Anmeldelser

Boka om Gud?

Reza Aslan er ein kunnskapsrik forfattar og er etter kvart blitt ei viktig ­internasjonal stemme i den offentlege samtalen om religion. Men den nye boka hans manglar noko av det som gjer religion spennande.

Er det mogleg å skrive ei samanhengande historie om menneskeslektas tankar om Gud? Blir det ikkje fort ei historie om alt? Er det mogleg å kople ei slik universell forteljing med si eiga trushistorie? Den lærde Reza Aslan prøver på alt dette i ei ny bok som rett og slett har tittelen Gud. En menneskelig historie.

Den nordamerikanske religionsvitaren Reza Aslan er allereie kjent for ein del norske lesarar for si bok om Jesus, Seloten. Historien om hvordan Jesus fra Nasaret ble Jesus Kristus, som kom på norsk i fjor. Det er ei innsiktsfull og begeistra bok om den historiske Jesus.

Aslans eigen religiøse veg er spennande nok i seg sjølv. Han vaks opp saman med lunkne muslimar frå Iran. Etter at familien flykta til California, vart han i tenåra ein kristen. Før han begynte å studere, vendte han tilbake til islam igjen og han framstiller seg no som ein muslimsk sufi-mystikar med eit sterkt forhold til mennesket Jesus. I Jesus-boka kallar han det tru.

Møt Reza Aslan i Min tro-samtale med Alf van der ­Hagen i Vår Frue kirke 
i Trondheim førstkommende fredag kl. 15. Vårt Land strømmer samtalen på 
Facebook og vl.no.

Førhistorisk

Kor skal ein starte ei forteljing om Gud? Aslan vel å gå langt tilbake, faktisk heilt tilbake til førhistorisk tid, til ei tid før homo sapiens. Han meiner at dei eldgamle holemaleria er bevis på at mennesket har vore religiøst også før menneskeslekta slik vi kjenner henne no. Gamle gravfunn og eit breitt erfaringsmateriale meiner han kan dokumentere at mennesket til alle tider har visst at det har eller er ei sjel. I tillegg til eit omfattande arkeologisk materiale gjer Aslan også bruk av innsikter frå folklore og nyare hjerneforsking i denne framstillinga av religionens særpreg. For Aslan er det eit problem at svært mange gudsførestillingar ber tydelege preg av å vere skapt i menneskets bilde.

Meir solid historisk grunn under føtene får lesaren i framstillinga av to tidlege mislykka monoteistiske eksperiment: Det eine er faraoen Akhnathon, som gjorde eit storstilt forsøk på 1350-talet f. Kr. på å få alle til å tilbe solguden Aton. Forsøka fall i grus då faraoen døydde. To hundre år seinare prøvde persaren Zarathustra å innføre ei tru på at det berre finst éin gud, men også dette eksperimentet vart mislykka.

LES OGSÅ: Garborgs gudstro: Med skyldfølelse som motor

Tre og ein

Etter gjennomgangen av desse tidlege forsøka, dreier den tredje delen av boka seg om forsøk som har lykkast. I kapitlet «Gud er én» går Aslan gjennom historia til den jødiske monoteismen som utvikla seg ved at fleire gudar med ulike namn smelta saman og i etter-eksilsk tid vart oppfatta som den einaste guden som eksisterte. Deretter, under overskrifta «Gud er tre», skildrar han utviklinga i den tidlege kristendommen og særleg stridene om treeininga.

Dette er i seg sjølv eit komplisert materiale. Aslans framstilling sluttar med Augustin og går ikkje i det heile inn på seinare teologars forsøk på å kome til rettes med gudslæra. Forfattarens dom over den oldkyrkjelege dogmedanninga fram til 450 e. Kr., er at ho ikkje berre oppheva den jødiske oppfatninga av Gud som ein og udeleleg. Dei tidlege teologane «overga seg fullt og helt til menneskehetens eldste og dypeste medfødte impuls: de gjorde jordas og himmelens Gud helt menneskelig.» Det gjorde at kristendommen kom på kollisjonskurs med den nye religionen som var i ferd med å vekse fram.

LES OGSÅ: Hva skjer når teologien møter tellekantene?

Gud er alt

Islam blir presentert under overskrifta «Gud er alt». Aslan tek utgangspunkt i Mohammeds omfattande kjennskap om den jødiske monoteismen. Ei viktig sanning i islam er at Gud er éin. For mange islamske lærde betyr det også at einskap er noko som kjenneteiknar Gud. Aslan er tydeleg på at han ikkje er overtydd av den dominerande bokstavtru måten å lese Koranen på. Det er sufi-mystikarane som er folka hans, og Aslan gjengir nokre av dei sentrale forteljingane om Rumi. For desse mystikarane er det ingen skilnad mellom Gud og menneske. Mennesket og alle ting er Gud. For Aslan er også dette eit svar han kan leve godt med og som gir ei løysing på den religiøse undringa han heile tida har hatt. I kortform: «Gud er ikke skaperen av alt som finnes. Gud er alt som finnes.»

LES OGSÅ: Gud som litterær karakter

Panteisme

Ein slik panteisme, som han kallar det, er noko ein kan kome fram til gjennom å følgje ulike religiøse tradisjonar og også ikkje-religiøse tankemåtar. På denne måten blir ikkje Gud menneskeleggjort, slik det skjer i svært mange religiøse modellar. Det finst nemleg ikkje avstand mellom Gud og menneske. Mennesket og alt det som omgir oss, er Gud.

For Aslan er det viktige at slå fast «den menneskelige åndelighetens historie» som han har skildra, reflekterer hans eiga trusreise. Den einaste måten å oppretthalde førestillinga «om én, evig og udelelig Gud på, er å fjerne ethvert skille mellom skaperen og det skapte», meiner altså sufi-teologen Aslan.

Viktig stemme

Der sluttar boka. Og det er duka for debatt og samtale. For det er vel meir å seie om dette? Kva med det vonde og lidinga, vil kanskje nokon seie. Nokre har mistru til alle framstillingar av dei store spørsmåla som går opp. For min del saknar eg noko av det som gjer religion spennande, som forteljingane, poesien og handlingane. Og då er vi i gang. Samtale om dei store spørsmåla og religiøs dialog er aldri bortkasta tid.

Aslan er ein kunnskapsrik forfattar og er etter kvart ei viktig stemme i den nordamerikanske og internasjonale kulturelle og politiske offentlegheita. Dersom nokon har lyst til å bli meir kjent med dette forfattarskapet, vil eg tilrå å starte med boka om Jesus. Den er like engasjert, men er meir tilgjengeleg for dei av oss som synest religion utan forteljingar, bilde, handlingar, erfaringar og historie er litt kjedeleg.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser