Anmeldelser

«Djønnes farsportrett er noko av det mest opprørande eg har lese på lenge»

Leander Djønnes debutroman er ei mørk og vellukka blanding av norrøn sagalitteratur, Jon Fosse og Quentin Tarantino.

Eg skriv denne bokmeldinga på den mørkaste dagen i året. Det er eit tilfeldig samanfall, men gir god meining i møte med Leander Djønnes Oskespiralen. Debutanten frå Hardanger gir oss ei mørk og hardkokt forteljing om ein dysfunksjonell familie, der to tvillingbrør finn saman etter mange år og dreg heim att til garden for å ta eit oppgjer med faren.

Djønnes farsportrett i romanen er noko av det mest opprørande eg har lese på lenge, ein mann med steinhjarte i staden for farshjarte, ein far som hundsa og mishandla familien sin så lenge han hadde dei buande hos seg.

Tvillingbrørne, berre kalla Sonen og Broren, har fått ulike livsforteljingar sidan barndommen. Den eldste, Sonen, slepp i romanen fri frå fengsel etter å ha sona ni år for vald og drap. Han er eit menneske på randa av stupet, med éin fot i grava, eit menneske som har vore utsett for svik på svik. Broren har ei leiande stilling i ei stødig bedrift og er aktiv i ei lokal frikyrkjeleg forsamling. Han siterer bibelvers for eit kvart høve, har ønske om å bringe lys og frelse til verda, men er samtidig tynga av sine eigne brot, ikkje minst mot Sonen.

Broren har ikkje tatt kontakt med Sonen på ni år. Ikkje eingong meldinga om at mor deira er død, har han brydd seg med å formidle vidare. Gravferda gjekk føre seg utan Sonen til stades. Samvitskvalane melder seg hos Broren samtidig med at Sonen har sona ferdig dommen sin.

---

ROMAN

  • Leander Djønne
  • Oskespiralen
  • Forlaget Oktober
  • 217 sider

---

Storslege fortald

Dei ytre rammene for forteljinga er nokså reinskorne: Bror møter bror og dreg heim att til farsgarden, i eit frykteleg uvêr. Brorens mål med ferda er å syne bror sin og far sin frelsa. Sonens mål er hemn.

Det storslegne ved Oskespiralen er måten denne mørke og dirrande historia blir fortald på. Djønne skriv korthogd som ein norrøn sagaforteljar, med eit ordtilfang og eit eksistensielt nivå som kan gi assosiasjonar til Jon Fosse. Forfattaren kombinerer eit realistisk, eller snarare eit naturalistisk, handlingsplan med eit metafysisk. Ikkje minst spelar den avdøde Mora ei viktig rolle i spennet mellom svart fjell og glødande lys. «Lysande mørker», den djupe innsikta som pregar mykje av Fosses litteratur, er i stor grad til stades også hos Djønne.

Dermed maktar han også å gjere det mogleg å lese om mørket som breier seg frå den avsidesliggande garden under ura, eit slags Mordor på Vestlandet, ein gudsforlaten plass med ein steinbrytande tyrann i djevelsk utfalding.

Overgår alle forventingar

For den som primært ønsker seg kos og familiehygge denne jula, er tipset å vente med Djønnes roman til over nyttår. Men boka bør lesast. Ho blei også nyleg nominert til Lytternes romanpris (tidlegare P2-lytternes romanpris), og kjem til å bli diskutert på radio i tida framover.

Som debutantverk overgår Oskespiralen alle forventingar. Språket er overtydande og effektivt. Handlinga lagnadstung og eksistensiell. Ambisjonsnivået skyhøgt, slik det blir fortald inn mot grenseoppgangen mellom liv og død frå begge sider, og frå både dødt og organisk materiale. Leander Djønne, som også er biletkunstnar, lærar og gardbrukar, er rett og slett forfattar frå første bokside.

Som debutantverk overgår Oskespiralen alle forventingar

—  Alf Kjetil Walgermo

Truverdig religiøst plan

Det religiøse planet i romanen er truverdig, med hyppig bibelbruk og skildringar blant anna frå den kristne forsamlinga, og nyskapande, med passasjar som kan seiast å dra næring av visjonslitteraturen. Brorens religiøse refleksjonar balanserer mellom det bedehus-pietistiske og det villfarne når suget etter hemn blandar seg inn i det fromme ønsket om forsoning og frelse.

Og det er her Djønne minner litt om den amerikanske filmskaparen Quentin Tarantino, som i fleire filmar (bl.a. Kill Bill) har utforska hemnmotivet. Oskespiralen er også ei hemnforteljing i fleire lag, der både menneske og natur vil ha eit ord med i laget.

Når det kjem til den nye norske skjønnlitteraturen, får eg assosiasjonar til den avdøde forfattaren Jan Roar Leikvoll, også han vestlending. Som Leikvoll maktar også Djønne å skrive fram menneskeleg råskap i poetisk og vakker prosa.

Først og fremst skal likevel Leander Djønne rosast for å ha utvikla si eiga litterære stemme, som med stødig særpreg gjer debutromanen hans til noko av det beste eg har lese i år. Litteratur for pyser er det ikkje. Dystert til tusen. Men Oskespiralen ber med seg sitt eige spesielle lys. Ein strålande debut, rett og slett. Råsterkt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser