Bøker

Å romme naturen

Casper André Luggs dikt er som opne bønerom i Guds frie natur.

Skrivearbeidet kan liknast med bøna. Ein forfattar må til sjuande og sist gi seg hen til noko, ikkje heile vegen tvihalde på sin eigen kontroll. I Casper André Luggs dikting inngår bøna i ein symbiose med naturen, slik Gud i kristen forståing både står bak og er ein del av skaparverket, alle tings oppretthaldar. Dikta hans er som opne bønerom i Guds frie natur, noko han i den nye diktsamlinga Tilgi det virkeliges blomstring etablerer på første side: «stille mellom bønnen lever / skogen linn og ask og lønn / det er lytt mellom diktet og verden»

Denne utvekslinga mellom poesien og naturen, mellom diktet og verda, får særs frukt­bare resultat hos Lugg. Det er sjeldan å lese dikt som er så opne mot det åndelege og samtidig så rotfesta i det menneskelege, i naturen. Og samtidig, som diktaren skriv, «vi er ikke ett med naturen / men vi kan romme den / som relasjon t i l g i v e l s e».

LES MEIR: – Tilgivelse handler ikke om å gi noe, men å la seg selv bli gitt

Livsmåte

I Luggs dikt trer ikkje tilgivinga først og fremst fram som mellommenneskeleg forsoning, men snarare som ein livsmåte og ein lagnadsfellesskap. Det er heller ikkje snakk om éi tilgiving, men om fleire. Tilgivinga kjem i fleirtal, slik talet på livsmåtar i verda er identisk med talet på levande menneske.

Ei setning som går att i diktsamlinga stammar frå Johannesevangeliet i Bibelen, der Jesus seier til læresveinane sine at dei ikkje er «av verda». Hos Lugg kling verselinja av mange hundreårs teologisk historie, «å være i verden men ikke av verden». Det dogmatiske er likevel fråverande hos Lugg, her er det erfaringane av verda, formidla i diktet, som er det sentrale.

Nåde og bjørk

Diktareget sine erfaringar inkluderer ord som «nåde» og «alleluia», kanskje også ei nattverdserfaring i «Jesus til syne usynlig brødet / det jeg husker er kornet og lyset». Og dei inkluderer bjørkestammar, bøk og selje, elg, rev, ekorn og fuglebryst.

Kva er så blomstringa av det verkelege, dette som må bli tilgitt? Dikta gir heldigvis ingen eintydige svar på dette. I ein kristen tradisjon kunne ein komme til å tenke på syndsomgrepet, og på Pauli ord om at «det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg». Og ein kunne i neste omgang tenke på klimautfordringane i verda i dag, der mange av oss er med på «det vonde» – øydelegginga av naturen, Guds skaparverk – utan å verken ville det eller vere medvitne om det.

Åndfullt

Luggs dikt er ikkje aksjonistiske. I staden opnar han opp for oss ei rad med stille rom, der vi sjølve skal få opphalde oss, erfare, kjenne og tenke etter. I struktur er diktsamlinga delt inn i ti «samanstillingar», kvart enkelt dikt er kort, berre på nokre få verselinjer. I alt er dikta språkhandlingar som gir meg assosiasjonar både til Johannesevangeliets skildring av Jesus som Ordet og til skogen ein stille søndag formiddag. Få norske diktarar skriv for tida like åndfullt og interessant som Casper André Lugg.

«n å d e eller denne rytmiske hendelsen / 
både bønnen og poesien i sin trofaste hage
 / det stille verbet»

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker