Anmeldelser

Thor Sørheims innsikter viklar seg ut av kvardagen

Den eksistensielle undringa og litterære eigentyngda gjer Thor Sørheims «Fullmånen» til dikting du bør unne deg å lese.

Ein diktar som diktar om månen? Kva er vel vanlegare, kva er meir typisk, litteraturhistoria sett under eitt? Men la deg ikkje lure! Sentrallyriske klisjear er ikkje noko for den rutinerte poeten Thor Sørheim, som fyller 75 år om nokre månader.

I den ferske diktsamlinga Fullmånen møter vi derimot lys av det slaget som poeten nyttar til å trenge djupare inn i dei store gåtene i universet. Noko av dette lyset kan minne om ... eg hadde nær sagt Guds lys. Tru og eksistensiell undring er iallfall ein vesentleg del av det Sørheim bringar til det lyriske torget, eit poesiens Areopagos, der den dikteriske samtalen kjem naturleg med eit minstemål av religiøs lengsle.

Brubygging

Den religiøse trua som ei form for brubygging mellom det jordiske og det himmelske kjem til uttrykk i diktet «Hva en tro kan bære». Her kombinerer Sørheim ingeniøren si innsikt i dei fysiske lovene for eit vellukka bruspenn, og den truande si undring på ein standplass som kan vere både vaklande og solid i det samanføyingane blir testa. Eg siterer diktet i sin heilskap:

Den som vil bygge ei bru eller finne holdepunkter

for en tro, må først måle og regne ut hvor mye

de faste fundamentene skal tåle av overgang og

motgang. Ved slike anledninger gjelder det å finne

grensen for den vekt som skal legges på de avgjørende

sammenføyningene av tro og viten. Hva ei bru

kan tåle, og hva en tro kan romme vil alltid

bli målt med utgangspunkt i undringens akseltrykk.

Allereie i det neste diktet gir poeten oss eit innblikk i lengsla etter Gud, likna med ein mystikar si famling etter ein gneiste. Den storslagne lengten etter det aller største utsynet viser seg likevel – som for dei fleste av oss – å resultere i eit fall, pladask, på «snarvegen over det nyslåtte jordet». Først då når poeten fram til erkjenninga som kvar og ein av oss kan bygge eit liv og ein livsveg på: «Du må klore deg fast til håpet med åpne hender.»

Mange års visdom

Innsikter som dette, både slåande og enkelt formulert, ber bod om ein diktar som har mange års visdom internert i sitt skapande verke. Sørheim går i møte med naturen, kunsten og samfunnet ikkje for å smi fengande slagord eller mane fram billige kjenslereaksjonar. I Fullmånen les vi ein poet som er poet med kvar trevl i kroppen, ein som stoler på eigentyngda i orda han ber fram og lar den rolege refleksjonen få utspele seg under undringa sin himmel.

---

thor sørheim

Lyrikk

Thor Sørheim

Fullmånen

48 sider, Gyldendal 2023

---

Ikkje for det; Sørheim er ikkje framand for meir fleskete uttrykk. Somme hugsar han kanskje som ein av stuntpoetane på første halvdel av 1980-talet; andre har kanskje lese om aksjonane deira i Sørheims sakprosabok Stuntpoetenes historie (Flamme, 2016).

Eg skal ikkje bruke mykje plass på Sørheim som stuntpoet i denne samanhengen – den historiske epoken ligg då også 40 år tilbake i tid – men kort nemne dei sterke verkemidla poetane tok i bruk for å insistere på det viktige ved poesien. Dei kuppa pressekonferansar, kutta bokstavar frå namnet til kulturministeren (Langslet blei til Angst utan bokstavane L og E) og rana 5000 utrangerte bøker frå Notodden bibliotek – alt i poesien si teneste.

Nødvendig engasjement

Eg kan ta meg i å sakne det ivrige engasjementet for lyrikken som låg til grunn for stuntpoetane sine aksjonsformer (men eg oppmodar ikkje til å rane bibliotek). Engasjementet for poesien var nødvendig den gongen, og er ikkje mindre nødvendig i dag. For burde ikkje avisene kaste seg over boka når ein poet som Sørheim – ein av nestorane i den norske lyrikken, i «generasjonen» etter Paal-Helge Haugen, Eldrid Lunden og Jan Erik Vold – er ute med noko nytt? Men nei, slik fungerer ikkje den moderne medierøynda. For alt eg veit, er eg den første som melder Fullmånen.

I botnen av dikta ligg det ein grunnkamp for menneskeverdet, at alle menneske har lik verdi

—  Alf Kjetil Walgermo

Som 74-åring lar uansett Sørheim poesien tale for seg, og han talar godt. Den poetiske krafta hentar diktaren frå vidt ulike kjelder. Han lar seg inspirere av biletkunst av Gerhard Richter og Anselm Kiefer, men også av ein turistbrosjyre. Han lar seg inspirere av naturen, men også av flaumlyset frå fotballbanen.

Poet Thor Sørheim. Leire

Alle menneske har lik verdi

I botnen av dikta ligg det ein grunnkamp for menneskeverdet, at alle menneske har lik verdi. Det blir ikkje ytra pompøst, som frå ein talarstol. Nei, Sørheims innsikter viklar seg ut av kvardagen. Frå denne høgst jordnære posisjonen kan poeten nærme seg det metafysiske, men samtidig bli ståande med begge beina godt planta i bakken.

Eg vil avslutte denne meldinga med å sitere diktet «Fuktig sol», også meint som ei mild oppmoding til lesarane om å gjere seg kjend med Sørheims lyrikk. Det er han verdt.

Fuktig sol over sletta under Svartberget

gjør graset grønnere selv om høsten gulner.

Nakne løvtrær kleber seg til himmelen,

som flanellografen gjorde det i barndommens

bibelhistorie. Jeg er fortrolig med bilder

som dukker opp, og jeg har hatt gode syner

i kirkerommet og i det lille som er igjen

av fri natur. Jeg tror på en verden som skapes

på nytt og på nytt i menneskeverdets hender.

De store historiene hører hjemme

i himmelen, med utsyn mot livet som leves

i hovedgatene og i skammekrokene. Alle liv

er like mye verdt. Jeg hører en røst: Så blir

de stående, disse tre: tro, håp og kjærlighet.

Og størst blant dem er hverdagen.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser