Bøker

Alt vi ikkje visste om barnebøker

Kristin Ørjasæter femner mykje i boka Barne- og ungdomslitteratur. Møtet med lesaren. Men med klår inndeling, gode utval og konsise formuleringar blir boka beint fram lett å lesa.

Som direktør for Norsk barnebokinstitutt har Kristin Ørjasæter undervist om barne- og ­ungdomslitteratur i fleire år, både der og andre stader. Ho veit kva for spørsmål folk stiller seg: Kva er litteratur for små barn? Kva er skilnaden på litteratur for vaksne og ungdom? Kva er godt, og kvifor? No auser ho av sitt gode overblikk til glede for alle interesserte.

Barnelitteratur er eit nokså ungt fenomen.­ Jamvel om der finst røter heilt attende til 1700-talet, var det ikkje før på 1900-talet – og då helst mot siste halvdelen – at han verkeleg­ blei frodig som eigen sjanger. Og forskinga på feltet er endå yngre. Likefullt er det svært ­interessant at Ørjasæter ser heilt attende til dei tidlege døma på litteratur for born, og syner oss korleis dei var farga av rådande ideologiar. Som til dømes korleis barnelitteraturen på 1700-­talet skulle demonstrere ideane om autonomi og humanisme slik at borna kunne utvikle seg til ansvarlege borgarar.

Revolusjon av sinnet

Ho fortel om Jena-­romantikken som ønskte seg ein litteratur som revolusjonerte menneskesinnet slik at ideane om humanisme, autonomi og universalisme skulle få ordentleg gjennomslag og verkeleg prege samfunnet. Dei var ikkje nøgde med krafta i den franske revolusjonen. Her var det turvande med revolusjon av sjølve sinnet!

Tankevekkande er det òg å lesa om den franske­ filosofen Rousseau sine teoriar om at det var skadeleg for born (les: gutar; for jenter var det sjølvsagt ikkje aktuelt i det heile tatt) å lesa bøker. Han var oppteken av at dei måtte sanse verda sjølve og slik lære det dei skulle, ikkje berre ­tilegna seg bokstavar.

Dette står i stor kontrast til det som er rådande tankegang i dag, då bøker er nært knytte til leiken, noko Ørjasæter kjem attende til fleire stader i boka si. På fagspråket snakkar dei om «det performative barneperspektivet», som ho har via eit eige kapittel. Det handlar om korleis lesaren blir involvert i handlinga og både ser hovudpersonen og ser gjennom denne. Såleis blir lesaropplevinga ein flytande overgang til eigen leik.

Autonome born

Gjennom den djupe forankringa i historia set Ørjasæter oss i stand til betre å forstå framvoksteren av forfattarar som Maria Gripe og Astrid Lindgren. Sistnemnde blir ofte oppfatta som eit slags lyn frå klår himmel med sine skildringar av autonome born – særleg jenter som Pippi og Ronja. Men ho står faktisk i ein samanhang.

Dei siste åra har det dukka opp fleire nye medium også på barnelitteraturen sitt område. Desse er også presenterte i boka. Ørjasæter skriv om serielitteratur, teikneseriar, fan-fiction, berika­ e-bøker, lydmedier og ymse applikasjonar. Det er ein digital jungel der ute, som brått kan koma inn på barnerommet, så det er god grunn til å freista orientere seg om feltet.

Ørjasæter er oppdatert. Ho har fått med døme som The Urban Legend av Josef Yohannes og Inga Sætres Fallteknikk. Ho skriv òg informativt om korleis dei nye applikasjonane vidarefører det som faktisk har vore kjenneteikn ved barne­litteratur i mange år: At borna lever seg inn i handlinga og identifiserer seg med personane der. Endå meir blir sjølvsagt mogleg når lesaren kan påverka det lesaren meiner skal henda. I samband med dette reiser Ørjasæter spørsmålet om kva som skjer med litteraturen når han blir avhengig av lesaren sine handlingar. Er det då framleis litteratur, eller er det spel?

Ulike metodar

Måten Ørjasæter fortel om dei ulike medieversjonane av same verk på, gjer ein medviten om kva for ulike metodar dei ulike versjonane byggjer på. Då skjønar ein at det interessante spørsmålet ikkje er om boka eller filmen er best, men å sjå etter kva som kjenne­teiknar måten dei er laga på, og kvifor dei gjer ulike ting med deg.

Eg kunne ha ynskt meg endå litt meir om kva dei ulike formata gjer med innhaldet, og på den språklege sida stussar eg litt iblant over nokre formuleringar som verkar som tydeleg omsett bokmål (til dømes «lesaren får sentral betydning», «eins eiga erfaring» og «det aukar lesarens moglegheit»), men for det meste er det imponerande kor godt språket flyt. Ørjasæter er også nøye med å forklare når det her og der dukkar opp faguttrykk.

Mange vil dessutan gle seg over listene bak i boka, som både gjer det lett å finne ut kor ­Ørjasæter skriv om kva og kven, og sjå alle bøkene ho har vist til.

Det viktigaste er likevel entusiasmen for emnet, som strålar ut frå heile boka. Den gjer at ein får lyst til å stemme i med ja og amen når ho viser til samanhangen mellom kunstoppleving og overgangsritual: «Når teksten er lesen eller teaterstykket slutt, blir sanseinntrykka frå kunstverket omdanna til individuell erfaring, og ein er lite grann endra frå den ein var på førehand.»

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker