Det andre bindet i den italienske forfattaren Antonio Scuratis på alle vis imponerande dokumentariske romansuite om diktatoren Benito Mussolini, er endeleg klar på norsk. Den kritikarroste M-serien skal bli på fem bind, men vi har allereie passert tusen sidar berre på dei første.
Årets utgjeving, M-Forsynets mann, er ei omfangsrik og nærgåande skildring av Mussolinis første år som italiensk statsleiar frå 1925 til 1932. Nærgåande i bokstaveleg forstand, ja. Allereie på dei første sidene får vi greie på korleis rommet til Italias yngste statsminister lukta og om korleis sengetøyet og toalettskåla såg ut etter dagar med talrike elskarinner og store utfordringar, politiske så vel som avføringstekniske.
---

Roman
Antonia Scurati
M - Forsynets mann
Oversatt av Birgit Owe Svihus
624 sider, Cappelen Damm 2025
---
Overbevisande nyansert
Akkurat som forgjengaren, Århundrets sønn, blir vi sugd inn i stoffet av Scuratis dokumentarisk nøyaktige skildringar av dei spennande intrigane og overraskande hendingane som utspelte seg rundt Mussolini. Også i denne boka blir forteljingane brotne opp av ulike historiske dokument, frå brev og dagbøker og samtidige kjelder, som gjer det heile endå meir overbevisande og nyansert.
Eg veit at eg ikkje er aleine om å oppleve at Scuratis forfattargrep bokstaveleg talt gjer at lesaren blir halde fast gjennom det heile, heilt til han vert skylt ut på den siste sida.
Viktige år i diktatorens liv
I Forsynets mann skildrar Scurati korleis Mussolini omsynslaust samlar all makt i sine hender og kvittar seg med dei som opponerer, også i eigne rekker. Mussolini held endelaust lange talar som blir avslutta med noko som overraskar absolutt alle. Han får bygd ut ei effektiv etterretningsteneste som samlar nærgåande informasjon, også om slektningar, elskarinner og dei som for tida er allierte.
I skildringa av dei sju viktige åra i diktatorens liv, fokuserer Scurati i stor grad på intrigane og dei dramatiske hendingane rundt hovudpersonen, særleg i Roma og Milano, inkludert alle dei mislykka attentatforsøka som berre styrker diktatoren.
I tillegg til det som skjer i nærområdet, får lesaren også etterkvart innblikk i den italienske kolonimaktas omsynlause framferd i Libya, med bygging av gjerder i ørkenen og omfattande bruk av bomber og ulovleg giftgass, tilmed av det som allereie då vart kalla konsentrasjonsleirar.
Mussolini held endelaust lange talar som blir avslutta med noko som overraskar absolutt alle
I skuggen av nazismen
Kva er grunnen til at mange opplever at det å lese om det som skjedde i Italia for nøyaktig hundre år sidan, både gir ny kunnskap og samtidig er påtrengande aktuelt?
For mange nordmenn har kanskje den italienske fascismen hamna litt i skuggen av det mørkret som omgav den tyske nazismen. Norge vart jo ikkje okkupert Italia og fleire av oss sit kanskje igjen med eit inntrykk at dei italienske fascistane var meir talentlause og mindre farlege enn dei nazistiske læresveinane deira.
Men Scurati dokumenterer at Mussolini var viktig nettopp fordi han inspirerte og var eit førebilete for alle dei som følgde i kjølvatnet hans: Hitler, Franco og alle dei andre diktatorane i ulike delar av Europa.

Trugande aktuelt
Og som ikkje det var nok: Det fascistiske tankegodset har igjen blitt trugande aktuelt. Scurati har sjølv uttalt at då han starta med dette prosjektet for snart ti år sidan, var interessa for fascismen liten. Etter den tid har Italia fått ein statsminister med røter i eit fascistisk parti, og den ekstreme høgresida har vokse seg sterk, urovekkande nok også i Østerrike og i Tyskland.
Og sjølvsagt, det amerikanske presidentvalet gjer at nærgåande skildringar av ein omsynslaus diktator for hundre år sidan, blir endå meir påtrengande aktuell.
Spørsmål ved omsetjinga
Men det er ikkje alltid like god flyt i dette andre bindet som i det første. Det kan kome av forfattargrepa, som mangelen på forklarande fotnotar, illustrasjonar og kart som gjer at lesaren stadig blir freista til å bruke andre kjelder for å finne ut meir om det ho les om.
Men det kan også skuldast at det er ein annan omsetjar som har hatt jobben med bind to, og som ikkje er like stø til dømes på kyrkjelege og militære fagtermar: Eit par som kjem ut frå ei kyrkjeleg vigsel, er jo gift eller velsigna, og ikkje «vigslet», til dømes. Meir urovekkande er det når omsetjinga omtaler folk med feil namn: I den italienske originalen skriv Scurati om underslaga til Ernesto Belloni, slettes ikkje til Ernesto Bocchini som det står på norsk.
Kunne løfta blikket meir
Dei intense skildringane av det som skjer rundt hovudpersonen, gjer at Scurati ofte avstår frå å løfte blikket og gje lesaren eit større overblikk ved å setje ting i større historiske og geografiske samanhengar. Dei inngåande skildringane av krigshandlingane i Libya, nemner i forbifarten dei somaliske og eritreiske soldatane som kjemper på kolonimaktas side. Lesaren får ikkje vite kva som skjer samtidig i koloniane Italiensk Somaliland og Eritrea, som italienarane faktisk gav namn.
Det står heller ikkje så mykje om det som skjer i resten av Italia, for den del. Heile den enorme øydelegginga av eldre bygg i det sentrale Roma for å skape eit einskapleg storby i tråd med fascistiske ideal, får berre nokre sider heilt mot slutten i bind to. Heldigvis er det bak i boka eit fyldig register over sentrale personar som blir omtalt.
Det er slåande at den totale maktovertakinga kunne skje så fort og møtte så lite motstand
Spor av motstand
Det er også slåande og vel verd å reflektere meir over, at den totale maktovertakinga kunne skje så fort og møtte så lite motstand. Nokre av dei som prøvde å gjere motstand, kjem til orde i boka, enten det no er i eksil eller frå fengsel, med kloke og treffande analyser av det som hadde skjedd. Det er litt som anti-fascistane oppsummerte borgarkrigen i Spania nokre år seinare: «Vi hadde dei beste songane, mens fascistane vann alle slaga.»
Akkurat i år er det viktig for mange av oss å leite etter spor av effektiv motstand. For det er vanskeleg å ikkje følgje den anti-fascististiske diktarens oppfordring frå 1936: «Gå inn i din tid!» Nettopp frå innsida i ei slik tid blir det påtrengande viktig å finne ut meir om korleis vi etterkvart skal kome ut igjen: Saman, heilskinna og i live.
Det må vi snakke meir om. Gjerne mens vi les i Forsynets mann og ventar på at dei neste tre binda skal bli tilgjengeleg på norsk.