Skrivearbeidet kan liknast med bøna. Ein forfattar må til sjuande og sist gi seg hen til noko, ikkje heile vegen tvihalde på sin eigen kontroll. I Casper André Luggs dikting inngår bøna i ein symbiose med naturen, slik Gud i kristen forståing både står bak og er ein del av skaparverket, alle tings oppretthaldar. Dikta hans er som opne bønerom i Guds frie natur, noko han i den nye diktsamlinga Tilgi det virkeliges blomstring etablerer på første side: «stille mellom bønnen lever
 / skogen linn og ask og lønn / 
det er lytt mellom diktet og verden»