Bøker

Anmeldelse: – Lærerikt om ortodoks jødedom, og om venskap på tvers av tru

Romanen Mazel tov er ei skattkiste av kunnskap om jødisk tradisjon og ortodoks liv.

Meldt av Knut Ødegård

Mazel tov er det jiddiske og hebraiske uttrykket for gratulasjon og lykkeønske. Det er òg tittelen på belgiske J.S. Margots bok om ortodokse jødar som eg vonar vi får ei norsk omsetjing av.

Sjølv har eg lese boka på engelsk. Og lat det straks vera sagt: Det er ei klok og viktig bok. Både gjev ho oss kunnskap om ortodoks jødedom – og ei god von om at det er mogeleg for menneske med ulik religion og ulik etnisk bakgrunn å leva i fred og jamvel venskap med kvarandre.

Å vera «annleis»

Vi har sett filmar og bilete av dei ortodokse jødiske mennene med sine svarte og kvite klede, skjegg og vidbremma hattar og dei i overflod sømeleg tildekte ortodokse kvinnene. Kvifor dei vel å vidareføra desse så lett synlege tradisjonane som òg omfattar ei mest uendeleg rekkje reglar, forbod og påbod, kan ein undra seg over. Slike identitetsmarkørar gjer dei jo endå meir utsette for hets og forfylgjing, ein skal helst ikkje vera «annleis». Ingen veit dette betre enn jødane sjølve, likevel lever desse ortodokse miljøa vidare.

Noreg

I Noreg har vi vår tragiske historie om deportasjon av norske jødar til utryddingsleirane: Skipet Donau og hausten 1942 er eit svart kapittel. Vi må leva med dette at vi lot det uhyrlege skje.

Vi hadde ikkje mange jødar i landet før november 1942, no er det endå færre. Ortodokse jødar ser vi så godt som aldri her i landet. Dei er der berre som eksotiske innslag på flyplassar og når vi kjem til ortodokse område i storbyar som New York, Jerusalem og Antwerpen - som er hovudscene for handlinga i Margots bok.

Kollisjon

Mazel tov er Margots forteljing om korleis ho som ung student tok seg jobb som privatlærar for borna i den ortodoks Antwerpen-familien Schneider. Ho var 20 år gamal, ateist med katolsk familiebakgrunn, og ho møtte fram i miniskjørt. Det blir ein kollisjon mellom to heilt ulike livsstilar og verdisett. Ho tenkjer først å gje opp denne ekstrajobben, men blir likevel verande. Og gjennom kontakten ho etablerer med borna, opnar òg sakte dørene seg mellom Margot og Schneiders verd. Dei bur i den same by, men likevel som på ulike planetar – tilsynelatande.

I byrjinga kolliderer ho gong på gong med reglar som ho korkje veit om eller forstår vitsen med. Kom aldri på ein fredag. Handhels ikkje på ein mann. Kosher-kjøkenet er eit mysterium med separate kjøleskåp for kjøt og mjølkeprodukt og dobbelt sett av alt kjøkenutstyr. Ho støyter mot reglar for kvar ein kan gå, kva ein kan tala om, kjønnsroller, ekteskapsformidlarar ... ei lang rad med forskrifter i sterk kontrast til hennar liv som ung, sekulær kvinne som til overmål lever i partnerskap med ein flyktning med muslimsk familiebakgrunn.

Episodisk fortald

Boka femner over eit langt tidsrom, frå 1987 til i dag, dei åra då skuleborna ho var ekstralærar for endrar seg til vaksne folk med eigne familiar. Forteljinga er episodisk fortald, stundom noko pludrande og stundom utan at det er større poeng i episodane, men det trivilelle er med på å byggja opp ei helskapleg og truverdig forteljing der òg dramatiske og komiske episodar er delar av denne.

Å vera jødisk

Ramma kring denne forteljinga om ortodokse jødar er ei sår, vakker men stundom òg munter, fortejing om den sekulære, unge studenten som opplever si eiga kjærleikshistorie gå i grus samstundes som ho veks seg inn i ei stadig større forståing av kva det vil seia å vera jødisk. Gjennom denne mangeårige og mest daglege omgangen med Schneider-familien, og ikkje minst eit opphald i Israel, får ho òg innsyn i kor mangesidig og lite homogent det jødiske folket er – alt frå dei ateistiske til dei liberale og til dei strenge harediske eller ultraortodokse jødane. Den ortodokse Schneider-familien kjenner seg framande for dei samfunnsfornektande haredimane. I Israel utgjer dei ortodokse og ultra-ortodokse færre enn halvparten av den jødiske folkesetnaden.

Skattkiste av kunnskap

Boka er i språk og form enkel og lettlesen, tilsynlelatande tilbakeskodande memorar utan at ein heilt veit kva som er biografi og kva som er oppdikta av hendingane. I alle fall er Mazel tov ei skattkiste av kunnskap om jødisk tradisjon og ortodoks liv som lesaren tileignar seg gjennom nedteikningane om kontakten med både dei yngre og eldre i Schneider-familien. Sjølv kjenner eg meg klokare etter lesinga, ikkje minst forstår eg betre det sterke bandet mellom staten Israel og européiske jødar – og at fiendtlege haldningar og gjerningar mot staten Israel faktisk kan vera åtak på jødars identitet. Ikkje minst forstår eg betre kvifor jødar søkjer saman i eigne samfunn, kvifor dei heidrar sine gamle tradisjonar, lett flyttar frå stad til stad og kvifor dei legg så stor vekt på språkopplæring og utdanning.

Det var på den tid eg las denne boka at meldinga kom på dataskjermen min om at Ungarns store jødiske forfattar og nobelprisforfattar Imre Kertész er fjerna frå det ungarske skulepensumet. Han og andre ungarsk-jødiske forfattarar. Jahn Otto Johansen skreiv ei bok med tittelen «Den ny-gamle antisemittisme.» Den bør ikkje gløymast.

Les reportasje: En dag i året skal de ultraortodokse ­jødene drikke alkohol til de ikke vet ­forskjell på det gode og det onde

Le anmeldelse av Netflix-serien Unorthodox: Sterkt om flukten fra et jødisk miljø

---

Roman

  • J.S. Margot
  • Omsett til engelsk av Jane Hedley-Prôle
  • Mazel Tov
  • Pushkin Press

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker