Annabelle Despard skriv dikt som tvingar fram minne og assosiasjonar: Ho klarar å vekkja opp ein barndom så langt tilbake i tid, ja over sytti år. Og ho klarar – atter ein gong – å framkalla dei finaste kjenslene i eit barnesinn slik vi eig desse alle saman, ein stad der inne i det meir eller mindre nedstøva minnet. Og det som meir er: Å halda fast ved ei klår line frå det sårbare barnesinnet til det sårbare sinnet i det aldrande mennesket.