Anmeldelser

Samfunnet treng både silo og protest

KRISTIANSAND: Nokre dagar før kulturministeren opna den spektakulære Kunstsilo i Kristiansand, feira Protestfestivalen i sørlandsbyen sine 25 skranglete år. Kunsten og protesten må vere som evangeliet.

---

KUNSTSILO

Kunstmuseum i Kristiansand, teikna av arkitekt­kontoret Mestres Wåge Arquitectes

Museet er ei ombygging ein kornsilo frå 1930-talet

Opningsfest 11. mai 2024. Første dag for vanleg publikum var søndag 12. mai

*

PROTESTFESTIVALEN

Festival i Kristiansand

Blir arrangert for 25. gang i år, 1. – 8. september 2024

Består mellom anna av debattar, konsertar, samtalar, film, litteratur og kunst på ulike arenaer

Festivalsjef er Svein Inge Olsen

---

Den seinaste veka har eg vore til stades på to kulturelle merkedagar med vidt forskjellige rammer. I helga var det opning av Noregs mest berømte og mest spektakulært ombygde kornsilo, det ruvande museumsbygget Kunstsilo i Kristiansand. Nokre dagar før opninga av siloen som frå no av skal gi oss åndeleg føde, feira Protestfestivalen i sørlandsbyen sine 25 skranglete år på ein utestad i Oslo.

Tilnærminga til kunsten kunne knapt vore meir ulik, ytre sett. Kva gjeld Kunstsilo, er det eit prosjekt i milliardklassen. Sjølve ombygginga av siloen har kosta over 700 millionar, mens Nicolai Tangens kunstsamling, som blir gjort tilgjengeleg for silogjestane, har ein verdi på rundt rekna ein halv milliard.

Oljefondssjef Nicolai Tangen, som har bidratt med en kunstsamling til Kunstsilo, under åpningen lørdag. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Konstant pengetrøbbel

Protestfestivalen er på si side i konstant pengetrøbbel. På dei 25 åra dei har halde på, var den økonomiske botnlinja tryggast det året artisten og skodespelaren Kris Kristofferson tok turen over frå USA og sletta gjelda deira for 20 år sidan. Festivalsjef Svein Inge Olsen har først og fremst drive festival med utgangspunkt i engasjement, ikkje i kapital.

Kunstsilo og Protestfestivalen kan altså seiast å stille i ulik vektklasse, ein økonomisk tungvektar sett opp mot ein fillefrans. Men nettopp derfor er begge kulturaktørane så viktige, ikkje berre for Kristiansand, men for det norske kultur- og samfunnslivet. Dei viser oss nemleg at kunst, og diskusjonen rundt kunst og samfunnsspørsmål, ikkje berre handlar om pengar.

Svein Inge Olsen er leder for Protestfestivalen i Kristiansand

Frå «underdog» til smørauge

For Protestfestivalen synest det openbert. På den store 25-årsfesten for ei veke sidan blei det servert ei enkel gryte med ris, rett nok både med og utan kjøt. Men maten var smakfull, og dei var dei kunstnariske bidraga også, der blant andre Lars Lillo-Stenberg stod på programmet. Også høgdepunktet på festen var anti-kommersielt, nemleg utdelinga av Erik Byes minnepris til legen Morten Rostrup, særleg kjent for sitt humanitære engasjement gjennom Leger uten grenser. Mens ein av talarane for kvelden, redaktøren og samfunnsdebattanten Magne Lerø, trekte opp ei rad av bibelske og gresk-antikke protestførebilete for dagens «protestantar», både Moses, Sokrates og Jesus.

I Kunstsilo i helga hadde eg ikkje, som på Protestfestivalens 25-årsfest, ei kjensle av å vere ein slags utfordrar eller «underdog» i samfunnet. I Kunstsilo hadde eg ei kjensle av å vere midt i smørauget, eventuelt midt i den metaforiske kveitehaugen, skild frå all verdas klint og kleinskap.

I Kunstsilo hadde eg ei kjensle av å vere midt i smørauget, eventuelt midt i den metaforiske kveitehaugen, skild frå all verdas klint og kleinskap

—  Alf Kjetil Walgermo

Internasjonalt format

Den ombygde kornsiloen er blitt eit kunstmuseum av internasjonalt format. Eg fryda meg frå første sekund eg kom inn i siloen og såg opp i dei avkappa betongrøyra som er integrerte i det arkitektoniske uttrykket på så framifrå vis. Eg koste meg ved å gå opp spiraltrappa som er bygd inn i det eine røyret. Blei blenda av panoramautsikta i toppetasjane. Sleppte ut ein liten gisp då eg såg ned gjennom glasgolvet på toppen av den 38 meter høgde siloen.

Og ikkje minst fann eg mykje interessant i den aktuelle utstillinga Nordiske lidenskaper, som består av rundt 600 verk frå Tangen-samlinga. I det heile ofra eg ikkje den rådyre byggeprosessen ein tanke så fort eg begynte å ta inn kunsten i Kunstsilo. Marianne Heskes Gjerdeløa er berre eitt av mange framståande verk.

Ser du opp, er det rene kunstverket også – med de avkuttede siloene som tak i rommene. Her fra foajeen i Kunstsilo. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Motstraums glede

Rett ved kunstløa inne i kunstsiloen på søndagen møtte eg ein kar eg hadde sett nokre dagar tidlegare. Det var sjefen for Protestfestivalen, Svein Inge Olsen, som i etterkant av besøket skrytte av museumsbygget, meir enn av innhaldet, på sosiale medier. Og det var flott med det skrytet, tenkte eg, for det går an å glede seg over eit praktfullt og rådyrt museumsbygg sjølv når ein driv ein motstraums, skranglete og idealistisk festival.

Det same tenker eg. Ein er ikkje nøydd til å rakke ned på Kunstsilo fordi det ligg store pengestraumar bak kulturtilbodet. Tvert om: Kunstsilo er blitt eit internasjonalt samlingspunkt for kunst på det blide Sørlandet. Det er grunn til å tru at museet vil trekke både turistar og kunstinteresserte frå store delar av verda, og at nordmenn som har høve til å dra dit innimellom har mange store kunstopplevingar i vente framover.

Kunstsilo i Kristiansand.

Samtidig skal vi heller ikkje gløyme Protestfestivalen. Samfunnet treng protesten for ikkje å gå til grunne. Protesten utfordrar, finsliper og formidlar. Derfor er festivalen viktig. Vi skal ikkje kimse av kultur- og samfunnsaktørar som har mykje hjarte og få midlar i potten.

Byen vi alle bør besøke

Kristiansand er «it-byen» i 2024, byen vi alle bør unne oss å besøke. I Sørlandets hovudstad får vi nærme oss dei eksistensielle spørsmåla frå høgst ulike sider og med høgst ulike rammer. Den fattige protesterande og den mektige kunstsamlar tilbyr ulike inngangar. Det viktige framover blir å ta vare på begge deler, og finne vegane til kjernen der dei er å finne.

Kunsten og protesten må vere som evangeliet. Han er til både for fattig og for rik.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser