Anmeldelser

Paradiset ved muren til helvete

På utsida av konsentrasjonsleiren Auschwitz lever den nazistiske familien Höss i paradisisk idyll. Spelefilmen «The Zone of Interest» er eit djupt forstyrrande meisterverk.

Sjå trailer nedst i artikkelen.

Den internasjonale Holocaustdagen er ein årleg minnedag for ofra etter det største folkemordet i historia. Meir enn seks millionar jødar blei drepne av nazistane mellom 1938 og 1945. Å utrydde den jødiske befolkninga i Europa blei kalla for «den endelege løysinga».

Laurdag blir denne ufattelege tragedien markert over heile verda. I Noreg blir markeringa leia av den nye direktøren på HL-senteret, Jan Heiret. Utanriksminister Espen Barth Eide og rabbinar Michael Kohn er blant dei som står på talarlista.

Samtidig er det norsk premierehelg for spelefilmen som kjem til å stå att blant dei desidert sterkaste du kan sjå på kino i år. Regissør Jonathan Glazers The Zone of Interest er eit djupt forstyrrande meisterverk om Holocaust. Han føyer seg inn i øvre sjikt på lista over Holocaust-filmar du bør vite om, og aller helst ha sett.

---

FILM

  • The Zone of Interest
  • Amerikansk/engelsk/polsk drama
  • Regi: Jonathan Glazer
  • Skodespelarar: Christian Friedel og Sandra Hüller m.fl.
  • Aldersgrense: 12 år
  • Lengde: 1 t. 46 min.

---

Mens klassikaren Schindlers liste (1993) handla om ein nazistisk fabrikkeigar som får kickstarta sitt moralske kompass og går inn for å redde livet til så mange jødiske tvangsarbeidarar han kan, har vi i filmar som Livet er herleg (1997) og Sauls sønn (2015) vore på innsida av konsentrasjonsleiren. I Sauls sønn følgde vi det intense forsøket til ein ungarsk jøde som prøver å gravlegge ein død gut, moglegvis son hans, mens han utfører tvangspliktene sine i leiren. I dramakomedien Livet er herlig heldt Guido (Roberto Benigni) motet oppe ved å insistere på at leirkvardagen var eit gøyalt spel, der nazistane hamna i bakgrunnen for forteljinga.

I The Zone of Interest går kameraet ikkje på innsida av murane i Auschwitz, men følgjer kvardagslivet til kommandanten, oberstløytnant Rudolf Höss, og familien hans. Filmen følgjer altså gjerningsmennene framfor ofra. Samtidig teiknar nettopp biletet av ofra seg svært tydeleg for oss gjennom lydsporet i filmen. I store delar av filmen ligg utryddingslydane frå Auschwitz i bakgrunnen av den visuelle forteljinga, som på si side er prega av ein ubehageleg og kvalmande idyll.

Film/The Zone of Interest

Lyden av jødeutryddinga

Familien Höss lever i ei paradisisk parallellverd vegg i vegg med det største helvetet på jord, i ein villa med ein stor og vakker hage rett utanfor muren til konsentrasjonsleiren. Tilsynelatande utan tanke på dei menneskelege lidingane som går føre seg nokre meter frå dei, leikar dei med borna sine, les for dei på senga og steller i den vakre hagen. Oske frå konsentrasjonsleiren blir brukt på plantejorda. Det er så grotesk at eg nærmast slepp opp for ord.

Det er så grotesk at eg nærmast slepp opp for ord

—  Alf Kjetil Walgermo

Forteljinga om Rudolf og Hedwig Höss har filmskaparen henta frå romanen The Zone of Interest (2014), skriven av den kjente og no avdøde forfattaren Martin Amis. Sjølve tittelomgrepet blei av nazistane brukt som namn på området rett utanfor konsentrasjonsleirane. I denne sona går altså livet sin vante gang, mens dei høyrer – eller fortrenger – lydane av dei tvangsdeporterte jødane som kjem rullande inn med tog kvar dag. Flesteparten av dei blir gassa i hel eller skotne. Lyddesignar Jonnie Berns bidrag til denne filmen er substansielt, heilt frå den særeigne opningssekvensen der skjermen er svart i sikkert to minutt. Det er gjennom lyden vi kjem inn i filmen, og dei enorme kontrastane i bilete og lydbilete held oss fast gjennom store delar av forteljinga.

Det er på mange måtar ei påkjenning. Sympatien som regissøren skaper for familien Höss gjennom den innleiande piknikscena blir raskt vend til måpande vantru: Korleis var det mogleg for nazistane å ikkje ta innover seg dei enorme lidingane dei påførte andre?

Film/The Zone of Interest

Når det utenkelege blir normalt

Filosofen Hannah Arendts tenking kring «vondskapens banalitet» er eit substansielt underlag for denne filmen. Det utenkelege blir normalisert og det personlege ansvaret pulverisert. Oberstløytnant Höss (Christian Friedel) gjer berre jobben sin, mens han i det daglege er mest opptatt av at familien skal ha det bra. Hedwig (Sandra Hüller) er kanskje eit endå meir skremmande menneskeportrett: Ho er fullt klar over kva som går føre seg bak muren i enden av hagen, men er likefullt mest opptatt av trivielle gleder. No lever dei slik det alltid har drøymt om, seier ho på eit tidspunkt, med «alt rett utanfor døra». Det er ikkje krematorium og gasskammer ho siktar til, men den landlege idyllen med enger og elv. Livsrom, kort og godt, som var eit propagandaomgrep Adolf Hitler nytta seg av.

Filosofen Hannah Arendts tenking kring «vondskapens banalitet» er eit substansielt underlag for denne filmen

Familien Höss har livsrom i Auschwitz. Dette er viktigare for dei enn dei rundt to millionane (tala er litt usikre) som blir drepne i akkurat denne konsentrasjonsleiren. Dermed kan dagen fyllast med koseprat, blindebukk, hagestell og bading i det private svømmebassenget. Den narsisstiske og moralsk avkopla Hedwig kan prøve pelsar, kjolar og leppestiftar frå dei ihelgassa jødane utan kvalar. «Rudi kallar meg for ‘dronninga av Auschwitz’», seier ho til den besøkande mor si og ler ein trillande latter. «Du har verkeleg slått deg opp, jenta mi», svarer mora.

Oberstløytnant Höss sjølv har meir omsorg for syrinbuskane i konsentrasjonsleiren enn jødane han tek livet av. I arbeidet sitt er han opptatt av det praktiske, som at sirkelforma krematorium er det mest effektive for å ta livet av flest mogleg jødar raskast mogleg.

Film/The Zone of Interest

Ti års produksjonstid

Det skal noko til å gi truverdige portrett av det distanserte ekteparet Höss, men både Christian Friedel og Sandra Hüller leverer skodespel av ypparste klasse her. Det må ha kosta.

Det har nok også heile filmproduksjonen, som har tatt ti år, men så er det også Glazer ein regissør som brukar lang tid på filmane sine. Fire spelefilmar på eit kvart hundreår er ikkje svært mange.

Regissøren skal ha halde seg borte frå settet under innspelinga av filmen, som er skoten blant anna ved hjelp av skjulte kamera – begge deler er med på å gi spelefilmen ein dokumentarisk effekt.

Sjølv om eg lar meg sjokkere over korleis det går an leve eit innbilt lykkeleg liv side om side med, og med delansvar for, nokre av dei verste skrekkhendingane i historia, peiker likevel filmen mot valdspotensialet som ligg latent i oss alle. Nazistane som utrydda millionar var i all hovudsak ikkje monster, men menneske som vaska hendene og døyva ned sitt indre samvit.

The Zone of Interest er langt ifrå å vere ein historietime. Filmen er meir aktuell enn nokon gong. Om du rekk å sjå han på Holocaustdagen eller ikkje: Denne filmen er viktig, og du bør komme deg på kino! Ikkje for å ha ei hyggeleg oppleving, men for å bygge alt vi har av motstandsverk mot eit samfunn der menneske blir sett på som kolli, leveransar og overflødige.

---

Holocaust-dagen

  • 27. januar er den internasjonale dagen for å minnast massedrapa på jødar før og under 2. verdskrigen.
  • Datoen er vald fordi sovjetiske styrkar 27. januar 1945 frigjorde 7.000 fangar i konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau i det tyskokkuperte Polen.
  • Datoen vart fyrste gong markert i Norge i 2002, og i 2005 oppretta FN datoen som internasjonal minnedag
  • Ved Akershuskaia i Oslo vert dagen markert ved minnesmerket over dei norske jødane som vart sendt til utryddingsleirar med skipet Donau.

---



Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser