Anmeldelser

Kva viss vi blei flyktningar?

Thomas Vinterbergs dramaserie «Familier som våre» undersøker kva som skjer dersom eit land blir stengt ned og folket må dra i eksil. Alt er ikkje like truverdig, men serien er både spennande og tankevekkande.

---

TV-SERIE

Familier som våre

Dansk dramaserie

Regi: Thomas Vinterberg

Sju episodar

Blir sendt på NRK1. Dei tre første episodane ligg ute i NRKs spelar.

---

Det har gått nokre år sidan Thomas Vinterberg og Lars von Trier etablerte dogmefilmen som konsept – eit opprør mot film som effektdriven og overflatisk pengemaskin. Med Festen skreiv Vinterberg seg inn i filmhistoria, og har sidan markert seg med titlar som Submarino, Jakten og Et glass til, der sistnemnte utløyste ein Oscar for beste framandspåklege film.

Når Vinterberg no debuterer som regissør for ein TV-serie, Familier som våre, er vi eit godt stykke unna dogmefilmen. Samtidig finst framleis noko av den same viljen til å gå inn i idédramaet og løfte levande bilete som eksistensiell kunstform. Vinterberg er interessant, for han har ambisjonar ut over å underhalde. No synest det samtidig som om han siktar mot eit breiare publikum.

Vinterberg er interessant, for han har ambisjonar ut over å underhalde.

—  Alf Kjetil Walgermo

Snart slukt av havet

Utgangspunktet for Familier som våre er av det mest dramatiske slaget: Danmark er i ferd med å bli slukt av det stigande havnivået. Ei god stund før bølgjene skvulpar heilt opp i hattebremmen bestemmer den danske regjeringa seg for å gi opp landet som ein trygg heim for innbyggarane sine. Alle danskar må over tid evakuerast til andre land i Europa. Somme flyttar til England eller Frankrike. Andre må til Polen eller Romania. Snille Noreg seier seg villig til å ta imot ein del personar med funksjonshemmingar.

Det danske folket blir splitta opp og spreidde ut over Europa. Gradvis må danskane ta farvel med landet dei har vakse opp i. Familiar er ikkje eingong sikra å bli evakuerte saman.

Den historiske parallellen til jødane er til stades, eit folk som fleire gonger har måtta leve i eksil, både i det babylonske riket og i den såkalla diasporaen. Mange vil nok også tenke på palestinarar som er blitt tvungne til å forlate heimstaden sin. Det finst fleire døme.

Vi blir uansett nøydde til å reflektere over korleis det ville arte seg om noko slikt skulle skje med oss her i Skandinavia: I serien blir det privilegerte Danmark eit folk av flyktningar. Havnivået kan ikkje så lett sluke oss fjellapar i Noreg, men kan det hypotetisk sett hende noko som gjer at også nordmenn blir drivne på flukt frå heimlandet vårt?

TV-serien Familier som våre

Krise og kjærleik

I Vinterbergs serie følgjer vi eit knippe av personane som blir ramma av den store krisa som utspelar seg. Arkitekten Jacob (Nikolaj Lie Kaas) mister jobben når all bustadbygging brått tar slutt. Med innsideinformasjon frå svogeren, den UD-tilsette Nikolaj (Esben Smed), prøver Jacob å selje huset sitt før regjeringa erklærer at landet skal lukkast ned og folket evakuerast. Nikolaj sjølv og den velståande partneren hans, Henrik (Magnus Millang), greier både å selje unna eigedom og smugla kontantar over grensa. Snart blir dei pressa av Henriks halvgalne bror, ein utbyggar som er gått konk og skuldar arbeidarane sine pengar.

Jacobs dotter Laura (Amaryllis August) er også ein av dei sentrale personane. Vi følgjer henne både i det gryande kjærleiksforholdet til Elias (Albert Rudbeck Lindhardt) og i kvalane ho har når mora Fanny (Paprika Steen) ser ut til å måtte flytte til eit anna land enn eks-mannen Jacob og den nye familien hans. Skal Laura bli med kjærasten og faren til Paris, eller skal ho bli med mor si til Romania?

TV-serien Familier som våre
TV-serien Familier som våre

Nokre knepp for langt

Vinterberg, som både har regi og manus, skrur spenninga til, og skrur nok også nokre knepp for langt. Utover i episodane skjer det nemleg ein del ting som ikkje verkar heilt truverdig, utan at eg skal spoile det i denne meldinga. Vinterbergs trong til å følgje ei stadig stigande spenningskurve skaper underhaldning, men kjennest ikkje like effektfull som eg ser for meg at ein meir avbalansert dramaturgi kunne vore. Mest tvilsamt er Lauras val i episode fire – her kjenner eg at serieskaparen skulle ha lent seg tyngre til sitt gamle dogmeprogram. På den andre sida kan alle dei eskalerande handlingane forklarast psykologisk, også mord i affekt når du fryktar for ditt eige liv.

Skodespelet i serien er gjennomgåande godt, sjølv om Amaryllis August – dottera til den kjende filmskaparen Bille August – nesten underspelar i ein del situasjonar. Både Thomas Bo Larsen og Paprika Steen er gamle kjenningar frå Vinterbergs filmar og gjer solide prestasjonar også her. Det gjer også Nikolaj Lie Kaas i rolla som familiefar med ei vell av ansvar og dilemma, og Esben Smed og Magnus Millang i rollene som dei privilegerte rike som blir drivne frå den eine moralske skansen til den neste.

TV-serien Familier som våre

Spenning med politisk pondus

Familier som våre er først og fremst god fordi serien viser korleis eit samfunn kan fungere, og dysfungere, under sterkt press. Den eksistensielle krisa som kviler over danskane kjennest så å seie på kroppen. Ideen bak serien er så god at han veg opp for enkelte svakare punkt i handlinga undervegs. Vinterberg har etter mi meining levert enda sterkare som spelefilmregissør, men han kjem bra frå TV-seriedebuten.

Skodespelet i serien er gjennomgåande godt

—  Alf Kjetil Walgermo

Serien er vel verdt å få med seg, og kan nok fort bli eit referansepunkt i den allmenne samfunnsdebatten om klima, miljø, klasseskilje og flyktningkrise. Dansk spenning med politisk pondus, med andre ord. Det er slett ikkje det verste å bruke nokre timar av det nye året på.


Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Anmeldelser