Anmeldelser

Håp, makt og avmakt i klasserommet

To ferske kinofilmar tek oss tett på kvardagen til skulelæraren. Lærarane har aldri hatt det vanskelegare, og aldri har dei vel heller vore viktigare.

Debatten om den norske skulekvardagen har den seinare tida blitt endå nokre knepp kvassare. Fleire ser med uro på det eskalerande valdsnivået blant unge ungdommar, der ein del av biletet er gjengar som rekrutterer mindreårige til å utøve kriminelle handlingar. I takt med at lærarane har mista maktmiddel i skulen, er det blitt eit problem med vald og truslar mot yrkesgruppa. Framstegspartiet var nyleg ute og kravde radikale endringar i ein skule der både «elevar og lærarar blir haldne som gislar i klasserommet».

Midt i denne skuledebatten har det den seinaste veka dukka opp to utanlandske spelefilmar med skule- og lærartematikk på dei norske kinolerreta. Filmane tematiserer ulike sider ved det å vere lærar i skulen i dag, og spenner geografisk frå Mexico til Tyskland, men har mykje å melde også til norske film- og skuleinteresserte.

---

AKTUELLE KINOFILMAR

Radical

Meksikansk drama

Regi: Christopher Zalla

2 t. 6 min.

12 år


Lærerværelset

Tysk drama

Regi: Ilker Çatak

1 t. 38 min.

6 år

---

Stimulerer til kreativ læring

Meksikanske Radical hadde premiere rett før helga. Filmen fortel historia om den entusiastiske Sergio Juarez som tek seg jobb som sjetteklasselærar i den meksikanske byen Matamoros rett ved grensa til USA. Dei utradisjonelle undervisningsmetodane hans, der han gir elevane meir ansvar og stimulerer dei til kreativ læring, får skuleklassen til å blomstre.

Ei av jentene i klassen, som er vaksen opp på den lokale søppelfyllinga, viser seg å vere eit geni. Ei anna, som må ta mykje ansvar for småsøskena sine heime, blir interessert i å studere filosofi. Ein av gutane har så vidt begynt å jobbe for den lokale mafiaen, men fattar ny interesse for skulearbeidet når Sergio oppmuntrar klassen til å finne sjølvstendige løysingar på praktiske problem.

Den entusiastiske læraren med ukonvensjonelle undervisningsmetodar kjenner vi blant anna frå Peter Weirs klassikar Dagen er din (Dead Poets Society) frå 1989. Her var det Robin Williams som spela rolla som uortodoks engelsklærar.

Den meksikanske skodespelaren Eugenio Derbez, som tidlegare blant anna har spela i den kristne amerikanske filmen Miracles from Heaven (2016), har eit noko meir dempa uttrykk enn Williams, men lukkast godt med å tydeleggjere den store omsorga skulelæraren har for sjetteklassen sin. For det er nettopp dette som er det flottaste ved Radical, som er bygd på ei sann historie: Filmen viser korleis ein enkelt lærar kan utgjere eit hav av forskjell for elevane sine.

NYE METODAR: I spelfilmen «Radical» stimulerer lærar Sergio Juarez (Eugenio Derbez) sjetteklassingane sine til kreativ læring og får skuleklassen til å blomstre.

Sterk håpshistorie

I ei tid der vi høyrer om valdsbruk også i den norske skulen, er det sterkt å sjå engasjementet læraren har for elevar som lever med sterke sosiokulturelle hinder for personleg og fagleg utvikling. Som mennesketype er Sergio ein idealist, og går også på ein smell i møte med verkelegheita i meksikanske grensebyen. Men han lukkast med å tenne ein gnist hos elevane sine: Dei får trua på seg sjølv, og på at det er mogleg for dei både å tileigne seg kunnskap og følgje draumar. Dermed blir dei også motiverte for læring, for å realisere større delar av potensialet sitt.

Såleis er filmen ei sterk håpshistorie. Sjølv om han ikkje teiknar eit rosenraudt bilete av forholda ved den meksikanske barneskulen, fortel han oss og alle lærarar at det nyttar. Éin einaste engasjert lærar kan prege liv på ein måte som skaper ringverknader for ettertida. Då blir resignasjonen, som iallfall store delar av Sergios kollegaer kjenner på, eit dårleg og umogleg alternativ.

Éin einaste engasjerte lærar kan prege liv på ein måte som skaper ringverknader for ettertida.

—  Alf Kjetil Walgermo
HÅP: Meksikanske «Radical», som er bygd på ei sann historie, viser korleis ein enkelt lærar kan utgjere eit hav av forskjell for elevane sine.

Tjuveri på lærarrommet

Den andre aktuelle lærarfilmen som har premiere i desse dagar, er tyske Lærerværelset. Her møter vi ein annan idealistisk sjetteklasselærar som ønsker det beste for elevane sine. Carla Nowak (Leonie Benesch) viklar seg derimot inn i trøbbel når ho på den eine sida forsvarer ein av elevane sine som blir skulda for tjuveri, mens ho på den andre sida klagar ein av dei tilsette for å stele frå lommeboka hennar på lærarrommet.

Lærerværelset peiker også mot aktuelle tematikkar vi kjenner frå den norske skulen, både i form av tjuveri, tillit, graden av forhøyr og dei vekslande dynamikkar mellom elevar og lærar. Om ein skule har nulltoleranse mot tjuveri, betyr det at ein kan presse elevar til å angi kvarandre, til dømes?

I tillegg kjem spenninga kring eit tjuveri som Carla fangar opp med ulovleg videoovervaking på laptopen sin: Har ho fanga den skuldige, eller har ho gjort ein stor og alvorleg feil? Og må ho sjølv møte i retten for lovbrot?

Dramafilmen er bygd opp med stigande spenningskurve, der nettet gradvis snører seg saman rundt ein hovudperson som berre prøver å gjere godt. Også denne filmen viser oss ein lærar som ønsker å hjelpe og rettleie elevane sine – som bryr seg om dei, men som også opplever å hamne i trøbbel på grunn av det. Carla, som Sergio i Radical, får kjenne både på makt og avmakt i klasserommet. Og kanskje er det avmakta som gjer seg sterkast gjeldande etter kvart.

TJUVERI: Carla Nowak (Leonie Benesch) viklar seg inn i vanskar når ho klagar ein av dei kollegene sine for å stele frå lommeboka hennar på lærarrommet.

Sentral samfunnsproblematikk

Det finst etter kvart mange gode spelefilmar om lærarar og skulekvardag, frå ulike kantar av verda. Det er ikkje lenge sidan den bhutanske perla Skolen ved verdens ende (2019) gjekk på norske kinoar. Etter tusenårsskiftet har vi også fått franske fulltreffarar som Å være og ha – en hyllest til livet (2002), ein dokumentar i regi av Nicolas Philibert, og Laurent Cantets spelefilm Klassen (2008), som fekk Gullpalmen i Cannes.

Dei to kinoaktuelle spelefilmane – Lærerværelset har premiere førstkommande fredag – føyer seg inn i ei interessant rekke av skuleskildringar på den kvite duken. Filmane rettar søkelyset mot ein sentral samfunnsproblematikk. Lærarane har kanskje aldri hatt det vanskelegare, og aldri har dei vel heller vore viktigare.

Utan skulen, stoppar samfunnet etter kvart opp. Utan læraren har vi alle tapt.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Anmeldelser