Bøker

Dei politiske skandalane kan seie meir om samfunnet vårt enn vi likar å tru

Kim Arne Hammerstad har skrive ei lett og ledige bok med høg grad av akademisk presisjon, skriv Emil André Erstad.

Det skjer kanskje viktigare ting i politikken enn dei seksuelle krumspringa til middelaldrande politikarar, eller kva statsrådar finn ut at dei vil poste i sosiale medium. Likevel: betyr det at skandalane er uviktige, berre fordi dei bryt den seriøse kjedsomheita som pregar politikkens liv frå dag til dag?

På ingen som helst måte. Skandalane kan fortelle oss ein heil del om kva samfunn vi lever vi – og kva samfunn vi ikkje lever i. Kor polarisert er det politiske systemet vårt blitt? Skandalane kan faktisk fungere som kanarifugl i gruvetunnelen.

Ledig presisjon

Det hevdar i alle fall forfattar og statsvitar Kim Arne Hammerstad i debutboka Politiske skandaler – sex, korrupsjon og maktkamp. Sakprosaboka er eigentleg ein stor leksikalsk gjennomgang av dei fleste politiske skandalane som har føregått i Norge sidan krigen.

Politikk kan vere tungt og lite tilgjengeleg, og akademiske gjennomgangar av politikkens skandalar kan fort ende opp på same måte. Boka til Hammerstad er ikkje desto mindre skriven i ei laus og ledig tone kombinert med høg grad av akademisk presisjon. Hammerstad kan fort bli ei stor stjerne på sakprosahimmelen om han held fram i dette sporet.

Skummer overflaten

Skandalane er for viktige for norsk politikk til at dei bør overlatast til tabloidavisene åleine, og det er i så måte førebiletleg at Hammerstad med seriøsitet og fagleg integritet går laus på pikante sexskandalar, hysteriske habilitetsutfordringar, blank løgn og rå maktkamp som om det var eit kva som helst anna statsvitskapleg tema. At han i tillegg gjer det med eit leikent språk og ordspel som berre gir og gir, gjer prosjektet hans solid.

###

Han deler skandalane inn i kategoriar og firefeltstabellar, så systematisk at det er rørande for oss som har bakgrunn frå samanliknande politikk, men her kjem også kanskje den tydelegaste veikskapen med boka: Nemleg at den er eit resultat av forskingsarbeid Hammerstad gjorde då han leverte masteroppgåve om temaet for nokre år sidan. Ein del stader kunne ein med fordel bytta ut meir av masteroppgåveteksten med meir leiken, sprettande prosa av slaget som kjem til syne på bokas beste sider.

Dessutan opplever eg mange stader i teksten at vi berre får skumme overflaten av skandalane. Dersom forfattaren hadde brukt litt mindre tid på å forsvare kvifor skandalane har fått plass i akkurat den eller den kategorien, kunne denne plassen med fordel vore brukt på meir detaljerte analysar av dei aktuelle skandalane.

Tilfører begrep

Dei som har lese ein del bøker om nyare norsk politikk vil finne att mykje kjend stoff, og kanskje litt for lite nytt. Giske-saka er eit eksempel. Hammerstad kan jo aldri konkurrere med Alle skal ned-boka til VG-journalistane Marie Melgård og Lars Joakim Skarvøy i å brette ut om denne saka.

Kanskje blir framhaldet av prosjektet til Hammerstad at han tar for seg ei og ei skandale, og skriv glitrande bøker om det?

Det boka derimot gir, er oversikt og eit begrepsapparat for å forstå skandalane og kva dei gjer med oss. Kva er for eksempel forskjellen mellom ei privatlivsskandale og ei pratsskandale? Den sistnemnte kategorien er kanskje den mest interessante i eit aktuelt politisk perspektiv, fordi den tilfører debatten eit begrep som set ord på det vi opplevde til dømes under Listhaug-saka: At ein politikar måtte gå av fordi politikaren hadde skrive noko som mange reagerte på. Det er eit forholdsvis nytt fenomen i Norge, men som Hammerstad spår: Det kjem til å bli minst like vanleg her som i USA og Storbritannia viss utviklinga held fram.

Terskelen

Det som slår meg når eg les boka er kor få politiske skandalar vi har fått oppleve her i Norge. For all del, det kjem fram mange nye skandalar for oss som vart vaksne politisk under Jens Stoltenbergs regjeringstid, men eg vart overraska over at det før Per Bortens lekkasjeskandale knapt var ei politisk skandale i Norge, viss vi skal tru forfattaren.

Det er eit sunnheitsteikn at vi har vore skåna for dei største politiske skandalane i Norge, samanlikna med meir polariserte politiske system som det amerikanske. Kanskje kan vi takke konsensusdemokratiet vårt for det. Vil det halde fram slik, no som sosiale medium har blitt ein stadig viktigare del av den offentlege debatten?

Det handlar ikkje berre om kva politikarane meiner og skriv, men minst like mykje om kor vi legg terskelen for å forfølge noko som ei skandale. Her er Hammerstad god når han skildrar kor vilkårleg det er at eit overtramp blir ei skandale, medan andre overtramp får gå over i gløymselen utan det same kjøret.

Skandaleskule

Eit spørsmål underteikna sat igjen med etter å ha lese boka var: Var dette eigentleg alle skandalane Norge har opplevd sidan krigen? Kva med Reiulf Steen og møbelhandlaren, som blir bretta ut på detaljert vis i Hans Olav Lahlum si nye bok? Det må vel kvalifisere til å vere ei skandale etter dei standardane Hammerstad set opp.

Det kjem kanskje ikkje som ei overrasking på nokon, men Framstegspartiet kjem ikkje særleg godt ut av boka på nokon som helst måte. Ikkje berre har partiet flest skandalar å skilte med, men dei har også den mest problematiske måten å handtere skandalane på. Ikkje berre det, men skandalane ser faktisk ut til å styrke politikarane frå Framstegspartiet – som om det er ein slags statssrådsskule å vere gjennom ei skikkeleg skandale. Slik har det i alle fall vore for framtredande politikarar som Sylvi Listhaug og Terje Søviknes.

Skandalar kjem i mange former. Det einaste som er sikkert med Hammerstads bok er at vi endå ikkje har sett dei siste skandalane i norsk politikk.

LES MER:

• Hareides høyre hånd melder seg ut av KrF

• Mathilda Gustavssons skriver sobert om sex, makt og korrupsjon i kultureliten

• Derfor skapte Kaj Skagens Bazarovs barn så mye bråk

---

Sakprosa

  • Politiske skandaler – sex, korrupsjon og maktkamp
  • Kim Arne Hammerstad
  • 2020
  • Res Publica

---

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker