Anmeldelser

Ein liten bit av Bob Dylan

James Mangold har laga ein sjåverdig spelefilm om Bob Dylans unge år. Men gåtene rundt den legendariske artisten er der framleis.

Dei seinare par tiåra har det komme fleire interessante filmar om Bob Dylan. Todd Haynes regisserte musikalen I’m Not There, som dukka ned i ulike sider ved Bob Dylans persona ved å la seks ulike skodespelarar spele dei ut. Martin Scorsese har kome både med pseudodokumentaren Rolling Thunder Revue og dokumentaren No Direction Home. Den sistnemnte tek for seg dei fem åra frå Dylan kjem til New York på begynninga av 1960-talet, den same tidsperioden som James Mangold skildrar i den nye spelefilmen A Complete Unknown.

Mange vil nok kjenne att Mangolds filmtittel som ei strofe i Dylan-låten «Like a Rolling Stone», som både står som ein av dei mest ikoniske låtane i Dylans enorme produksjon og ein markør for Dylans overgang frå folk-artist til rockeartist.

---

Dylan

Film

Amerikansk biografisk drama

A Complete Unknown

Regi: James Mangold

Manus: James Mangold, Jay Cocks, Elijah Wald

Med: Timothée Chalamet, Elle Fanning, Edward Norton, Monica Barbaro

USA 2024

2 t. 21 min., aldersgrense: 9 år

---

Ein kan stille spørsmål ved om dette faktisk var ein overgang, for Dylans musikk har alltid har overskride trongt definerte musikalske kategoriar. Uansett er spenninga mellom den amerikanske folk-tradisjonen, representert ved Newport Folk Festival og artistar som Pete Seeger, og lyden av den nye tida ein viktig faktor i A Complete Unknown. Filmen hintar blant til ei av dei mest seigliva mytene i amerikansk musikkhistorie, nemleg at Seeger prøvde å kutte straumen med øks då Dylan gjekk elektrisk på Newport-festivalen i 1965.

Går sine eigne vegar

Mangold og Jay Cocks har skrive manuset til filmen basert nettopp på boka Dylan Goes Electric! av Elijah Wald, og bygger opp ei spenningskurve i spelefilmen rundt Dylans stigande misnøye med å bli gjort til galleonsfigur for ei bestemt rørsle. Dette er noko som har prega artisten heilt frå midten av 1960-talet og fram til dag. Han har konsekvent mislikt å bli sett i bås, men har alltid gått sine eigne vegar – anten han plutseleg har gitt ut plater med forkynnande kristne tekstar eller latt vere å møte opp då han som einaste artist i historia fekk nobelprisen i litteratur.

Mangolds biografiske drama er ikkje ein film som gir oss mykje ny innsikt

A Complete Unknown er likevel best på skildringa av Dylan som ung artist i New York, der han får drahjelp inn på den musikalske scenen av nettopp Seeger (spelt av Edward Norton), som han møter ved sjukesenga til den store helten sin, Woody Guthrie. Snart er Dylan i full sving som artist på ulike konsertbuler i den amerikanske verdsmetropolen, og han møter ikkje minst Joan Baez, som han skal komme til å ha ein stormfull relasjon til i årevis.

Trekantdrama

Filmen gir ein god del plass både til Baez, spelt av Monica Barbaro, og til den første kjærasten til Dylan i New York, Suze Rotolo. Pussig nok heiter Rotolo likevel ikkje dette i spelefilmen, med blir omtalt som Sylvie Russo – visstnok fordi Dylan sjølv skal ha bede filmskaparen om å endre namnet til den tidlegare kjærasten. Grunnane skal eg ikkje spekulere i, men filmen teiknar ei sterk historie av ei kvinne som både utøver sterk påverknad på Dylan, men som også opplever at Dylan innleier ein affære med Joan Baez.

Trekantdramaet når sitt høgdepunkt nettopp under Newport-festivalen, der Sylvie – spelt av Elle Fanning – ikkje orkar meir, men forlét konsertarenaen mens Dylan speler duett med Baez på scena. Dylan køyrer etter henne, men får vite at ho ikkje klarer å vere saman med han meir: Ho kjenner som ein av tallerkenane ein sirkusartist kan spinne rundt på ein pinne.

A Complete Unknown

Truverdig skodespel og koloritt

Det er den fransk-amerikanske skodespelaren Timothée Chalamet, kjent blant anna som Paul Atreides i Dune-filmane, som har fått hovudrolla som Bob Dylan. Chalamet lukkast med å iscenesette ein truverdig versjon av artisten som i utgangspunktet ikkje er lett å fange på noko vis. Endåtil dei musikalske nummera, som det er mange av i filmen, er det Chalamet sjølv som utfører på ein svært god måte. Her får vi innblikk både i Dylans låtskrivarprosess og framføringar på scena og i studio.

Filmen er også god på historisk koloritt frå New York på 1960-talet. Det er lett å bli dradd inn i denne interessante tida og få kjensla av å oppleve denne saman med den unge Dylan. Det politiske bakteppet spelar også med, blant annan den urolege stemninga rundt Cuba-krisa i 1962. Den spente verdssituasjonen var jo med på å gjere Dylan til protestsongar i desse viktige åra, ein posisjon som han seinare også protesterte mot på sitt eige stae vis.

A Complete Unknown

Oppklarer ingen gåter

Det er mykje som er gåtefullt ved Bob Dylan, alt frå personlegdomen hans til motorsykkelulykka han var involvert i året etter Newport-festivalen i 1965. Filmen oppklarer ikkje desse gåtene, men verkar eigentleg å forsterke dei. Det er usikkert om alt er sant i denne filmen, som jo er ein spelefilm – ei kjensle som blir forsterka av det endra namnet til Dylans første New York-kjæraste. Seinare dukkar det også opp ei anna kvinne, Becka, som kan verka som ein oppdikta person.

Likte eg A Complete Unknown? Å, ja då, eg likte han svært godt! Rørande er han også til tider. Mangolds biografiske drama er ikkje ein film som gir oss mykje ny innsikt, og vi får berre ein liten bit av Dylan her. Men filmen har sin styrke i å gjenskape stemninga og sentrale historielinjer frå ein svært viktig periode i internasjonal musikkhistorie. Dessutan er det inspirerande å følgje Bob Dylan som ung og lovande. Eg tippar det er fleire enn meg får lyst til å skrive ein ny låt sjølv når dei går heim frå kinosalen.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Anmeldelser