vreeswijk, som Ellefsen løftar fram, er ei framstilling av eit «vi». Eit fellesskap av individ som reint fysisk syng og drikk saman, dannar slik eit motbilete til den einsame fortvilingas litterære fellesskap. Dei svenske poetanes minneverdige tekstar og melodiar gjer det mogleg å peike på andre viktige ressursar i vår individuelle og felles bearbeiding av at vi skal døy, som godnatt-songar, salmar og viser. Fortetta poetiske uttrykk, som Dylan Thomas sitt dikt, eller bibelord for den del, gjer det stadig mogleg for menneske av ulike livssyn, med eller utan dødsangst, å møte døden.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser