Anmeldelser

«Mektig og emosjonelt frå Nick Cave»

ANMELDELSE: Med det nye albumet «Wild God» står Nick Cave i eit fruktbart spenn mellom sorg, glede og håp, mellom desperasjon og frelse.

Det seinaste tiåret har artisten Nick Cave vore igjennom fleire smertefulle tap. I 2016 døydde den femten år gamle sonen hans, Arthur, i ei tragisk fallulykke i Brighton. For to år sidan døydde sonen Jethro (31). Døden har gjort brutale innhogg i Caves liv. Å miste eit barn er noko av det verste ein som forelder kan oppleve. Og Cave har altså mista to.

For tre år sidan døydde også Anita Lane, som han var saman med i seks år som ung artist, då han var vokalist i den australske post-punk-bandet The Birthday Party.

---

Nick Cave & The Bad Seeds: Wild God

Album

Nick Cave & The Bad Seeds

Wild God

Pias, 44 min., 2024

---

Sorg og død har også tidlegare gjort vesentlege nedslag i Caves låtar. Det tekstlege universet hans har ofte vore mørkt, med ein underliggande desperasjon i alle ting. Også på den nye plata, Wild God, er desperasjonen nærverande. Like fullt tek Cave også eit langt steg i retning håpet, som fargar albumet i like stor grad som sorga og døden.

Dette gir plata eit svært fruktbart spenn, mellom sorg og håp, mellom draumen og det heilage, mellom desperasjon og frelse.

Utprega bibelsk

Caves biletbruk er både frodig og visjonær. Ikkje minst er han utprega bibelsk. Tekstane hans hentar ofte næring frå Den heilage skrifta, kanskje oftast frå Det gamle testamentet, men i dette tilfelle kjem også Det nye testamentet si forteljing om oppstode, nåde og frelse inn som eit kraftfullt element.

Nick Cave kan med rette kallast ei sentral røyst i vår tid

Den siste låten på plata, «As the Waters Covers the Sea», kombinerer dei to testamenta, slik han bind saman eit gammaltestamentleg profetbilete med ei oppstodescene som minner sterkt om Kristus og den tomme grava i morgonlys. Med kyrkjekor i bakgrunnen munnar Caves kamp mot kaos og tapserfaringar ut i noko som kan tolkast som ein kristen bodskap om han som skal gjere alle ting nye: «As He steps from the tomb / In his rags and his wounds / Into the yellow light that streams / Through the window, He brings / Peace and good tidings to the land»

Før vi kjem så langt, har vi likevel vore dryge 40 minutt i eit kreativt og symbolsk landskap av «ville gudar», kvinner og flygande menn. Om Cave hentar inspirasjon frå Bibelen, ligg han ikkje for tett på konvensjonelle gjengivingar av den store boka. Snarare inngår dei ville gudane i eit univers som dels speglar eksistensielle sider ved tilværet og dels indre, sterke kjensler.

Surrealisme og barnerim

Cave syng allereie i den første låten, «Song of the Lake», om dragkampen mellom himmel og helvete i våre eigne liv. Han gir pregnante uttrykk for dei ulike sidene ved menneskelivet, og brukar samtidig eit barnerim frå det engelske «Humpty Dumpty», eit av dei mest kjente rima i den engelskspråklege verda, til å seie noko vesentleg om vanskelege menneskelege livsvilkår. I Caves versjon: «Cause all the king’s horses and all the king’s men / Couldn’t put us back together again».

Omgrepet «vill gud» kjem likevel i den andre låten på plata, tittelsporet «Wild God», som kom ut som singel i mars i år. Her låner Cave både surrealistiske og religiøse element til skildringa av den ville guden som ein slags utemma naturfigur.

Natur og religiøsitet spelar med vidare også i neste låt, «Frogs». Her har Cave ein søndagsvisjon av froskane i rennesteinen som «hoppar mot Gud», slik alle barna i himmelen også sprett rundt Faderen i himmelsk fryd.

Spøkelse i store joggesko

Kjensla og rørsla i dette biletet blir vidareført i låt nummer fire, «Joy». Her er det Cave sjølv som hoppar som ein kanin for så å lande på kne, i bønestilling, eventuelt fortvilt bønestilling: «I jumped up like a rabbit and fell down to my knees / I called out all around me, said, ‘Have mercy on me, please’».

Cave har laga eit mektig og emosjonelt album med sterkt symbolsk og religiøs biletbruk

—  Alf Kjetil Walgermo

Ropet om nåde går ikkje berre direkte til Gud, men til alle menneska rundt han. Den forløysande faktoren i dette tilfellet er heller ikkje Gud sjølv, men eit spøkelse i store joggesko – «a ghost in giant sneakers» – som eg for min del har lett for å tolke som ein visjon av Caves avdøde tenåringsson, Arthur. Han kjem som ei stemme til Cave, som er neddtyngd av sorg, av blues, og seier: «We’ve all had too much sorrow, now is the time for joy».

Utsegna blir ein viktig impuls for Cave i sorgarbeidet etter tapserfaringane sine. Eg har sjølv opplevd å miste to barn, rett nok ufødde, seint i svangerskapet. Sorga blir knugande, men på eit tidspunkt må også gleda få sleppe til på nytt. Kanskje må ein insistere på henne i starten, slik eg også opplever at Cave gjer det i outroen av «Joy». Men gleda finst, og kan etter kvart også få rom til å overtrumfe sorga.

Meisterleg

Eg skal ikkje gå i detaljar på resten av låtane på albumet, men nøye meg med å peike på det overordna: Wild God er meisterleg gjort, også musikalsk sett, med The Bad Seeds som backingband og Warren Ellis som ko-produsent. Uttrykket vekslar mellom det røffe og dystre og det meir lys og lette, med ein god porsjon strykarar på fleire av låtane.

Cave har laga eit mektig og emosjonelt album med sterkt symbolsk og religiøs biletbruk. Dei mangefasetterte tekstane hans skulle gi deg nok å grunne på både fram til Caves konsert i Oslo spektrum i starten av oktober, og lenger.

Nick Cave kan med rette kallast ei sentral røyst i vår tid. 66-åringen har med sine tapserfaringar, kjærleikserfaringar og musikalske erfaringar ein kraftpakke som går utanpå det meste. Det er også Wild God eit uttrykk for. Det er vilt bra.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Anmeldelser