Anmeldelser

‘Oskar og eg’ er ei heilt nydeleg bok

Det er berre å seia det som det er: Maria Parr har gjort det igjen.

Ho let venta på seg, Maria Parr. Sidan første romanen hennar, Vaffelhjarte (2005), har ho berre gitt ut to romanar til: Tonje Glimmerdal (2009) og Keeperen og havet (2017).

Historia har vist at bøker frå Parr er verdt å venta på. Slik er det òg no. Den vesle romanen Oskar og eg. Alle plassane vi er er rett og slett ein liten skatt.

Å festa blikket

Eg tok meg sjølv i å gle meg over konsentrasjonen i forteljinga, komposisjonen, den dramaturgiske heilskapen, det presise språket, dei livfulle illustrasjonane og alt det fine som ligg mellom linjene.

Men mest av alt vart eg så glad for barneperspektivet. Det som gjer Maria Parr så god som ho er, er evna til å vita kor barnet festar blikket, kva det ser og korleis verda ser ut frå nett der dei er.

---

maria parr

Roman for barn

Maria Parr

Oskar og eg: alle plassane vi er

196 sider, Samlaget 2023

---

Oskar og eg handlar om storesøster Ida og veslebror Oskar. Ida er åtte år, Oskar fem. Søskena deler rom: Ida øvst i køyesenga, Oskar nedst. Gjennom eit lite år følger forteljinga dei to.

Ida er forteljaren, og viser gjennom måten ho fortel på korleis det er å vera barn og samstundes sjå at ein veks, at ein vert stor og noko endrar seg. Det fine er at ho skjønar kven ho sjølv er gjennom Oskar: Gjennom måten han leikar på, til dømes. Ida skjønar alt, kvifor Oskar gjer det han gjer, seier det han seier, reagerer som han gjer – men samstundes ser ho at det er på småbarnsvis, noko ho driv og veks frå.

Kjensla av å verta stor har Parr skrive om før, ikkje minst i Keeperen og havet. Men no går ho djupare og tettare inn i det når ho lar storesøster Ida fortelje om kvardagen med veslebror.

Det konkrete

I Sommer i P2 nyleg sa regissør Hilde Brinchmann at mange bøker for barn fortel om barna i tredje person i staden for å vera eg-forteljingar. I Oskar og eg har Ida total kontroll på historia. Dette er ei eg-forteljing, Ida er i sentrum i eige liv. Og måten ho fortel på, viser fellesskapet mellom dei to, det nære bandet mellom søsken.

Kapitla tar lesaren med til viktige stader i eit barneliv: Elva, onkelhuset, akebakken, furuhytta, stova og rommet. På desse plassane spelar kvardagslivet seg ut, og det er nett denne kvardagen Parr er så god på. Det er så lett å kjenna seg att både i hendingane og kjenslene, alt frå trampolinelengt til plumping i elv til kor lett det er å gløyme att skulesekken sin når ein tenker på andre ting.

Det som gjer Maria Parr så god som ho er, er evna til å vita kor barnet festar blikket

—  Karen Frøsland Nystøyl

Og i alt dette kvardagslege ser Ida at verda endrar seg for ho. Oskar spring sutlaust rundt, sjølv kjenner ho seg att – men frå ein distanse. Og forståinga Ida viser for alle dei små tinga i livet til broren, er breiddfull av kjærleik.

Det avgjerande perspektivet

Det er ikkje så ofte det kjem gode bøker på norsk for aldersgruppa 6–9. Altså bøker ein kan lesa høgt for barna, men som dei etter kvart kan prøva seg på sjølv. Det å gi dei gode forteljingar når dei sjølve jobbar med å knekka lesekoden og læra seg verktøyet, er viktig. Vi treng dette fellesskapet i lesinga. For opplevinga si skuld, men òg fordi det kan skapa ei lesetildraging hjå barnet – lyst på fleire gode forteljingar.

Og gode forteljingar har mellom anna det rampete, snertne barneblikket. Men vel så mykje har desse forteljingane dei rette detaljane. Ein ting er at Parr skriv om korleis hytta i skogen brått har vorte lita og stussleg for Ida, medan Oskar elskar ho. Noko anna er detaljane kring det å sova i underkøya versus overkøya (det er ein nydeleg passasje om nett det mot slutten av boka). Eller kjensla av å gå knask eller knep, slik Parr skildrar ho.

Eg skal innrømma ein ting. Eg var ikkje heilt overtydd etter første kapittel. Men tvilen forsvann raskt. For Oskar og eg er ei heilt nydeleg bok. Maria Parr, du har gjort det igjen.

Les mer om mer disse temaene:

Karen Frøsland Nystøyl

Karen Frøsland Nystøyl

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser