Bøker

«Blikket» er ei utmerka bok å gå inn i fastetida med

Fortetta forteljingar om dei korte augeblikka då alt står på spel og det dirrar.

Skal vi tru undertittelen på Blikket, den siste boka til Oskar Stein Bjørlykke, er dette for­fattarens debut som novelleforfattar. Men det er på ingen måte ein skjønnlitterær debutant vi har å gjere med. Bjørlykke har for mange av oss vore der som forfattar heilt frå vi starta å lese vaksne bøker. Eg kjenner fleire som stadig kan sitere klurar frå diktsamlinga Hans Klure som kom ut for nøyaktig 45 år sidan.

Prosa eller poesi

Bjørlykke er født i 1949 og det er altså duka for fleire diktarjubileum dette året. Etter debuten med diktsamlinga Deg høyrer dagen til i 1966 har han gitt ut bøker i ulike sjangrar:­ Romanar, forteljingar og dikt samt fleire bøker for barn. Dette er ein forfattar som aldri har vore opptatt av det store formatet. Det er han heller ikkje i årets bok.

Blikket består av det forlaget kallar 16 korte noveller. Alle er dei nokså reinskorne ­tekstar utan punktum og med både ujamn høgre- og venstre-marg. Slik sett kunne ein kanskje like gjerne karakterisert boka som dramatisk prosalyrikk. Forfattarkollegaen og jamaldringen Jan Erik Vold skreiv at prosa er linje, poesi er punkt. Desse 16 forteljingane dreier seg alle rundt eit punkt, ei hending, eit augeblikk, der alt står på spel og der det dirrar. I dei alle finst det eit bakteppe av levd liv, ofte liv som ikkje vart slik ein kunne håpe. Lesaren får høyre om grunnleggjande einsemd, om å bli sett utafor eller oversett, og om folk som slit med å finne ord og nå fram til andre.

Reinskåre

Forfattaren er av og til like fåmælt som nokre av dei folka han skildrar. Vi får vite at Mona er prest, at Finn har vore rektor og at Lone og Vera berre fekk fire år saman som kjærastar. Det er lite av detaljerte skildringar og skildrande adjektiv som er det stoffet romanar ofte blir vevd av.

Etter første gjennomlesing begynte eg å lure på om Blikket hadde skjært så ned til beinet at det ikkje var synsinntrykk og fargar igjen. Ved nærmare ettersyn, finst det fargar her. Synsinntrykket av lyngen som mora overraskande nok ikkje snakka om ved det siste møtet, verker nesten som ei eksplosjon, i det minste ein glimt, mot sluten: «eg såg det tydeleg, det var sant som mor hadde sagt, ­lyngen blømde verkeleg / ein intens, klår, raudlilla farge som lyste opp og skar i augo.»

For mykje reinskåre? Eg kunne nok i fleire tilfelle ønska litt meir. Vi får vite lite om kva som var årsaka til mørkret, einsemda og kjensla av å vere annleis og utafor som mange av ­personane i boka ber på. Fordelen er at då får vi dikta litt sjølv.

Glimt av lys

Det finst mange blikk i denne samlinga. Det dreier seg om ulike både gode og vonde blikk. Måten vi ser på kvarandre på, kan nemleg påføre skam og utaforskap. Men blikket har også makt til å gjere godt og skape noko nytt. Mange av forteljingane set ord på korleis det er å sjå uventa glimt av lys i alt det mørke. Onkel Hans, som opplagt er ein slektning til Hans Klure, lærer nevøen det flotte ordet «gluggsol». I forteljinga «Glimtet i bakspegelen» vegrar eg-forteljaren seg, men greier likevel å setje ord på det som uventa hadde skjedd: Det er nåde. Det uventa som skjer når alt står på spel, gjer alt meir klårt og gir livsmot. Som dei siste orda til kjærasten på dødsleiet: «lev vidare du».

Ei større forteljing

Blikket handlar om det heilt store, om det som gjer oss til menneske. Fleire forteljingar utforskar det som blir kalla det innarste eller det yttarste. Det er same kva ord for den store grenseverdien for menneskeleg kunnskap vi bruker: Inn mot di inste grind, ut mot det yttarste av universet. Å kunne skrive så fortetta om dei viktige tinga i livet, må jo vere omtrent så langt ein kan kome som forfattar.

Les du forteljingane om igjen, vil du oppdage at det er nokre folk og hendingar som går att. Slik blir det mogleg også å ­rekonstruere ei litt større forteljing om korleis vi alle blir forma av våre ­relasjonar. Dei som kjenner Bjørlykkes forfattarskap frå før vil også kunne trekke liner tilbake og sjå nye samanhengar.

Bok til fastetida

16 små forteljingar altså, om augeblikk der alt står på spel og livet sjølv gir seg til kjenne med glimt som gir avklåring, mot og håp. Det er slike augeblikk som den tyske filosofen Hartmut Rosa ville kalla erfaringar av resonans.

Bjørlykke er teolog. Nokre vil kanskje derfor spørje om dette er kristen litteratur? Det første svaret er nei. Alle forteljingane handlar om noko felles menneskeleg, om erfaringar som alle som har levd ei stund kan kjenne igjen eller leve seg inn i. Men det er ikkje til å leggje skjul på at dette er tekstar som ligg ei religiøs tyding nært.

Eg trur derfor at dette er ei utmerka bok å gå inn i fastetida med. Det kan vere godt for ein og kvar med litt faste frå alle dei store orda, dei medrivande skildringane og frå alle dei velfødde romanane. Litt enkel fastemat som hjelp til å reflektere over livet, noko som kan gi glimt av lys. Og så får vi sjå fram til den store feiringa av forfattarens årsdag seinare i år.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker