Som direktør for Norsk barnebokinstitutt har Kristin Ørjasæter undervist om barne- og ­ungdomslitteratur i fleire år, både der og andre stader. Ho veit kva for spørsmål folk stiller seg: Kva er litteratur for små barn? Kva er skilnaden på litteratur for vaksne og ungdom? Kva er godt, og kvifor? No auser ho av sitt gode overblikk til glede for alle interesserte.