Bøker

Boka gir overraskingar, men også ei kjensle av fragmentering

Erling Rimehaug: – Dei avgjerande augneblikka då historia endra kurs, er skildra minutt for minutt.

«Ekstremismens århundre» kalla historikaren Eric Hobsbawm 1900-talet. Det var hundreåret då folkemord vart eit omgrep og vi vart i stand til å utrydde alt liv på jorda. Vi vart 5 milliardar fleire menneske og vi endra klimaet på jorda. Det var hundreåret då vi kom oss ut over jordas grenser, fann penicillinet og knytte verda saman med internett.

Det er mange som har freista å skrive oversyn som kan hjelpe oss til å forstå dette viktige hundreåret. Ottar Grepstad fekk ein annan idé: Går det an å skrive historia på minuttnivå? Ved å finne fram til dei augneblinkane då historia tok ny retning, kan vi kanskje få eit nytt blikk på det som hende.

Fragmentering

Grepstad ser derfor hundreåret gjennom 75 korte forteljingar om hendingar som prega historia. I staden for vanleg kronologi er dei sortert etter tidspunktet på døgnet når det hende. Det vert ein uvant kronologi av det: Det byrjar med Krustsjovs tale om Stalin rett over midnatt i 1956 og sluttar med Krystallnatta rett før midnatt i 1937.

Det er eit grep som byr på mange overraskingar. Men og ei kjensle av fragmentering og manglande system - og kanskje det er meininga? For nett oppløysinga i mange motstridande tendensar er vel noko som særpregar hundreåret.

Tidfesting

Men kva augneblinkar er det som endrar historia? Det er ikkje utan vidare lett å finne fram til dei. Nokre gonger undrar eg meg over det tidspunktet Grepstad har valt. Er til dømes det viktigaste tidsskiljet i Vietnamkrigen då det siste amerikanske helikopteret forlet Vietnam, slik Grepstad har valt? Kva med torpedoen i Tonkinbukta i 1964, delinga av landet i 1954, My Lai-massakren eller Pentagon Papers?

Grepstad fortel at eit viktig utvalskriterium rett og slett var tidfestinga. Han seier at utruleg mange historiske hendingar ikkje er tidfest nøyaktig til klokkeslett. Så han byrja med hendingar han kunne tidfeste, noko som var eit møysommeleg kjeldearbeid.

Retorikk

Så nøyer han seg ikkje med å skildre augneblinken, men trekk linene framover og bakover. Slik vert det små leksjonar om Kina under Mao, den russiske revolusjonen, utviklinga av internett, røysterett for kvinner og ei rad andre tema. Dermed er dette trass alt og ei tematisk ordna historiebok.

Grepstad er språkforskar. Det syner seg i at språk og retorikk har fått stor plass. Til dømes er taler viktige hendingar i framstillinga hans: Lenins tale i 1917, Atatürks tale om det nye Tyrkia i 1927, Churchills tale om jarnteppet i 1946, Krustsjovs tale om Stalin i 1956. Men var det talen som sette det heile i gang, eller var talen resultatet av det som alt var i ferd med å skje?

Overrasking

Det beste med boka er overraskingane: Hendingane eg ikkje visste om, dei uventa samanstillingane. Dernest set eg og pris på at Grepstad har gått til primærkjeldene og avkreftar eller korrigerer mange myter om kva som eigentleg hende.

«Det held ikkje å dokumentere. Ein må fortelja også» skriv Grepstad. Men eg synest det vert vel stor vekt på fakta og dokumentasjon. Eg får fleire gonger meir kjensle av leksikonartikkel enn av forteljing.

Glimtvis

Det er mykje som hende i hundreåret som ikkje får plass, og dette er ei bok der forfattaren må vera suveren til å velje. Likevel undrar det meg at Atatürks nye Tyrkia er med, men ikkje eit ord om folkemordet mot armenarane og assyrarane i Tyrkia. Heller ikkje Rwanda, Balkankrigane og Srebenica er med. Og kva med Woodstock og fjernsynet?

Å lese historia glimtvis skaper trong etter å få ei framstilling med meir samanhang og oversikt. Siste kapittel er ein freistnad på det. Ein liten tabell som ordnar hendingane i vanleg kronologi er og med.

Eg las boka i eitt. Truleg er ikkje det beste lesemåten. Betre å lese nokre augneblikk om gongen, som det heiter i songen, og bli overraska og forundra over alt det som hende i siste hundreår.

LES OGSÅ: Eddy de Wind holdt seg i live for å skrive fra Auschwitz

LES MER: «Å allmektige Gud. Hjelp oss. La oss overleve krigen!» Om dagboka til Renia Spiegel

---

Sakprosa

  • 1900-talet: Forteljingar frå eit hundreår
  • Ottar Grepstad
  • Samlaget 2020

---

Les mer om mer disse temaene:

Erling Rimehaug

Erling Rimehaug

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker